Gå til hovedinnhold

Alle kvinner: pass opp for symmetriske menn!!

Er du kvinne og ser etter ein fast partner? LIGG UNNA SYMMETRISKE MENN! Eventuelt play around med ein symmetrisk hottie, mens du søker etter ein skeiv partner som kan ivareta deg og dine barn på sikt. Du kan ikkje få både i pose og sekk, må vite. Symmetriske menn bedrar deg og stikker av til neste babe, mens den usymmetriske mannen, som diverre ikkje er i stand til å gi deg like gode orgasmer, blir hos deg for evig! Romantikk!! Og om du ikkje ønsker deg skakke barn: ver utro med symmetriske menn!! Sei ingenting til din skakke partner, og han vil leve lykkelig utan å vite! Han blir eit offer for evolusjonen, du blir ein vinner! DU får ein mann som tar vare på dine barn, din mann lever lykkelig og skakt uvitende om at han fosterer opp ein annan manns genetiske avkom, og den symmetriske, utro mannen som gir deg FANTASTISKE orgasmer, får spredd sine gener og skaper enda fleire symmetriske menn som kan ride rundt på damene medan dei skakke oppdreg barna deiras.

GOD SJEKKING!!!

The Female Brain

Årsaken til min umiddelbare innsikt i dette med symmetriske og usymmetriske menn, er at eg har lese svært grundig boka The Female Brain av Louann Brizendine. Det er fasinerande lesestoff, men eg er uenig i mykje av innhaldet, blant anna dette med at vi alle har steinalderhjerner som styrer våre handlingar utfrå sosiale samhandlingsmønster i den såkalte steinalderen. Der er nemlig eit problem: vi har ingen detaljert kunnskap om sosiale samhandlingsmønster og kjønnsroller frå den tida. Alt blir ergo hypoteser, og ganske spekulativt sådan. I mellomtida er eg skeptisk til symmetriske menn;)

Les meir om boka her.

I min jakt på å altomfattande kunnskap og innsikt i evolusjonspsykologi og anna biologi (prosjektet er å avsløre teorien bak tesene) leser eg også Why is sex fun? av Jared Diamond, og foreslår at han skrifter navn på boka til "How to make sex boring" (har han glømt å redigere manus før han ga det ut?) Steven Pinkers "The Blank Slate" er derimot interessante greier. Eg er på veg mot totalt og altomfattande hjernevask, eventuelt mot ekstrem innsikt i fiendens leir.

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...