Gå til hovedinnhold

I love New York

That is a fact. NY er ein fantastic by. Eg er kort sagt blitt heilt forelska i denne byen etter å ha vore der to veker på påskeferie. Eg liker undergrunnen. Lyden, lukter, folka, musikken, tempoet. Passer meg perfect. Citylife. Ahh enjoy. NY er berre fabelaktig og kan egentlig ikkje beskrives, så eg lar det ligge.

Men om du skal dra: ligg unna Times Sqare. Det er berre kjipt. Ligg unna øvre del av Broadway. Ellers: et, drikk, heng ut. Du vil ikkje bli skuffa. Det er kort sagt awesome!! I love NY, og henfaller til klisjeer;)

Om du skal dra: sjekk ut lonelyplanet New York (praktisk, oppdatert og har gode kart og undergrunnskart). Kjøp den i NY. Der er den langt billigere enn i Norge. Sjekk også ut Time Out New York. Der står det alt om kvar du kan ete drikke bra innanfor alle slags sjangerar av mat, drikke og klientell. Det kjem ut ny med jevne mellomrom, så ikkje bruk ein Time Out som er fleire mnd eller år gamal. Times changes.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn