Gå til hovedinnhold

Nye løgner frå Tine

I denne saka på ABC-nyheter hevdar kommunikasjonssjef i Tine, Lars Galtung dette:

- Veterinær Anne Viken skriver i et blogginnlegg at reklamen er misvisende fordi melkekyr og kalver går i samme innhengning?

- Det er nok forskjellig fra gård til gård. Men helt urealistisk er det ikke. Reklamen er et utsnitt av virkeligheten. Det er mange versjoner av den, og denne er den mest sannferdige, sier Galtung.


Dette er ei ny løgn frå Tine. Det er usant at norske kyr som er i melkeproduksjon går med kalv. Dette er nok ei lett tilbakeviseselig løgn, og eg tek meg i å lure på om Galtung kjenner verke realitet eller regelverk. Det er kun ammekyr, ein svært liten andel av melkekyrne, som går med kalvar på beite. Regelen er at kalvar går for seg, og kyr for seg. Dei går ikkje ilag. Det er kjøttfekyr som går ilag med kalvar, og kjøttfe leverer til Gilde, ikkje til Tine. Men dette antar eg at Galtung kanskje er klar over. Eg begynner jo seriøst å lure litt på kompetansen der i gården.

Kalv hos konvensjonelle melkekyr kan ein ta frå mora rett etter fødsel, men medan økologiske kyr kan ha kalven hos seg, eller bør, ha den i minst tre dagar, ifølge regelverket. Deretter lever mor og barn kvar for seg, både i fjøsen og på beitet.

Tine grev i si eiga grav, tillitsmessig. a) Anten lyg dei så det renn, b) ellers veit dei ikkje betre. Der finst faktisk ingen andre alternativ enn desse nevnte to.

Eg samlar alle sitat frå Tine. Ein treng ikkje ein gong bedrive gravejournalistikk, Tine går seg frampå, leverer løgner på rams i media!! Dette underbygger Tines løgner desto meir, dei serverer nye løgner: i kompetanseløysas navn, eller dei lyg med vilje.

Eg notere. Dette er hot stoff;) Denne saka er ein fin prøve for Tine. Maktar dei snakke sant, eller må dei virkelig ty til løgn for å forsvare seg? Om siste er tilfelle, er det spesielt interessant.

Eg har bede Tine dokumentere sine påstander om at det er slik at dei fleste norske melkekyr går ute med kalv, men har i første omgang ikkje fått noko svar. Det er kanskje fordi dokumentasjon ikkje finst. Eg ventar spent.

Reaksjon frå ein bonde på sitatet: "Eg las akkurat det sitatet på abc-nyheiter, og reagerte sterkt på at han seier det er den mest sannferdige historien at kalvane går saman med kyr på beite. Galtung drit seg ut enten fordi han ikkje veit betre eller fordi han ikkje har forstått at det er dumt å fortelje halve sanningar. Dette er ikkje bra verken for Tine eller for oss som leverar mjølk til Tine."

Sitatet finn du i denne debattråden:
.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...