Gå til hovedinnhold

Ebba Haslund/ Berlin: djevleutdrivelse, mensblod og real shit-ekteskapsdrama

Ålreit. No er eg i Berlin for å skrive bok, eller det som kanskje skal bli ei bok med litt flaks. (Eg trur det er bestemt frå høgare hald at det skal bli bok). Uansett. Eg tok flyet til Berlin idag tidlig og hadde rota vekk adressa til kåken her i Kreutzberg. Greit nok. Den fekk eg tak i, men med min dårlige tysk (eg er virkelig ikkje glad i språk) klarte eg visstnok å fortelle ein av naboane her at eg skulle besøke ein venn som ikkje var heime før klokka ti over to. Gudane veit korleis eg fekk det til. Eg meinte egentlig å sei at eg hadde gått opp i feil oppgang, og at eg skulle til ein kåk på andre sida av bakgarden, men uansett. Mannen, som hadde 150 klokker i stua som tikka i takt - eg tuller ikkje- serverte kruttsterk kaffe mens eg venta på min venn (eg har ingen venn i Berlin??) som skulle komme klokka ti over to. Presis ti over to toga eg ut, full av kjeks og kaffe, og opp i femte etasje i Forster strasse i Kreutzberg. Her sitte eg no og skjønner ikkje heilt kvifor eg gidder å sitte på nett når eg er i Berlin og ikkje i utbrukte Oslo. Men slik er livet. Ideen var egentlig å teste om nettet funka og når ein først er på nett, kan ein like gjerne blogge og idag bloggar eg om ei bok. Nærmare bestemt eit bok med tre bøker inni: Gigantboka til Ebba Haslund som inneheld "Behag og bedrag", "Døgnfluens lengsel" og "I mangel av sverd".

Haslund
har skrive den geniale boka "Bare et lite sammenbrudd", og det var denne som fekk meg til å kjøpe Giganten. Den første Gigant-boka, "Behag og bedrag", vil eg påstå at har ei så tynn story at eg var paff då den var slutt. Den handla rett og slett om ei dame som utga seg for å vere einsam og foreldrelaus og dermed robba ein familie for småpenger, hadde seg med mannen til den nygifte kona i huset, og ellers skjenka dattera full før det viste seg at ho var frå same stad som den bedradde frua og ergo vart avslørt. Den slutta liksom brått og plutselig og eg vart hengande i lause lufta lenge før eg innsåg at hey, det er over. Jøss, tenkte eg, så frekt å gi ut ei slik bok som egentlig for det første er syltynn og som for det andre stoppar brått og uventa. Men så lo eg i skjegget og tenkte at jammen var den ikkje så dum likevel. Eg trur ikkje eg hadde gjort det om det ikkje var Haslund som stod som forfattar.

Neste bok i Gigant-boka er "Døgnfluens lengsel". Denne boka handlar om Maisi som fornuftsgifter seg med Georg (Haslund er mester i å skrive om ekteskapets tragedier, eller real life-ekteskap). Storyen har ikkje eit plott utover å formidle streite familieliv i all sin grellhet: sjølvmordsforsøk, raddistendenser, djevelutdrivelse, galskap, mensblod på brudekjolen, kreft, alkoholisme og utroskap hopar seg opp i store mengder. Sosialrealisme på starten av 1980-talet. Tause menn og kvinner som snakkar, kvinner som kjeder seg, menn som vil gjere karriere, og mennene er aldri den same som den dei gifta seg med berre dei får eit par år sidan. Eg har fortsatt at ca femti sider av denne boka og leste heile veien på flyet. Iskaldt Norwegian-fly. Men nuh er det tid for litt tysk øl. Og så var det den skrivinga. Den tar vi etterpå.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys