Gå til hovedinnhold

Kristen nestekjærleik og toleranse

I år 2011 kan ein spørre seg om "kristen-Norge" tek hensyn til nestekjærleik og toleranse, eller om dette er reglar som gjeld kun for andre.

Inger Lise Hansen blir ikkje gjenvalgt som nestleiar i Krf, og ingen er vel overraska. Krf viser sitt sanne ansikt. Der er for lite takhøgde. Krf er ikkje eit parti som er klare til å ta på alvor det vi anser som menneskerettar, nestekjærleik og likebehandling av mennesker i år 2011. Altså homofile. I Krf kan dei heller ikkje godta at ein nestleiar i partiet kler seg akkurat som alle andre kvinner på hennar alder. Nei, der går grensa. Hansen må sjå til å få på seg stakken. Her praktiserer vi reglar frå forje tiår, eventuelt forje hundreår
Einaste skilnaden er at Hansen havna i VG. Det var kanskje ikkje så bra, gitt gubbeveldet som veltar fram frå Krfs indre korridorar. Med anstrengte miner og store tankar om nestekjærleik, verdivalg og takhøgde, berre dei slepp utøve det sjølv.

Men det stansar ikkje her. Episodar frå kristen-Norge framstår tidvis som eit underhaldande, og litt trist, show.

Presten i Østre Gausdal risikerer å miste jobben sin grunna buplikt i prestegarden. Opplysningsvesenets fond godtek ikkje at presten kan få bu i eit bustadfelt ein halvtime unna. Det heile er surrealistisk. Eg kan neppe tenke meg at det står noko i skrifta om at prestar skal bu i prestegard. Og sjølv om dette var påbode rundt år 1800, den tida då handlinga i Trygve Gulbranssens bok «Og bakom synger skogene», utspelar seg og ein framleis køyrde hest og kjerre og trudde på huldra, så betyr ikkje dette at regelen er hensiktsmessig i år 2011. I år 2011 framstår den som i sterk utakt med samfunnet som presten er ein del av. 

Prestens ve og vel, nestekjærleik, burde ha høgare verdi enn ein prestegard. Er bustad i ein prestegard verkeleg viktigare enn å la presten få preike guds ord? Er ikkje ordet viktigare enn prestegarden, eller er det fasaden ein forsøker å halde på? Ein fasade frå ei anna tid? Prestar må vel kunne bu i rekkehus som andre folk.

I Sogn og Fjordane fekk ein kvinneleg prest beskjed om å gifte seg før ho kunne få fast stilling. Dette aksepterte presten, men eg synest saka er interessant likevel. 
 
Det er ingen menneskerett å vere prest i den norske kirke, uttalte biskop Halvor Nordhaug til Sogn Avis. Nei, sjølvsagt ikkje. Det er heller ingen menneskerett å vere ingeniør. Men i den norske kirke gjeld heller ikkje dei same etiske reglane basert på likeverd og respekt for mennesker som i andre sektorar. Her får legning, singelstatus og den slags som du ville bli domsfelt for å vektlegge i andre yrker, hovedvekt alt etter kvar geografisk område ein befinn seg i, og kven som der er sjef. Atter eit unntak frå regelen om nestekjærleik, etikk og respekt for arbeidstakarar. Så får ein heller drive hor på si, så sant kjæresten bur i eit anna hus. Har det virkelig noko å sei? Om ein har sex med sambuaren i same hus som ein bur i, eller med kjæresten i eit anna? 
 
Det er vel ikkje påbod om sølibat i Den Norske Kirke? Skal ein då berre vere gift for sikkerhetsskuld, i tilfelle ein har sex, slik at ein ikkje har sex utanfor ekteskapet? Er det ekteskapet som fasade, som rituale rituale eller er det utenforekteskapleg sex som er årsaka til at ein prest må vere gift? Og er det riktig å gifte seg for å få ein stilling? Guds heilage ekteskap i byte med cash og fast jobb slik at fasaden kan haldast? Eg kan aldri tenke meg at alle prestar i kirka ventar til ekteskapet med å gå til sengs. Litt realitetsorientering må vi også ta med oss. Minnar om spel for galleri.

Hanne Nabintu Herland tordnar fram i mediene med ein aggresjon som tidvis tippar over i den glade komedie, som under foredraget for Bistandsnemnda. Det var hat ho predikerte, ikkje toleransen ho set så høgt.

På same tid har vi Nina Karin Monsen som fordømmer homofile og lesbiske, visstnok til vårt alles beste og utfrå nestekjærleik og eit godt menneskesyn som rett nok ikkje gjeld for alle, medan Gelius blir sparka på hue og ræv ut dørene av biskop Kvarme etter å ha gitt ut bok på Juritzen forlag. 

Eg kan med mitt beste vett ikkje forstå at den sjikanen som Monsen framfører mot tusentals mennsker i det norske samfunn er god kristendom. 

 I 2011 blir det nemlig av svært mange oppfatta som sjikanøst å omtale lesbiske og homofile som mennesker som er ein fare for eigne barns utvikling. Monsen vil ikkje greie å snu opinionen. Gjer ho det av eige behov for å frå fram sine haldningar, eller gjer ho det for å hjelpe sine medmenneske? 

I år 2011 er det ein del mennesker som nok vil spørre seg om kristen-Norge tek hensyn til nestekjærleik og toleranse, eller om dette er reglar som gjeld kun for andre. Ikkje for dei sjølv. Dette er verdt å tenke nøye over.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...