Gå til hovedinnhold

På tide å legge ordet distrikt på hylla?

Frå innleiing på Frps fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011. Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem i Frp eller andre politiske parti for den del.

Om vi hoppar frå Arnestad til Liv Signe Navarsete. Navarsete og Senterpartiet, påstår dei vil ha haldningsendringar i Oslomakta, merk deg bruken av ordet sentralmakta. Navarsete seier ho vil ha lagspel, ikkje krangel, men når ho er ute blant folket, seier ho dette: «Professorar i dei sentrale delene av landet vil sikkert sei at det ikkje lønner seg med bredbånd i distriktene». Sitatet blei levert på Dyrøyseminaret i Troms i slutten av september, i tillegg til ei lengre lefses tompreik. Navarsete FAIL.

Ufrå dette sitatet kan ein tolke at vi ønsker å bu her i distrikta, men dei i sentrum ønsker ikkje å hjelpe oss utfrå eit kost-nytte perspektiv. Distrikta er ulønsame, derav ordet distriktspolitikk som i stor grad får oss til å tenke «overføringar frå staten.» Om vi ikkje direkte blir tvinga til å bu sentralt, så er det iallefall byen, her Oslo, som ødelegg mulighetene for å leve eit sivilisert liv på bygda.

Spørsmål: korleis skal Navarsete, som meiner at distrikta blir sett på som ubrukeleg ødemark, vere den som gir kraft og utvikling lokalt? Er dette rett måte å gi utkantane sjølvtillit på? Å beskrive dei som områder som blir ansett som ulønsame?

NY RETORIKK:

Eg trur det er på høg tid å endre retorikken rundt utkant-Norge. Ein må slutte med klaginga på sentrum, slik Navarsete gjer. Men sluttar ein med å klage på Oslo, misser ein grunnlaget for å oppretthalde distriktsforskning og distriktsforskningskonferansar. Der er nemlig Oslo-jammer det einaste folk i salen ler av.

Eg forstår at Senterpartiet er avhengige av å oppretthalde konflikt mellom by og land for å kunne eksistere, men eg trur det er svært kontraproduktivt. Det er betre å legge ned Senterpartiet.

I Nationen 21.januar skreiv Liv-Signe Navarsete dette:

«Folk i distrikta vert provosert når byråkratar i Oslo på sitt teoretiske vis reknar seg fram til at et er lønnsomt å legge ned tilbod og gi pasientar lang reiseveg i distrikta, medan sjukehusa ligg tett på det sentrale austlandsområdet.»


Navarsete sit som sjef for eit heilt departement av byråkratar. Meiner ho at hennar eige departement er ubrukeleg? Kommunikasjonen er dobbel. For alle som har fulgt sakene med overfylte sjukehus og sjukehusnedleggelsar i Oslo veit ein at problemet med sjukehus ikkje er spesielt for utkantane. Legetilbudet her i Sogn og Fjordne er ofte betre enn i Oslo.


Eg trur at heller enn å klage på Oslo-dominans må ein fokusere på kva ein skal gjere for å greie å overleve som utkantområde parallellt med vår tids store trend, sentraliseringa. Å elendighetsbeskrivelse store delar av landet for deretter å forvente vekst, er ingen god strategi.


Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane er leie av å høyre ordet "eldrebølgja", og ber om at det vert slutt på bruken av dette ordet.

«Ei bølgje vil i denne forstand vere eit negativt ladd ord, som til liks med monstermaster er meint å vere skremmande på folk. Vi opplever at eldrebølgja, som det vert vist til i tide og utide, som eit diskriminerande uttrykk, skriv Pensjonistforbundet i fylket i eit brev til representantane på Stortinget.»

Det same bør ein gjere med ordet distriktspolitikk. Distriktspolitikk er eit ord som blir sett i samband med ødemark, statlig subsidiering av ikkje-levedyktige områder som jamrar i takt.

Å kalle eit område for distrikt, er gitt ordets innhald, ei stigmatisering av eit heilt område. Ordet bør bytast ut med eit ord med meir positive assosisiasjonar.

For korleis skal ein nå fram med nye historier om utkant-Norge når ordet distriktspolitikk med alle sine assosiasjonar ligg som ei klam hand over Sogn og Fjordane?


Dette er noko for Frp å ta tak i. De kan fornye retorikken rundt utkant-Norge.

Kvifor kan ein ikkje kalle distriktspolitikken for næringslivspolitikk? Næringslivssatsingar? Det er jo det det handlar om. Samfunnsbygging.

Kvifor skal det heite krisepakkar når ein tilfører pengar til utkant-Norge? Kvifor kallar ein deler av Norge for tiltakssone? Kva signal sender det ut?

I Oslo er det ei rekke skular som tilbyr lærarane nedbetaling av studielån dersom lærarane søker jobb hos dei. Det vert ikkje kalt verken for krisepakkar eller tiltakssone, men med ein gong slike ting blir gjort i utkant-Norge, er det tiltak.

Ein kan kalle tiltakssoner for satsingsområder. For det er jo satse ein gjer. Ein satsar på å gjennomføre ting som skal skaffe området vekst og utvikling.

Kjære Frp. Her har eg ei oppgåve til dykk. Byt ut ordet distriktspolitikk og tiltakssone med rett og slett næringslivspolitikk og satsingsområde.

For å illustrere påstanden skal eg ta med nokre erfaringar frå Kirkenes. Eg har reist i Nord-Norge, Nord-Sverige og Nord-Finland og intervjua rundt sytti representantar frå lokalt næringsliv om deira syn på lokal vekst og utvikling.

Folk er rasande på manglande satsing på utbygging av infrastruktur. Manglande infrastruktur hemmar næringslivet. Dei har store problem med å skaffe seg arbeidskraft. I tillegg føler dei seg sterkt stigmatisert av elendighetsbeskrivelsane.

Eg har fleire gongar besøkt Kirkenes som journalist. I Kirkenes finst eit svært ressursterkt internasjonalt retta næringsliv. Dei hadde aldri greid seg utan dyktige næringslivsfolk, høgkompetanse og internasjonalt kontaktnett.

Eg siterer her ein sentral næringslivsaktør i Kirkenes.

«Jeg har personlig aldri kjent meg igjen i elendighetsbeskrivelsen av Finnmark. Elendighetsbeskrivelsen ligger til grunn når vi skal drive med industri og næringsutvikling, og det vil ta lenger tid å få til oljeomlastning her enn utenfor Bergen. I Bergen er det oljerelatert virksomhet, mens her i Kirkenes er det liksom natur det skal være. Det er sjelden folk i Finnmark sier de ønsker å bli fremstilt slik, som en turistattraksjon. Det må komme turister, men vi må ikke vernes i hjel. Det skal ikke være sånn at vi må kjempe i seks år for å få til oljeomlastning fordi naturen her oppe er så mye mer unik enn i Bergen. En må friskmelde Finnmarkskysten for store tunge oppgaver for at noen skal ville satse, men kapitalen er styrende og det vil bli stor aktivitet i Kirkenes uansett om noen utenfor vil legge til rette.

Lederen for Barentssekreteriatet i Kirkenes, Rolf Rafaelsen, seier det slik:
«Krabbeteinene sier noe om endringene. Kirkenes er den viktigste havnen for russiske krabbefiskere, og det største fiskeværet i Norge for utenlandskfanget fisk (russisk). Jeg er lei av Finnmarkspakker med overføringer, og håper det er slutt for evig og alltid. Det er ødeleggende for selvrespekten til folk. Jeg tenker først og fremst på skattepakker, fiskeristøtte, øremerka tiltak.»

Altså. Fordi området er så stigmatisert og så stempla som eit ødemark og eit lite lønnsomt distrikt, tek det lenger tid å få på plass utvikling. Sjølvtillit og sjølvrespekten til folk vert ødelagt av stigmatiseringa som foregår av norske utkantar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb