Gå til hovedinnhold

Vanvittig omtale av Det glade vanvidd.

"Da jeg ble hodejeger, satt ofte kvinnelige direktører på kontoret mitt og sa at de var på feil hylle i livet. De misfornøyde karrierekvinnene kunne deles i to grupper. Det var de som egentlig ville jobbe med bistand eller noe annet humanitært, (...) og så var det de som ville jobbe med noe kreativt." skriv Elin Ørjasæter i den nye boka si Det glade vanvidd som kom ut i mars. Eg har lese den, tenkt litt og prøver her å skrive noko smart etter at ein haug med andre bloggarar av store kaliber, blant anna Vox populi, har sagt sitt, så vi sparker i gang ein forvirra bloggpost om Ørjasæters bok.



Det glade vanvidd er spekka med påståelige sanningar, humor og glimt frå eit liv i femte gir, eventuelt i fri utan bremer på. Slikt kan vi like. Like langt betre enn forkvakla indremisjonsnaboar som blir rysta over at du abonnerer på Klassekampen. Desse same naboane ville nok miste både vit og forstand om dei las Ørjasæters bok. Eventuelt ikkje. Ørjasæter prater litt til alle leirar, forstår ein bit av oss alle, løfter folk opp etter øra og spør om dei ikkje skal skjerpe seg litt. Som at ungen med downs skal få slå ein toåring. Diagnoser fritek deg for ansvar for dine handlingar.

Ørjasæter skriv kjapt, kort og konsist utan lange utgreiingar, bykser frå poeng til poeng gjennom korte kapittel og feier med seg ein heil haug med tema. Språket er korthogt og påståeleg. I store vendingar dreier boka seg rundt Ørjasæters hyperaktivt roterande akse - er det eg gjer rett eller gale? - spekka med spretne referat av håplause foreldre på foreldremøte som forsvarer at son deira kan sparke ein gut som ligg nede, berre fordi sonen har ADHD.

Gud betre. Er foreldre så gale? Ja, dei er visst det.

Og eg innser at eg har vore for lenge borte frå virkeligheten. Studier, journalistjobb, omgang med kompisar i skjerma omgivelsar der ein blir sparka ut døren om ein kjem med slike ukorrekte påstandar. Nja finslipt. Ørjasæter er ikkje finslipt, og det er det som er greia med Ørjasæter. Ho er direkte, men ikkje heilt naken.

Sjølv lar Ørjasæter seg gladeleg stemple som ADHD-ramma for å sleppe unna vin med ei kjedeleg venninne. Det er forståeleg. Det er gjenkjenneleg. Ein har sjølv eit par gongar blitt forsøkt diagnoseforklart, utan hell. ADHD har sjølvsagt vore eit av forslaga: eg har så mykje energi. Men ærleg talt. Er energi eit symptom på ADHD? Ja, det er visst det på same måte som meiningar som strir mot eldre bønder sine, er eit symptom på pms. Sprekt er det ikkje.

Men ting må forklarast. Folk må forklarast og i vår tid, med elver av Prozak, er diagnoser ein glitrande måte å forklare folk på. Unntatt om du er trafikkskada. Da vil ingen gi deg diagnosen som kan felle forsikringsselskapet.

Kvifor er det slik, tenker eg og les vidare, at folk skal klistre på deg ein diagnose fordi du meiner noko anna enn dei, eller fordi er meir kreativ, ikkje like stillfarande, ikkje like dørgande konservativ, ikkje like kristelig, ikkje like tjukk, tynn, mørk eller lys. Ein gong vart eg av nokre skrivande kollegaer forsøkt overbevist om at eg lei av vitaminmangel. Eg rasa avstad til legen der legen slo fast at eg lei av kjedelege skrivekollegaer. Han hadde heilt rett.

Mammabloggarar.

den 50-tallsbølgen vi nå har over oss av kvinneideal gjør at mange menn ikke venter seg noe større samfunnsengasjement utover selvrepresentasjon og rapporter fra intimsfæren fra kvinner. Og jeg tror mange tenker som meg: Hurra, endelig ei pen jente som våger å interessere seg for noe annet enn hvordan hun fremstår. Sitatet er frå ein epost eg fekk her om dagen.


Det er i vår tida haugar av kvinner som blir såkalte mammabloggarar og kjøkkenbordsgründerar. Dei skaper små verdiar i kroner og øre, men dei bruker sin energi på innsamling av boblejakker, strikking til ungar, mekking av trolldeigoppskrifter som dei legg ut på nettet og bruker mykje tid på ungane sine, iallefall er det dei fortel oss: meir tid enn dei uansvarlege kvinnene som jobbar ute i fulltidsstillingar. Det er eit dønn konservativt ideal og sjølvrealiseringskonsept der kvinnene tek tilbake kjøkkenet som dei eingong vart frårøva, samt tek tilbake rolla som mamma, gjerne på fulltid i mange år, men ikkje utan eit snev av skamkjensle. Etterpå kårar dei kvarandre til beste bloggar, og ropar hurra for kjøkkenbenken.

Mange av desse damene har eit dampande hat mot feministar. Dei føler seg stigmatisert og underlegne på grunn av sitt valg, på same tid som dei hevdar å ha valgt den rolla som er riktig for ei kvinne. Det er paradoksalt, sett frå utsida, og heile tida forsvarer dei sine valg i ein motsetning til feministar. Dei kjempar mot feministane med nebb og klør, ein fiktiv kamp mot ein visstnok stor, riktig nok retorisk overlegen fiende, men reell?

Mange kjøkkenbloggarar er høgt utdanna og vel likevel å vere heime med barn. Greit. Deira valg. Mange opplever dette som eit stort tilbakeslag for likestillinga: heimeverande kvinner er i vinden. Men sjølv om dette er eit valg i vinden, er det også eit valg ein må forsvare høgt og tydeleg. Slik som Husmor på Sørlandet. 

Husmor på Sørlandet skriv "Så min mening er som følger: Vi kan ikke bygge et familieliv og barnas barndom på tankemessige moteretninger, strømninger i tiden og tankegangen til folk flest i den tidsalderen vi tilfeldigvis lever i. Så hvis du lurer – spør morshjertet og barna…"

Kva da om morshjartet seier "jobb og karriere", mann som jobbar heime? Er du då hjartepasient?

Husmora meiner at ein ikkje kan bygge dagens familieliv på moteretningen feminisme. Men husmor... feminisme er ingen moteretning. Det er ein antimoteretning. Vore for lenge heime ved kjøkkendisken?

Vi bykser vidare.

"Like forstokket sikkert som statsfeministen er på at alle barn skal i barnehage, og det hele tiden, like forstokkete er husmødrene på foreldremøtet som sier" "Det er ikke noe rart at ungdommene blir narkomane når de har foreldre som bare er opptatt av karriere og statussymboler!" Det er en evig stillingskrig om hvem som er den gode moren og hvem som ikke er det." skriv Ørjasæter.

Og om moderne mødre: "Moderne mødre er så slitne når de kommer hjem fra jobben at de ikke orker oppdra ungene. Og det som verre er: De har ikke samvittighet til å oppdra de stakkars barna som ikke har sett mor i løpet av hele dagen."

Også desse karrieremødrene er tynga av dårlig samvit. Kanskje får dei sitt dårlege samvit frå alle mammabloggarane som sit heime og heklar vesker med babylogo? Kven veit, men nokre må også vere lærarar og undervise mammabloggaranes barn, noko må påføre den andre gruppa dårleg samvit. Det kjem vel ikkje av seg sjølv og ein har iallefall ikkje skulda sjølv. Ei løysing på alt er å gå tilbake til naturen og legge ned moderne sivilisasjon. Skal alle ut av arbeidslivet og inn på kjøkkenet, vil vårt samfunn kollapse.

Eg er av og til freista til å sei: ta litt ansvar sjølv og fri dykk frå desse tankane om skuld. Stoler ikkje det moderne mennesket på seg sjølv i like stor grad som Indremisjonens knallharde kvinner? Dei veit at gud er god, at ungar skal ha gulrot og at ein må sitte stille på bedehuset. Det er mulig å bryte tankemønster og ta skeia i eiga hand, sjølv om det krev litt. Der vil alltid finnast ulike oppfatningar av kva som er rett, men det vil også alltid vere mulig å gjere seg opp si eiga meining midt oppe i alt. Kanskje må ein hjernevaske kvinner til å stole på seg sjølv. Kvifor gjer ikkje kvinner det i større grad? Sunn fornuft er tidvis undervurdert.

Vidare skriv Ørjasæter at ho vart begeistra over Hjernevasks andre program der hovedtesen var at foreldre berre har begrensa påvirkning på korleis ungane blir når dei vert vaksne. Det aller meste handlar om arv. Berre dei mest knusande og ødeleggande miljøa ødelegg barn.


Gledeshyl på Twitter: det er ikkje mi skuld likevel at ugane mine gjer som dei gjer, kom det frå Ørjasæters jamaldringar.

Kvinner tek på seg skulda for alt mulig. Er det virkelig så ille? Kva med fedrene? Kor mykje skuld tek min far for mine feilsteg opp gjennom tidene?

Utsjånad

Det er tabu å snakke om at ein er opptatt av eigen utsjånad, skriv Ørjasæter. Eg er litt usikker. Trur helst det er omvendt. Som kvinne skal du liksom vere opptatt av korleis du ser ut, ellers er du ein total slask. Når ein har traska omkring på Gardermoen klokka seks om morgonen i hettegenser, briller og med ein kartong lettmelk i handa, er det lite respekt å hente hos personale. Shiner ein seg litt opp i støvlettar og kjole, kliner på eit lag med pudder og litt mascara, får pipa straks ein ny tone. Som da eg vagga omkring i Stavanger i fjøsklede med ein diger sekk på ryggen såg bussjåføren på meg med djup forakt. Heldigvis bit ikkje djup forakt frå bussjåførar på. Ein veit svært godt at det berre er å ruslar inn døra på eit toalett, vrenge av seg fjøskleda, tre på seg ein kjole, slenge brillene i sekken, klistre på seg pudder og foundation, og den same sjåføren vil smile søtt, gjerne også la deg sitte på bussen gratis.

Sminke og klede er viktige greier, brukt når ein gidder. Ein må svinge seg der det trengs og droppe det om unødvendig. Eg fekk høyre at veterinærar skal ikkje ha store øyreringar og sminke seg, da blir dei ikkje tatt seriøst. Men om du er kvinne og ser ut som eit takras, blir du heller ikkje tatt seriøst. Det hjelper med singlet og litt freshare look. Ein har liksom ikkje lyst å bli traktor heller. Ein blir neglisjert, totalt oversett og stempla som dum bondetamp som ingen vil snakke med. Du kunne ha rana banken utan at nokon hadde orka stoppe deg. Så viktig er kvinners utsjånad. Men det er null stress. Det er berre å byte maske.

Alright vi fortsetter. Rynkekrem. Rynkekrem skriv Ørjasæter om. Eg bruker krem, ein om natta og ein om dagen. Superforfengelig? Nei, men som sagt, det er nødvendig. Om du går eit par veker utan å rense ansiktet, (kan eg virkelig skrive at eg har gjort det?) fordi det er for lenge sidan ein har vore på Gardermoen eller ein an flyplass, og kjøpt Bioterm på taxfree-pris, får ein faktisk fleire kviser. Det er utåleleg med kviser.

Skjønnhet skal vere naturleg, altså medfødt, samtidig som kvinner oppdras til å ta det som en selvfølge at de aldri er pene nok, skriv Ørjasæter.

Hm.. og vidare: "Estetisk kapital gir makt". Sant, sant. Estetikk gir både gode prisar på bussen og gehør i eit publikum fullt av menn. Eventuelt om du skal sjamere eit par kollegaer og få din kvinnelige sjef på nakken. Då er det faktisk ein bakdel å ha den kortaste kjolen. På med kjeledress, og din sjef vil elske deg igjen, nesten, men aldri heilt.

Ørjasæter har heilt rett: vi må bruke tid på utsjånaden. Dessutan må vi drikke vin av pappkartong. Det siste er greit. Pappkartong er fint.

Det er skrekkelig mange morsomme parti i Det glade vanvidd. Eg ler høgt og skrallande fleire gongar der eg i god Ørjasæter-stil har plassert beina på bordet og er ein ekte slask utan fast jobb. Og det er fantastisk sant, Vi trenger ikke lenger se ut slik som Gud har skapt oss, vi kan la være, vi kan finne på noe annet.

Sant sant, men dette har eg aldri vurdert som problematisk,  og det slår meg at eg antagelegvis er totalt ute og køyre. Eg gjer nett som eg ve. Trur eg sjølv. I våre dagar er sjølvinnsikt viktig, til eit visst punkt. Har ein for mykje, gir ein ikkje ut verken bøker eller bloggar. Då innser ein at ein er underlagt patriarkiet og svarer høflig på sjikane på mail og trur det er eins eigen feil. Eller? No spora det av.

Og så til kapittelet om Verden. "Kvinner er på alle områder annenrangs borgere i Sverige i dag. Den som påstår noe annet lyver." Sitat Liza Marklund.

Eg tenker til sist. Er det ikkje ganske kvinneundertrykkande å heile tida fortelle kvinner at dei er annenrangs og undertrykte? Greit, vi har ikkje full likestilling på alle felt og mykje jobb gjenstår, men kor konstruktivt er det å heile tida fortelle folk at dei er offer for det eine etter det andre? På enkelte området kan det få folk til å bortforklare virkeligheten og skulde på eksterne forklaringar på eigen skjebne, forklaringar utanfor seg sjølv er lettare å ty til enn å innsjå eigne feil eller rett.

Kan vi ikkje delvis slå oss til ro med at ein del menn berre er toskar, på linje med ein del kvinner og at det er difor dei går amok, bankar kjerringa si eller harselerer med kvinner?

Alle mennesker er kort sagt ikkje i vater, dette må vi innfinne oss med, og det er ikkje sikkert at alt dette kan forklarast utfrå eit kvinne-mann hierarki. Menn skal ikkje ha det på seg at menn slår. Når ein har møtt ein del menn opp gjennom tidene, veit ein at dei er like ulike som kvinner og at åtferd ofte ikkje er kjønnsspesifikk, heller miljøbetinga. Ulike miljø forlangar ulike roller av deg. Det er berre å partyhoppe litt på Grünerløkka og du vil oppdage femten ulike kvinneroller i ein og same oppgang.

Og så alle kvinner som er undertrykt av feministar? Eg trur dei overdriv feminstars makt og innflytelse. Per idag er feministar eit lite og ganske sekterisk fenomen, iallefall i organsierte former.

Men det var eit tankesprang. Ørjasæter har ikkje kjefta på feministar. Ho har vel mest diskutert rundt seg sjølv som karrierekvinne, sjølv om ho også tek opp andre tema som eg ikkje har omtalt her på bloggen: språket, cyberspace, moderne tider, blant andre. Og det er ein reflektert diskusjon som ein kvar kan ha godt av. Boka bør stå på hylla til alle kvinner som freser rundt i sitt eige liv og føler seg stigmatisert av eit eller anna. Ei slags sjølvhjelpsbok, kanskje. I vittige former og bastande ordelag. Du får lyst til å måke på litt hardare, gi litt meir f, koke litt mindre poteter, ete meir grandis og rett og slett la det stå til i alle svingar.

Jepp.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb