Gå til hovedinnhold

Er den nye lov om dyrevelferd så fin som den høyrest ut til?

I «Lov om dyrevelferd» som trådte i kraft 1. januar får norske husdyr eit sterkare vern. Dette er bra og nødvendig. Likevel klarer eg ikkje å vere like begeistra som landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) gjerne vil ha meg til å vere, og det er paragraf tre eg heng meg opp i. Her står det nemlig at dyr har eigenverdi: «Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger».


Sjølv om den nok er godt meint, framstår paragrafens bruk av ordet eigenverdi på grensa til pervers. Årsak: eg har sett bak for mange norske låvedører og bak dørene på for mange norske slakteri. Desse dyras liv vil neppe endre seg ved å putte eit vakkert ord inn i ein lovtekst all den tid det i stor grad er uendra forskrifter som detaljregulerer.


Eigenverdi vil difor frå 1.januar 2010 bety fjørlause, halte kyllingar med knekte venger stabla tett i tett i plastkassar før dei vert gassa ihjel med CO2. Det vil bety at det er eigenverdi når dei same kyllingane har kroniske betennelsar som sprutar gørr i ansiktet ditt når du opnar brystkassa deira. Virkeligheten endrar seg nemlig ikkje sjølv om ein legg eit vakkert ord inn i lova.

Det vil difor også etter 1.januar 2010 vere i tråd med eigenverdien til norske husdyr at slakteri av økonomiske årsaker (det er dyrt å bygge om) har fritak frå å binde (fiksere) dyr som skal bedøvast med boltepistol før slakting. Og sidan det er vanskeligare å treffe eit dyr som kastar seg fram og tilbake enn eit dyr som står fiksert. Det vil vere eigenverdi i praksis når store oksar på fleire hundre kilo bykser opp etter slakteriveggene i panikk. Det vil vere i tråd med eigenverdi å skyte storfe til du treff, sjølv om det kreves mange skot. Inga ku kan sleppe ut av eit slakteri med livet i behald. Kva hadde vel media sagt?

Ingen er der for å telle skot, men mange frå media har skrive om eigenverdien som no er lovfesta. Spre ryktet og slapp av: dyr i Norge har lovfesta eigenverdi. Ein treng ikkje kaste blikket lenger enn til pelsdyrnæring og fiskeoppdrett for at påstanden skal falle til jorda med eit brak.


Å påstå at norske dyr har «lovfesta eigenverdi» fjernar heller ikkje det faktum at norske landbruk har så elendige økonomiske rammevilkår at dyr står heile dagen utan tilsyn medan bonden må arbeide utanfor garden for å få råd til å overleve. Prøv gjerne å overbevise meg, men du greier ikkje få meg til å tru at det er eigenverdi når dyr ligg heime og dauar på båsen medan bonden (av økonomiske årsaker) må dra på jobb mellom åtte og fire. Eit dyr kan bli akutt sjukt etter at han drog på jobb, uansett kor flink denne bonden ellers er.


I Norge vil vi idag gjerne produsere meir kvitt kjøt frå kylling og kalkun. Dette kjøtet kjem frå dyr som ikkje vert betrakta som individ, men som populasjonar og behandla deretter, blant anna for å hindre spreiing av smittsame sjukdommar. Smittevern er positivt både av hensyn til dyr og menneskers helse, men det forhindrar ikkje at desse dyra lever fjørlause i tette, støvete rom. Eg lurer på kvar vi finn den såkalla eigenverdien til ein kylling? I kiloprisen? I dei manglande fjøra?


Denne generelle trenden i norsk landbruk er at ein bevisst fjernar seg frå enkeltindividet i matproduksjonen, og over på populasjonsnivå. Ein arbeider på besetningsnivå, av smitte-, økonomi og dyrevelferdshensyn, og i dette lyset blir ordet «eigenverdi» enda meir tappa for meining. Eigenverdien må her bli kalkylen mellom korvidt det lønnar seg å betale for å behandle eit sjukt dyr eller om det heller skal avlivast, samt slaktevekt og melkeproduksjon. Slike kalkyler må ein gjere kvar dag om ein skal tjene pengar på matproduserande dyr gitt dagens marked og forbrukarar som krev billig mat. Slik vil det også bli framover med mindre ein gjer strukturelle endringar.


Kvifor kalle det eigenverdi?


Heller enn å satse på tomme ord frå politisk hald, burde ein satse på strukturelle tiltak for landbruket. Men medan svulstige ord i ein overordna lovtekst er gratis, vil faktiske endringar kreve politisk mot, vilje til handling og store økonomiske ressursar.


Anne Viken er utdanna veterinær frå Norges Veterinærhøgskole.

Denne kommentaren stod som side tre-kommentar i Klassekampen.


Les også: Økonomi viktigast i ny dyrevelferdslov.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb