Gå til hovedinnhold

Norge er i ferd med å bli eit jævlig vulgært land.

Er det virkelig mulig å lage ei slik sak som denne??? Røkke spiller trist og forurettet, sier skuespiller Ottesen.

Kva er poenget? Og kvifor gidder ein seriøs skuespelar drite seg ut på denne måten i Dagblablas ærend? For å få litt publisitet? Eg er til tider så djupt sjokker, eller skuffa, eller frustrert over medienes nivå, spesielt på nett, men også papir soper lågt. Tenk om det blir stort verre! Eg gremmer meg.

Norsk offentlighet er full av søppel. Vi har VG, vi har Dagblabla og vi har Frp. Dette ser ikkje lyst ut. Folk har til og med gått på spøken om snikislamisering som Siv spelte ut i eit øyeblikk av desperasjon i sin anger på nullkunnskap om finanskrisa.

Eg har ein gong, ein gong for mykje, hatt eit innlegg mot ein Frp-politiker. Det var meiningslaust. Han sat i ein paneldebatt og lirte av seg ting på nivå med "jorda er flat", og lot til å synest at det var heilt ok å uttale seg i hytt og pine om ting han kunne ingenting om. Dette stiller eg meg uforståande til ettersom politikere skal ta beslutninger og styre til vårt beste. Bør ein ikkje då kreve eit minimum av kompetanse?

Nei, ikkje hos Frp. Det må vere ganske enkelt å vere Frp-politiker. Du kan sei kva som helst om kva som helst, du treng ikkje ha kunnskap om noko som helst, og jo mindre du veit og jo meir dust og harry og kunnskapslaus og avflata du framstår, jo betre er det for deg. Underlig.

Og kva seier dette i sin tur om det norske folk? At det norske folk ikkje gjennomskuer fjaset og nullkompetansen, eventuelt at det norske folk ikkje er så opplyste som vi skal ha det til, sjølv om vi har høgt utdanningsnivå og alt som følger med. Er det dei litt harry nyrike som stemmer Frp? Dei uten kulturell kompetanse? Tja, eg kjenner ingen som stemmer Frp. Å stemme Frp er einsbetydande med å vere kastelaus i disse kretser. Det er heilt greit.

Eg skjønar mindre og mindre. Norge er i ferd med å bli eit jævlig vulgært land.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn