Gå til hovedinnhold

Død feminisme

Klikk på artikkelen og den blir stor og leselig eller les teksten under her:

Signert-artikkel frå Klassekampen 27.mars 2010.

«De hardtslående alfahunnene synest først og fremst å invitere til politisk catfight, til latterliggjøring av de mange kvinnene som i dag oppfatter feminismen som en avleggs ideologi i vårt likestilte samfunn», skreiv Tor Dishington Johansen i omtalen av boka «Bråk» av Inngunn Yssen og Marie Simonsen i Bergens Tidende 15. mars. Men det er ikkje det Yssen og Simonsen
trur at vi trur som er avleggs. Det som er avleggs er å fronte likestillingskampen med aggressiv retorikk, slik Simonsen og Yssen gjer. Den sinte retorikken er ikkje gangbar – om ein vil nå ut og ikkje berre skremme folk vekk, vel å merke. Men Yssen og Simonsen vil ikkje nå ut, med mindre det å vere i mediene er å nå ut. Men i det papiravisenes morgonutgåver klaskar i kjøkkenbordet,
møter dei to sinte damene ein vegg. Vi er lei av negativiteten. Men dette bryr dei seg neppe om.

Simonsen og Yssen framstår som intolerante, territoriehevdande, surmaga kjerringar. Fasiten er: ikkje få ungar, du blir ulykkelig. Kjør på mot alle strukturar med sur retorikk. Spørsmålet er kva godt denne framgangsmåten fører med seg for debatt om likestilling. Det fører til polarisering, ikkje til dialog. Då eg kom til Oslo trudde eg feminisme handla om toleranse, mangfald og
kvinnekamp på vegner av alle kvinner, men eg tok visst feil: Det handla om posisjonering, tilbakevising av alle andres syn enn ditt eige og forsvar av territorium på vegner av nokre få.


Kven er det som meiner at feminismens rasande frontsoldatar kjemper for kvinner? Stadig færre. Kven er det som meiner at far er ein dårlig omsorgsperson? Neppe så mange. Kven meiner at vi
er ego som tar utdanning? Aldri hørt om. Problemstillingane dei to forfattarane kastar ut er like steinalderbaserte som evolusjonspsykologiens teoriar.


Får nokon av oss lov å velge annleis? Eller blir vi ledd ut og latterleggjort av kjeftande gammalfeministar og deira kjeppdragarar, som har med seg eit lass bøker om feministisk teori og påstår vi ikkje veit kva vi snakkar om. Eg har lese min del, men ein treng ikkje lese feministisk teori for å sjå at den aggressive retorikken er skadeleg for likestillingsdebatten, med mindre det er freakshow feminisme er meint å vere. «Bråk» føyer seg inn i ei rekke av liknande 8. mars-utgjevingar, til dømes «Rosa Prosa», ein middelmåtig antologi om kvinner og kåtskap, som vart lansert på kvinnedagen i 2006. Det første som slo ein då ein las antologien var: er dei
stakkars damene bak bylinene verkeleg så forkneppa at dei treng skrive ei bok som fortel oss at også dei kan vere kåte?


Nok eit sirkus var i gang. Faen heller, kan vi seie og lene oss tilbake med eit par pils på løkka. Vi er ikkje motstandarar av arbeidet for likestilling. Vi er derimot motstandarar av den evige kjeftinga om kor gale det er å vere kvinne. Vi er ressurssterke, vi er kvinner og vi deltek gjerne, men ikkje på desse premissane. Det er ingen motsetning mellom å vere positiv til feminisme, samt å meine at likestillinga må betrast, på same tid som ein tar avstand frå korleis feministar framstår i media.


Det mediale sjølvmordet er såpass grundig gjennomført at ein tek seg i å lure på om Harald Eia puslar rundt i kulissene. I kampen om meiningsmonopol og i utøving av intoleranse har både
feministar og kjønnsforskarar blitt redusert til skjellsord. «Eg forstår godt at folk ikkje vil identifi -
sere seg med feministar, slik som dei oppfører seg», seier ein gjerne. Slike utsegn er velkjende. Vi har høyrt dei før, men må visst seie det igjen. Snart må det lyttast til. Spørsmålet er om vi skal
akseptere at desse medietrolla arrogant spreier om seg med edder og galle og kallar det for feminisme, og håner kvinner som har andre meiningar enn dei sjølve.


Nei, denne måten å føre kvinnekamp på høyrer heime på skraphaugen. Det finst ingen fasit på kva som er best for oss kvinner. Ein må gjerne påpeike at det stadig fi nst strukturar som skaper
dårlige vilkår for likestilling mellom kjønna. Men den feminismen Marie Simonsen og Ingunn Yssen ender opp med å fronte framstår som like rigid som strukturane dei kritiserer. Det er på høg tid å slå eit slag for ein meir inkluderande likestillingsdebatt.

Signert-artikkel frå Klassekampen 27.mars 2010.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn