Gå til hovedinnhold

Hetlesaka blir teater

To karar står å grev opp ei grav på kirkegarden på Viksdalen saman med ein an kar. Brått kjem det ein hest inn grinda på kirkegarden. Den er fullt påsela. Hesten travar bort til den opne grava, kikar nedi og ser på dei to karane før den forsvinn i lause lufta. Var det denne hesten Hetle-karane var på fjellet å leita etter den natta Henrik Hetle fall død om på Hetlestølen på Viksdalen ei natt i august 1906? Den har isåfall vore daud i over seksti år.


Bildet viser Mikale Hetle (skodespelar) i slåttemyra som han og Henrik Hetle krangla om. Neste viser Henrik Hetle kvelden før han døde


Heilt sidan eg var lita har eg hørt pappa fortelle om Hetlesaka og Hetle-karane. Halve slekta mi er frå Viksdalen. Det er utrulig fasinerande korleis ei heil bygd kan gå i flokk og få to karar uskuldig dømt utan det fnugg av saklege bevis. Eg har lese ein god del av rettargangen og bevisa mot dei to, og det kan i verste fall seiast å sprike i absolutt alle retningar.


Obduksjonen av den døde Henrik blei i tillegg utført med ei rusten sag i eit stølshus fleire dagar etter at han var daud av legar som vel neppe hadde utført ein obduksjon før. Då dei skulle gå heim frå stølen, glømte dei att tarmane. Dei sprang opp at og henta dei i ei melkebøtte, fortale ein lokal viksdøling meg her i fjor. Det er fasinerande, det er tragisk. Enno finnast her folk som meinar at Hetlekarane var skuldige sjølv om dei vart frikjent på førtitalet, ca førti år etter den fatale augustkvelden i 1906. Kanskje hadde den hesten gode grunnar til å spøke på kirkegarden i viken på Viksdalen seint på 1960-talet?

Følg med i Klassekampen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Keisaren er naken: norsk landbrukspolitisk retorikk

Ein bygger ikkje landbruk på retorikk. Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege. Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast.  Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005. I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobb...