Gå til hovedinnhold

Nynorsk er bissniss.

Av og til må eg sei noko om nynorsk. Idag er nok ein slik dag.

Dette skal eg sei idag:

@RuneMikal nynorsken må bli meir konsekvent. då vil kanskje fleire behalde den. d handler ik om Identitet, men om at ein treng eit redskap

@RuneMikal nynorsk =bissniss, men dette er d mange målfolk som ik forstår. dei trur nynorsk er ein hemsko som du må forlate. dei misforstår

@RuneMikal ja nynorsk er utan tvil noko du som journalist også dreg nytte av å beherske. fleire etterspør tekstar på nynorsk.

@RuneMikal det eg av og til reagerer på, er at målfolk trekk fram NRK-folk som reklame for nynorsk. dei les ofte opp frå bokmålsmanus.

@RuneMikal men dei nektar å ta innover seg problema som folk som skriv nynorsk slit med og som fører til at folk byter til bokmål.

@RuneMikal ja han ha rett ang sos medier. har og snakt m fl nynorskforfattarar som avskyr målrørsla.pga rørsla kastar skuggar over nynorsken

Til slutt skal eg nevne at denne bloggen er med i Nynorsksenterets base med bloggar på nynorsk som vert nytta i undervisning av skuleelevar. Det er godt det finst praktiske folk der ute som forstår å verdsette praktiske nynorskbrukarar, ikkje berre kjefte over at vi faktisk forheld oss til røynda og ikkje til mållagsfantasiar.


Og til slutt, ei bokanbefaling: @RuneMikal denne diktboka må du få med deg: http://bit.ly/cs0mWw . Eg fekk skikkelig Peer Gynt-følelsen. Roar Gulbrandsen leverer solid! Eg skal fortsette å lese på senga i kveld.

God helg.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn