Gå til hovedinnhold

Bråk: ei bok basert på bobleverd og rustne eggstokkar

Vi har hørt det og hørt det og hørt det og hørt det. No skal vi altså høre det igjen

Eg har no lese over hundre sider i boka Bråk av Marie Simonsen og Ingrunn Yssen som kom på Aschehoug forlag for eit lite knippe dagar sidan. Det virker som om forfattarane i så stor grad har historia med seg at dei ikkje ser verken notida eller notidas yngre kvinner. Bobletenking. Kven kan la vere å kalle seg feminist? For da får ein feministane på nakken med deira konspirasjonstankar, for ja, dei er visst sure, desse to damene. Igjen. Feministar blir ofte beskulda for å vere sure, og det er ein grunn til det. Det kan ha noko med tonen dei seier ting på å gjere. Eg forstår ikjke heilt kva slags verd Simonsen og Yssen lever i. Jo, dei er ELDRE. Dei har eit middelaldrande perspektiv, pluss pluss... Dei bekreftar eigne fordommar gjennom å gjennomgåande bruke dei to casa Julie og Ida frå BI sine synsvinklar på likestilling. Det heile er unyansert og svart kvitt. Gutar vil ikkje bli kalt femi fordi femi er lågstatus. Ein seier ingenting om kvifor damer ikkje vil bli kalt maskulin. Er det fordi maskulin er lågstatus? Neppe. (At eg i heile tatt tar det opp i denne bloggen vil sikkert bli omforma til eit argument om Vikens historieløyse. Gi meg ein pause).

Og kjære Simonsen og Yssen (unnskyld hersketeknikken): vi veit no godt at vi ikkje er heilt likestilt. Om de skal bråke, kan de ikjke bråke for litt andre enn eigne kompisar i bobla? Boblekompisane? Boka er prega av medieelitebriller, og medieerfaring, ikkje av vanlig norsk middelklassebakgrunn eller arbeidsliv, om eg kan tillate meg å bruke eit ord som "vanlig"..

Dette er ei bok som kom, lagde litt leven - aldri Bråk, og som neppe er spesielt representativ for andre enn Yssen og Simonsens egen krets av sterkt middelaldrande, lettare eldre kvinner som har kjørt karrieren til topps. Når skal vi få nokre interessante refleksjonar frå utsida av bobletanken?

Gjesp.

"De hardtslående alfahunnene synes først og fremst å invitere til politisk catfight, til latterliggjøringav de mange kvinnene som i dag oppfatter feminismen som en avleggs ideologi i vårt likestilte samfunn", skreiv Tor Dishington Johansen i omtalen av boka Bråk i Bergens Tidende 15.mars. Eg trur ikkje Marie Simonsen og Ingunn Yssen treff dei som anser feminismen som avleggs. Dei som anser feminismen som avleggs får kanskje heller ekstra fyr på bålet, hevar augnebryna og ventar på at bråket rundt boka "Bråk" skal gi seg. Slik som Kristin Clemet. Til Ny Tid seier ho at Marie Simonsen og Ingunn Yssen kjedar henne. Gjesp. Clemet har rett når ho påstår Simonsen og Yssen bommar på unge kvinner både til høgre og venstre, med mindre ein snakkar om dei unge kvinnene til høgre og venstre som alt er tilhengarar, vel og merke. Men tilbake til Dishington Johansen i BT. Ein ting er å oppfatte feminismen som avleggs, ein annan ting er å oppfatte at feminismen har parkert seg sjølv, avleggs eller ikkje. Litt som Simonsen og Yssen. Gamle damer taler ikkje godt på vegne av oss litt yngre. Førti ER ikkje dei nye tretti..

Spørsmål: er det desse to gamle damene som skal representere oss kvinner i reproduktiv alder? Dei kunne vore mora mi. Nei takk. Eg får lyst til å sei at no er nok nok. Eg er drit lei av å få høyre at ungar er noko herk og at vi må jobbe, jobbe og atter jobbe til vi stuper i dørken. Eg er også drit lei av å høyre om dette evige maset om at vi ikkje er likestilt. Det veit vi no godt frå før. Yssen og Simonsens kronikk i VG 8.mars slår effektivt inn opne dører med store brak.

På same måte som avstanden mellom media og lesar er svært stor, eksisterer denne avstanden også mellom offentlige feministar og "andre kvinner". Her fell Simonsen og Yssen inn i kategori ein. Og det evige fokuset på struktur, struktur, struktur langt frå kvinners praktiske kvardag.

Det er på høg tide med revitalisering av den feministiske oppfatningen av eiga rolle, samt kva feminisme/ kvinnebevegelse skal vere. Er det Yssen og Simonsen som skal gjere dette, med utspel av typen "barn gjer deg ulukkeleg?" Nei takk. Vi treng kvinner med fungerande eggstokkar til å definere dette rommet.

Men dei finst ikkje. Når feministar med eggstokkar i funksjon skal snakke i bokform så du forstår dei, snakkar ein blant anna om kor kåte dei er. Jamfør Rosa Prosa, ein middelmådig antologi om kvinner og kåtskap, som vart lansert på kvinnedagen i 2006. Den første tanken som slo ein då ein las antologien var: er dei stakkars damene bak byline virkelig så forkneppa at dei treng skrive ei bok som fortel oss at også dei kan vere kåte? Vart ikkje vi enige om det for fleire tiår sidan? Feministane i boka framstod som ein gjeng blyge damer med nyoppdaga kjønnsdrift. Kom ut av teorien, damer. Get laid.

Glitterfitter som kom i 2009 var ikkje stort betre, men med andre innfallsvinklar. Å vere kåt var ei selvfølge for Glitterfitte-damene. Dei høyrer til i 2010 og prøver å lage noko i vår tid. Sjølv om prosjektet var udefinert og sprikande, let dei oss høyre litt om kva unge kvinner bedriv og tenker på i vårt tiår av verdenshistoria. Men Glitterfitter vart slått ned som historielause. Kvifor ikkje tillate seg å vere historielause? Av og til kan historia bli kvelande, slik den har blitt for feminismen. Det er ein grunn til at vi har "paradigmeskifter". Det er av og til skrikande nødvendig.Men altfor få vågar seg utpå, og feminismen rykker bakover. Meiningsmonopolet må behaldast. Dette fører i sin tur til at dei same innfallsvinklane og problemstillingane gjentek seg, greit nok, men resultatet blir at ei rekke tema og problemstillingar aldri kjem i fokus. Ikkje minst er det ei rekke stemmer som aldri kjem fram. Audun Lysbakkens kvinnepanel er nok eit eksempel på dette. Dei same damene som uttalar seg over alt ellers, skal her uttale seg igjen. Når skal andre sleppe til? Når skal feminismen igjen bli relevant? Eller er feminismen slik vi kjente den rett og slett død? Det kan sjå slik ut. Den rekrutterer jo ikkje.

"Mange unge jenter i dag føler ikke tilhørighet til feminismen. De kaller seg ikke feminister og understreker at de ikke føler seg undertrykt. Samtidig er det essensielt at flere føler eierskap til feminismen dersom den skal kunne ha betydning og påvirkningskraft. Har feminismen potensiale til å være en bred bevegelse som de fleste kvinner kan identifisere seg med?" spør skribent Julie Eliassen Brannfjell i siste nummer av det feministiske tidsskriftet Fett.

Ho treff spikaren.

Eg las nett boka "Ikke bare mamma" av Line Konstali, redaktør for bladet Kvinner og Familie utgitt av Norges kvinne og Familieforbund. (Jada, eg veit at dei er feile damer å snakke om, men det driter eg litt i. Eg er interessert i kva folk tenker der ute, ikkje kva folk tenker der inne i bobla).

Desse damene kallar seg grasrotfeministar. Medan dei rettruande feministane samlar seg rundt bordet for å sjokkere kvarandre med at dei er kåte (dei også), skriv Konstali om unge kvinner som står i press mellom familien som vil at dei skal ta abort (du kastar vekk livet ditt om du får denne ungen) og venninne som vil at dei skal ta abort (du kastar vekk livet ditt om du får denne ungen). Vi har kome så langt at det å få ungar omtrent blir sett på som unormalt, med mindre du er over tretti vel å merke. På den andre sida sit ei rekke feministar og føler seg tvungne av Staten (!!) til å føde utfrå eit teoretisk perspektiv (Anne Bitsch i Aftenposten i sommar). Kva med alle dei som føler seg tvinga til å ta abort ute i virkeligheten? Ikke bare mamma er eit sjokkerande vindauge inn i unge mødres verd der stigmatiseringa av kvinner som vel å få ungar i tidleg alder er svært tydeleg. Men vi lærer at barn hemmar deg, ødelegg karrieren din, hindrar deg i å ta både høgare og lågare utdanning. Er det ingenting postivt med å få barn? Kvar er alle dei som har positive erfaringar med barn? Vi skal heller snakke om alle problema som følger med ungar og kor grusomt det er, alt saman. Det er i det heile tatt ganske utrulig at menneskeheten fortsatt eksisterer. Yssen og Simonsen underbygger denne påstanden vidare i Bråk. Dei advarer til og med mot å få unger. Spar meg. Vi har hørt det og hørt det og hørt det og hørt det. Kvifor ga de egentlig ut denne boka? Spørsmålet er kanskje frekt, men det er på sin plass. Her manglar både målgruppe og fokus, men mest av alt manglar her nye tankar.

Lykke

Ein kan spørre seg kvifor ein ikkje har klart å gi den enkelte kvinna ein verdi av følelse av verdi, opplevelse av autentisk verdi og lykke, skreiv Catrine Kielos i Klassekampen her i januar. Dette er eit vanskelig spørsmål. Eg har ikkje noko svar, men det er verdt å reflektere over. Skal reflektere litt rundt "kvinnebevegelsen", ser ein raskt at denne ikkje er til for å ivareta kvinners lykke. Kvinnebevegelsen, eller feminisme idag, framstå ikkje som ein inkluderande arena, men som monopolisert og ekskluderande, i stor grad som ein akademisk disiplin monopolisert av nokre få stemmer som vaktar om og definerer rammer og tema utfrå ein definert virkelighetsoppfatning. Dei stemplar kvinner som ikkje gjer dei riktige valga, og fortel deg korleis DU skal leve livet ditt: som dei. Problemet er berre at kvinner er ulike.

"Svarte tomrom i kvinners liv, enkle menn og danna middelklasseseksualitet. Vigdis Hjort har forstått hvorfor den store kjærligheten alltid ender ulykkelig", skreiv eg i eit portrettintervju med Hjorth i Fett nummer 2, 2007. Vi snakkar om korrekte middagar på løkka med dei obligatoriske to trofèungane dinglande rundt i stove fullstappa med karrierekvinner og -menn på randa av skillsmisse, i klemma mellom trikketider og trening på Elixia. Eg forstår godt at det må vere eit helvete for desse folka å ha ungar, og utfrå denne virkeligheten argumenterer dei til oss alle. Eg får lyst til å sei "hald kjeft". Ikkje alle ønsker seg slike stressa liv. Ikkje alle lever slik. Heldigvis puh. Men kvar er dei som ikkje lever slike feminst på løkka-liv? Dei er iallefall fråverande i debatten.Feminisme har gått frå å vere "folkebevegelse" til å vere ein intellektuell hobby for enkeltkvinner. Sjølv om dette neppe er intendert, er det dette biletet av "lukka krets" ein har klart å skape. Dermed når ein ikkje ut.

"Det stemmer at mange tenker på feminisme som et akademisk prosjekt. Blant annet fordi talskvinner for feminisme i offentligheten ofte er akademikere. Imidlertid har jeg også truffet på kvinnelige studentpolitikere som er redde for å kalle seg feminister, fordi de ser på feminisme som en subkultur de ikke føler seg hjemme i. Dette er dyktige og engasjerte jenter man uten problem kan se for seg omfavne feminismen. Likevel vil de ikke kalle seg feminister. Når man ikke lykkes i å gjøre feminisme tilgjengelig for høyt utdannede kvinner, kan det bli problematisk å fokusere på å inkludere arbeiderklassekvinner i tillegg", sa Cathrine Holst i eit intervju i siste utgåve av Fett. Ho har heilt rett.

Feminisme skal kjempe for like rettar for begge kjønn, kva med å kjempe for at alle kvinner skal respekterast for sine valg? Der finst mange feminismar innad i feminismen, seier ein, men dette må du vere innanfor for å sjå. Dette ser ein ikkje frå utsida. Ein må argumentere utover, ikkje innover. Ønsker ein å nå ut til kvinner generelt, eller ønsker ein kun kred i eigen krets? Enkelte profilerte feministar framstå utvilsomt som det siste. Slik ødelegg dei for feminismen som vert oppfatta som klubbprega og lite i tråd med virkeligheten. Ein sjølvforståelse motsatt av denne, kan vere ein stad å starte. Då vil gjerne fleire gidde å engasjere seg, eller føle at der er rom for deira syn. Det finst ingen fasit på kva som er best for oss kvinner. Kvinner må få lov å kome med innspel. Ein kan gjerne sei at strukturar tilbyr dårlige vilkår for likestilling mellom kjønn, men feminisme i si framtoning er ikkje nødvendigvis mindre rigid enn strukturane dei kritiserer.

Det er på tide å slå eit slag for ein meir inkluderande feminisme. Kanskje kan ein unngå at feminismen havnar på historias skraphaug, men det bør skje raskt.Ein treng fleire stemmer som kan definere kva feminisme skal vere, dersom feministar tillet det då. You can't win them all, men kan kanskje unngå at dei for alt i verden ikkje vil vedkjenne seg ordet "feminist". Slik det ser ut idag, er det neppe "kvinnebevegelsen" som kjem til å auke kvinners lukke i åra som kjem. Det må nok andre aktørar til.

Og Yssen og Simonsen: nei takk.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb