26. jul. 2008

Dei sløve lokalmediene - originaltekst i Klassekampen 21.juli 2008

Eg køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og møter ein politikar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt kjekt for ho at ho kan drikke kaffien sin i urørt natur, og operere som ho vil langt unna medias kritiske søkjelys, men på den andre sida hadde det og vore behov for kritisk og avslørande journalistikk også her ute, meiner ho.

– Kvar er journalistane, spør ho oppgitt?
Men journalistane er her.

16. april stod saka «Syre på munn og hender» på trykk i Firda. Ei anonym mor fortel at sonen fekk batterisyre på hendene då han leika med ein bil kjøpt hos Biltema i Førde. Årsaka til at mora er anonym, er at kvinna sjølv er journalist i Firda. Er dette korrekt måte å bruke anonym kjelde på?

19. april står saka «Sterkt innsamlingspress» på trykk i Firda. Ei anonym kjelde som ikkje sjølv har ungar i Bygstad barnehage seier til avisa at foreldra i barnehagen blir utsett for eit stort press i samband med dugnadsarbeid. Ingen andre kjelder er brukt for å stadfeste påstandane. Eg etterlyser kjeldekritikk og rettsvern for den som får slik kritikk retta mot seg frå anonyme kjelder.

Ver varsam-plakatens punkt 3.3 seier om anonyme kjelder: «Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt, er korrekte. Dersom det vert brukt anonyme kjelder, må det stillast særlege krav til kjeldekritikken.» Ein slik bruk av anonyme kjelder som dei to Firda-sakene er eksempel på, kan true rettstryggleiken til dei som blir omskrivne.

Riksmedia bruker liten energi på å dekke «utkantar» som Sogn og Fjordane. Ein og annan designreportasje frå bygda om Moods of Norway, festivalsommar eller badereportasje kan ein lage med jevne mellomrom, men bortsett frå dette kan lokalmedia og lokalpolitikken, i stor grad
segle ufortørna av stad på sin eigen urørte fjord. Men av og til entrar større medium den lokale arenaen for å sikre seg godbitar.

Vest Tank-skandalen i Gulen er eit eksempel på ei av dei største skandalesakene i Sogn og Fjordane siste åra. Her var rikspressa til stades, blant anna arbeidde underteikna sjølv med Vest
Tank som journalist i Klassekampen i fjor sommar. Med lokale kontaktar i Sogn og Fjordane var det ei smal sak å ta nasjonal nyhetsleiing frå eit kontor på Grønland i Oslo. Kvar var lokalmedia? Firdas dekning av Vest Tank-skandalen er i stor grad siteringssaker frå Bergens Tidende:
«Laurdag stadfesta Statens Forureiningstilsyn (SFT) overfor Bergens Tidende at tankane på Vest Tank inneheldt dødeleg gift då dei eksploderte 24. mai i fjor.» («Alvorleg sjuke i Sløvåg», firda.no 8. juni 2008).

Bergen (ANB-NTB): «En rapport viser at mange fremdeles sliter med helseplager etter eksplosjonsulykken i Sløvåg i Gulen kommune i fjor. (...) – Rapporten viser at flere fremdeles har mer plager enn det vi trodde i vinter, sier ordfører Trude Brosvik i Gulen kommune til
Bergens Tidende.» («Krever gransking etter Sløvåg-ulykken», firda.no 17. juni 2008).

Oslo (ANB-NTB): «Det nederlandske selskapet Trafigura er anmeldt for å ha levert ulovlig avfall til Gulen kommune i Hordaland. – Trafigura hadde ikke tillatelse til å levere farlig avfall i Norge, sier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT til Bergens Tidende.» («Ny anmeldelse i Vest Tank-saken», firda.no 21. juni 2008).

– Kva er det med Sogn og Fjordane? Kvifor er redaktørane der meir bakstreverske og gnitne enn elles i landet? Er det fordi dei sjølve ikkje har røynsle med å drive god undersøkjande journalistikk, og ikkje ser verdien i å la journalistane sine bli gode på det, spurde
SKUP-leiar Håkon Haugsbø («SKUP-leiar skuffa over Sogn og Fjordane», www.nj.no 1. april 2008), då NRK Sogn og Fjordane berre ville betale SKUP-seminaret i Tønsberg i 2008 for ein einaste journalist. (SKUP erforkorting av Stiftelsen for en Kritisk og Uavhengig Presse.)

– Haugsbø har alltid hatt eit godt og tydeleg sjølvbilete. No har han i tillegg budd fleire år i hovudstaden, og då kan vi ikkje forvente at han skal ha respekt for kollegaer i mindre redaksjonar i Utkant-Noreg, svarte redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen.

Ein skal med andre ord ikkje komme her og komme her. Haugsbø kjem sjølv frå Sogn og Fjordane. Kan vere dei kunne trenge at han kom tilbake, men Haugsbø har eit poeng. Det er ingen kultur for gravejournalistikk i Sogn og Fjordane.

Journalistikken påverkar i sin tur debatten.

Kulturdebatten i avisa Firda i Sogn og Fjordane har dei siste månadene i stor grad prega av tre aktørar som alle frontar sine saker innanfor sine område både i form av saker og lesarbrev. Vi har filmskapar Randi Førsund som vil ha hundre millionar kroner til vikingfilmen «Hemnen», teatersjef Terje Lyngstad som kranglar med politiet om kor vidt han kan få lov til å burne med bil i Førde sentrum teateroppsettet av Burn baby burn, og kunstnar Stig Eikås som heile tida snakkar om at han har sett opp nye statuar av stein.

Både film, teater og kunst er interessante tema i den allmenne samfunnsdebatten, men slik som desse tre og deira saker vert framstilt, framstår dei nesten utelatande som underhaldningskaninar. Problemstillingane vert framstilt som smale, eindimensjonale og
eineståande fenomen utan kontekst og analyse, berre med lokal fokus på det «sensasjonelle og basic tabloide»: Førsund vil svømme Sognefjorden på langs om ho får pengar til filmatiseringa av «Hemnen», Lyngstads mann misser lappen når han burnar for BTs fotograf, og Eikås vil gi
mange tusen kroner til den som spraya statuen av Gjest Baardsen i Sogndal raud.

Desse tre kulturaktørane framstår som flate og uinteressante, og kven sin feil er dette? Ein kan spørje seg om det er Eikås, Førsund og Lyngstad som er enkle sjeler utan kompetanse, eller er det framstillinga og dei som framstiller som det er noko gale med.

Fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad, ønskjer seg fleire kritiske kulturjournalistar i fylket. Eg er einig med Erikstad som sa til Firda at journalistane ikkje alltid ser ut til å vere så godt skolerte. Når journalistens kompetanse sviktar, går det ut over intervjuobjektet som ikkje kjem skikkeleg til orde, og i andre omgang lesaren som får servert dårleg stoff.

Men dette går ikkje berre på kunnskap om film og steinkunst hos journalisten, det går også på evna til å grav fram kunnskap som belyser sakene i eit vidare perspektiv enn her og no-fokuset dei tilno har fått, men researchen uteblir, og den offentlege debatten gjekk etter kvart over til å diskutere kven som bør vere i det offentlege rom eller ikkje.

Firda-journalist Katrine Sele skreiv i ein kommentar i Firda 3. mai at ho ser det som eit symptom på noko ufriskt i Sogn og Fjordane at dei stormannsgalne kulturaktørane Eikås og Førsund får så mykje plass i media i fylket. Forskar og fylkessynsar Georg Arnestad følgde i ein
kommentar i Sogn Avis opp med at den stormannsgalne filmskaparen Førsund har brukt opp taletida si.

Å kalle dei stormannsgalne blir å rette bakar for smed, eller kjelder for medium, men eg er einig med Sele i at det heile er teikn på noko ufriskt. Debatten og journalistikken heng unekteleg saman, og det ser ikkje ut til å spire og gro verken i den gravande kritiske journalistikken, eller blant potensielle samfunnsdebattantar.

Sogn og Fjordane har ein mangel på kritisk journalistikk og gode kommentatorar, og lokalmedia her har, og vil truleg, dessverre, ha monopol i lang tid framover. Og dette monopolet nyttar dei
tilsynelatande, ikkje til å skrape saman kritiske saker som kan gravast fram i fred og ro, langt unna dei nasjonale medias søkjelys, men til å lene seg godt tilbake. Langt unna fjerde statsmakts
nasjonale søkjelys, kan ein lett gøyme bort ukritisk journalistikk.

Det verkar ofte som om lokalmedium kan slappe av med at dei er lokalmedium: Vi er lokalmedium, ikkje riksmedium. Vi kan ikkje levere same kvalitet. Vi har ikkje like gode folk heller, sa ein journalist til meg.

– Ein kritisk samfunnsdebatt og kritiske medium, stiller i sin tur krav til politiske vedtak. Dette blir i liten grad gjort, hevda ordføraren og rulla opp ei liste saker med store offentlege konsekvensar som kutt i skule. Spørsmålet eg landar på er: Kvar er då ambisjonane for journalistikken?

«Dei siste åra har Bergens Tidende satsa meir på debatt- og kronikksidene fordi avishuset ser den opne og informerte debatten som noko av det viktigaste huset kan halde på med,» skreiv debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, på kommentarplass i april. Ver varsam-plakatens punkt 1.2 seier "Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk." Journalistikk som kunne ha løfta nivået på samfunnsdebatten, stilt
høgare krav til lokale politikarar, bidrege til høgare grad av kritisk refleksjon rundt politiske vedtak og næringsliv, som også kanskje kunne ha bidrege til at fylket i større grad makta å hevde seg nasjonalt i kampen om gode og ressursar, tenker eg, men eg er ein utflyttar, og slike er mange lokale skeptiske til.

Men ein fordel har eg. Eg treng ikkje leve kvar dag blant alle dei som blir sinte når eg seier «Brenn bunadene- skaff fjordfylket eit nytt image». Det må dei lokale journalistane. Kanskje er det difor dei er så feige? Kan ein seie at mangel på gravande journalistikk og kritisk, kunnskapsbasert kulturdekning er med på å bringe fylket i bakleksa ved å verken grave, krevje kompetente deltakarar eller reelle endringar som kan drive samfunnet framover?

Reaksjoner på innlegget

Kos, kor og konfirmasjoner kronikk i BT av Svenn Arne Lie, master i sammenlignende politikk, UiB