Gå til hovedinnhold

Kritisk journalistikk er ikkje det same som negativ journalistikk. og NRKs innlegg i dagens BT er ... ja

Innlegget frå NRK i Bergens Tidende (BT) var kort sagt litt, ja.. NRKs siste innlegg i BT osar av dårleg sjølvtillit og defansiv haldning. Les berre dette eksempelet av ein kommentar som er henta frå min kronikk i Klassekampen om dei sløve lokalmediene, og dette svaret viser at ja, dei har heller ingen debattkultur, sjølv på lederplan:

(det er henta frå at Haugsbø kritiserer mangelen på gravekultur i sogn og fj-mediene)
– Haugsbø har alltid hatt eit godt og tydeleg sjølvbilete. No har han i tillegg budd fleire år i hovudstaden, og då kan vi ikkje forvente at han skal ha respekt for kollegaer i mindre redaksjonar i Utkant-Noreg, svarte redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen.

Kva er dette slags utspel? Det går ikkje utover den godt etablerte Haugsbø, sitatet smeller som ein bomerang tilbake på NRK. Kva slags haldingar er det mediehuset i Førde frontar? Sitat som det Sanne-Gundersen frontar er ikkje direkte positivt imagebyggande.

Les Hilde Sandviks kommentar i BT Lenge leve lokalavisa.

Her er eit sitat: "UTGANGSPUNKTET FOR lokalavisdebatten er det Anne Viken, og etter kvart fleire av debattantane, opplever som mangel på kritisk offentlegheit i fylket. Det har også eit heilt konkret utgangspunkt. Det er åtte lokalaviser i Sogn og Fjordane, alt for mange, har mange hevda. Det finst ikkje eitt samlande forum for debatt i fylket. "

Les Gulen-ordførar Trude Brosvik (Krf) sitt innlegg i BT her.
Innlegget ber passande nok tittelen: Distriktsstemma. Lenge leve offansive lokale politikarar som tar debattane på alvor og hevar ei konstruktiv stemme over media gir seg med.

Utdrag frå Brosviks innlegg i BT: "FØR FØRRE STORTINGSVAL var det mykje snakk om å sjå ting med «Oslo-briller». Dette vert forsterka dersom det ikkje er ein levande og djuptgripande debatt i lokale og regionale media. (...) Det er vanskeleg å få auge på skiljelinene i lokalpolitikken. For fylkespolitikken er det eit sakn at vi ikkje har ei stor og samlande avis i Sogn og Fjordane. (...) Kritisk journalistikk er ikkje det same som negativ journalistikk."

Finalepoenget til Brosvik er genialt! Kritisk journalistikk er ikkje det same som negativ! den som set likheitsteikn, veit ikkje kva han/ho snakkar om.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...