Gå til hovedinnhold

Når sensor er ein gal, gal kontorist med firkanta briller og rødt hår

Eg var så gudsjammerlig heldig å avlegge ein skamlett muntlig eksamen ein gong i tida. Eg var på denne eksamenen så grusomt heldig at eg trakk eit tema eg ikkje hadde lese eit ord om, så eg sat å stava og svarte så godt eg klarte. Etterkvart begynte eg å bli ganske sinna på eksamintor. Ho sat å kvessa og spurte og maste om ting og detaljer som eg openbart ikkje kunne svare på. Kva var poenget? Det var som å snakke kinesisk til ein person som ikkje forstår kinesisk. Ja, det var ganske ille og eg vart sintare og sintare. Satte kvitauget i eksaminator og tenkte "Kjør på! Vil du sloss så kan vi gjerne sloss." Etterkvart klarte eg å trakke utpå og fornærme både sensor og eksaminator med ein fleipete kommentar om byråkrater. Denne kommentaren traff begge desse strenge kontorrottene midt i sjela, og sjølv om eg ettertrykkelig forklarte at dette var ein dårlig spøk frå mi side, var skaden alt gjort og inntrykket uopprettelig. Karakteren ramla nedover skalaen.

Eg gjekk frå eksamen, rimelig sinna. Sinna på meg sjølv og alle og alt som hadde klart å drite seg så loddrett ut på eksamen. Etterpå kom eg tilbake for å få karakteren, og trur du ikkje dei to snurtsnippene av nokre surpeiser brukte god til på å forklare meg mitt uansvarlig låge kunnskapsnivå på eksamen med strekmunner og stikkeauger. Og eg spurte om kva som trakk opp, og kva som trakk ned, og om min spøk hadde fått alvorlige konsekvenser. Det hadde den visst. Eg visste beint fram manglande forståelse for vitenskapen, fekk eg høyre. Jaha, tenkte eg. Dette var då voldsomt. I tillegg lirte dei av seg ein del påstander og frekkheter som rett og slett ikkje er særlig pedagogisk når ein skal begrunne ein karakter på saklig vis. Eg sa kva eg meinte om slik tiltale av studentar, og dei vart visst paff.

Enkelte er vel vane med å få høvle over kvar einaste student med beltevogn, men eg er nokre år i systemet kraftig skit lei arrogante akademikere og undervisere som set si ære i å være kjekkaser på andres bekostning. Sensor marsjerte avstad utan å snu seg, tydelig forkvakla over at slike frekkaser som meg fekk gå lause, og eksaminator såg byråkratisk på meg med gråmus-blikket sitt. Eg tok meg ein dusj og tenkte at ein skulle pina deg gi dei undervisarane ein på tryne litt oftare. Det hadde vore litt gøy. Det er berre eit problem: dei har meir makt enn deg.

Knurr

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb