Gå til hovedinnhold

Rideleir med discomusikk og teikning på hestar i Viksdalen

Igår var eg med på ein rideleir på Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sunnfjord. Der heldt eg veterinærtime i samband med at eg har gitt ut ei spenningsbok om dyrlegepraksis og hestar, Elise og mysteriet med dei døde hestane. 

Her ser du meg og Ronja frå Viksdalen. Ronja har lese boka og synest den var kjempespennande! Så spennande at det var nesten litt skummelt. Det er kjempegøy å høyre tilbakemeldingar frå ungane! 


Eg snakka om korleis det er å jobbe som hestedyrlege, korleis ein kan undersøke ein hest og kva som finst inni ein hest. Her fekk dei kjenne på pulsen på kjeven til hesten. Den var ikkje så lett å finne! Sånt må lærast!


Vi kikka også inn i hestemunnen og undersøkte korleis den såg ut på tennene og i kinna. Det er ikkje sånt eg anbefaler ungane å gjere når dei er heime aleine!


Hestar har dei same beina som oss, men dei er plassert litt annleis. Her viser eg min fot ved sida av ein hestefot for å demonstrere kvar lårbeinet på hesten sit samanlikna med på meg. Same stad, men det er ikkje så lett å sjå når ein ser ein hest sin bakfot.


Og for å vise korleis hesten ser ut inni, teikna eg på hestan med kritt. Det var ein veldig snill gamal varmblodstravar, så ho fan seg i å bli påteikna skjelett, lunger og litt tarmar.


Etterpå fekk ungane sjå i ei ekte dyrlegebok, altså den store anatomiboka på engelsk og latin. Dette slo an. Tennene til hesten liknar blant anna på sko, tøflar og sokkar, blei det sagt, og at hesten hadde ei så stor tunge hadde ingen trudd! Dessutan er det fascinerande at hesten har holrom i skallen!


Etterpå var det bål, mat og boksignering. Alle ungane som deltok på rideleiren fekk Elise og mysteriet med dei døde hestane inkludert i pakkeprisen. Dette er eit tilbod fleire rideleirar kan nytte seg av, eller rideskular. Samlaget gir gode rabattar på innkjøp av bøker til slike arrangemang, og eg kan bookast med på kjøpet.


Grilling! Ei jente fortalde meg at ho har lese boka om Elise. Ho sa den var så frykteleg spennande at det var nesten litt skummelt! Det er veldig interessant å møte folk som har lese boka så inngåande og engasjerer seg så mykje i historia! Ho hadde teke alle poenga, tenkt grundig over alt og spurde ei rekke spørsmål. Det liker eg! Bring it on! No finst boka til salgs på butikken på Viksdalen, hos Spar på Sande, Vassenden, Bygstad og Skei, samt på Bunnpris i Leirvik og Sørbøvåg. Der kjem også fleire butikkar etterkvart!




Bål er kos ved elvekanten! I adventstida vert her open gard på Fosseheimen Naturpark kvar søndag. Det må alle få med seg! Den 16.desember signerer eg bøker, og kvar søndag finst der lokale forfattarar å treffe, blant anna Hilde Buer, som har skrive Villsauboka.



Så var det ut på ridebana igjen! Full fres og alle har mål dei skal nå i løpet av dagen!






Birger Meland kom på besøk og hadde ettermiddagssending frå NRK Sogn og Fjordane på direkten frå Fosseheimen! Nettsaka kan du lese her.


 Det kjem også innslag på Vestlandsrevyen! Her kan du sjå innslaget.



Hinder på skogsveg! Her er det kosteleg å ri. Ein kan hoppe hinder, ri i elva eller på ridebane.

Emma Birkeland Haufe frå Bergen og Ronja Vallestad frå Viksdalen kosar seg på rideleir.





NRK var med og køyrde vogn! Det var ein steike artig dag! Karina vert intervjua. Malene og Oline sit på.


Elise og mysteriet kan bestillast hos Haugenbok.no . 

Kontakt viken.anne att gmail.com om du vil booke meg for signering, dyrlegetime eller anna i forbindelse med boka.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...