Gå til hovedinnhold

Viktig, viktig: Ica-egg blei kylling!

Dagens mest interessante sak i norske nettmedier er denne om egget som blei til ein kylling.


I denne forbindelse presenterer eg, som sjølvutnevnt tamfuglelsker, mine favoritthøneraser, svar Minorka

From Anne Viken-blogg


og fransk Mille fleur

From Anne Viken-blogg


Desse to rasane kan du ha om du vel å forlate byen for å flytte på landet, slik ein av tre Oslo-folk har lyst til.

Årsaken til at du bør velge Minorka, er at dei er veldig gode til å fly, tar kjappe svinger, kan snu på ein femøring samt at dei gjerne sit på skuldra di. Mille Fleur er veldig små, får plass i ei skoeske, og kan erstatte hageblomster. Du får dermed både kjapp skulderpynt og lite hagearbeid på kjøpet om du vel å skaffe deg farm på bygda.

For deg som er avansert og dedikert, anbefaler eg også påfugl. Sjølvdrivne, høglydte dyr som ikkje får plass eingong i ein skobutikk.

Inch Allah

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn