Gå til hovedinnhold

Ari Behns bok Vivian Seving etc - hard kost for kongeriket Norge

Eg har gitt meg i kast med Ari Behn. Etter å for mange år sidan ha lese Bakgård og syntes den var alright, samma med Trist som faen, var det tid for å prøve seg på sist utgitte. Behn har ein fortellerstil som er ganske spesiell. I starten tar ein seg i å tenke at "dette er vel sært". Veldig sært. Men så, etterkvart, når biter av storien porsjoneres ut, og ein får stadig større innsikt i hovedpersonen: den kjønnsopererte prinsessa av Freiburg, hetrofilt gift med prins Franz som tidlegare var kjæreste med Tysklands desiderte kjendisblogger, ein skinhead frå Berlin, så lar ein seg litt fascinere av at Behn gir ut ei så speisa bok i lille kongerike Norge. For dette er ikkje heilt dagleg kost, meg bekjent.

Undertittelen er: «Sladder, forskyvninger og andre overdrivelser om en prinsesse og hennes samtid - en satirisk skisse».

Vanlegvis er eg superskeptisk til ny litteratur av folk på min alder eller yngre eldre. Monsterskeptisk. Og dønn konservativ, antageleg. Liker best historiske romaner, har fått snusen på fantasy. Deriblant Skogland-serien som definitivt kan anbefales, og da er det kanskje ikkje så rart at ein finn Behns bok ganske sprelsk.

Då Vivian Sevin etc kom ut, sa redaktøren hans, Kari Marstein i Gyldendal:

–Han er skikkelig «breial» i boken. Det er veldig morsomt. Han tør å leke. Tenk deg å skrive fra det ståstedet og være så uredd! Link. 

Og nett det same tenkte eg. Behn er faktisk ganske modig som tørr vere Behn i norsk dønn konservativ offentlighet. Han er ganske sprek som tørr å mekke ein slik roman. Men kritikarane var ikkje eintydig positive. Og ganske riktig. Kritikarane kalte boka for ei blass historie (NRK). Marta Norheim skriv at ho er skuffa over boka, jamført kva den har vore marknadsført som, nemleg sterke saker.

Men dette er da sterke saker. Det viser medias respons oss tydeleg: dei liker det ikkje. Sjølvsagt ikkje. Og dette var heilt sikkert Behn klar over sjølv da boka blei slept. Den sterke saken ved denne boka er at den er ganske annleis enn det meste anna. Det er ingen fintfølande roman om ein mann som sit heime og savnar eksen som har bykst på elva. Dette er ei bok som er for absurd til å gå inn hos det litteraturskolerte Norge.

Den er absurd. Ei kjønnsoperert tysk prinsesse, enke fordi mannen døde av aids og overdose, som deltar i bondereality med stereotyp bondemann i bunad som spelar fanitullen på fele ved kvar anledning. Vivian vart utkasta av den Freiburgske familien då dei fann ut av ho er ein kjønnsoperert mann frå Norge, ikkje ei vanleg kvinne frå Canada: Vivian av Montreal.

Vivian er ei god sjel som kjempar ein håplaus kamp mot medias framstilling av henne, og mot andre sine fordommar og jakt på overskrifter. Sånn sett er ho i same situasjon som Behn og prinsesse Märtha. Eg hadde lagt meg ned og sjølvdauda om eg var kongelig. Det er iallefall sikkert. Dei er sjanselause i media og sjølvsagte offer for tabloidene.

Vivian vert avkledd og latterliggjort, bur på eit realityhostel i Oslo, blir rana for pengene ho får for å stille opp saman med bonden på fela i eit vekeblad, og latterliggjort fordi ho stiller opp i vekeblad. Til slutt vert ho putta i ein gapestokk og forsøkt drept. Det er heilt absurd, men ein får medfølelse med Vivian som er så sjanselaus mot media. Til og med når ho reiser til Israel blir ho fotfulgt, og fulgt i same taxi, av den tyske skandalebloggaren. Maktesløysa hennar er påtageleg når ho må la han reise rundt ilag med seg i taxi. Ho slepp ikkje unna likevel. Slepp fienden like godt inn.

Mest av alt sit ein att med Vivians følelse av avmakt i møte med media, og dette får Behn fram riktig så godt. Og når ein likevel vil bli tillagt alle mulighe hensikter og ønsker, alt frå at boka er eit rop om hjelp til hevnmotiv mot tidlegare ansett sladrekar på slottet, så kan ein jo like godt berre kline til og skrive ei bok så absurd at den ikkje liknar på noko som helst. Og det er det Ari Behn har gjort. Alt han gjer blir overdrive og smurt utover alt, som feks idag at han snakkar med sin døde bestefar. Mediene har eit stort problem med å skaffe seg nok stoff, og då er Ari Behn god å ha. Mannen kysser nemlig løver. Wow, liksom. Uansett kva typen foretar seg så blir det blåst ut av proporsjonar.

Og det får denne boka veldig bra til. Parodien på mediene og medienes jakt på offentlege personar og kongelege. Dei har å sitte pent på kirkebenken, gå i pressa bukser og ikkje byte buksemerke for ofte. Ellers er dei geeks.

Vivian Seving etc er ei geeky bok for eit konservativt publikum, og eit lite lyspunkt for ei rekke andre.
.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...