Gå til hovedinnhold

"Mykje av kritikken som er komen mot deg som person vitnar om at kritikarane har dårleg språkleg/litterær kunnskap, lite sjølvironi og navleskuande.."

Kommentar frå bloggen: eg siterer heile kommentaren her:

Eg må sei at eg er litt sjokkert over enkelte menneske sin manglande evne til å tolke språklege metaforar. Noko må ha gått gale i skulen ein plass.

No skal det vel seiast at kronikken tidvis er sett på spissen så det held, og tilsynelatande har du fornærma eit heilt samfunn. Det morosame/ironien i det heile er jo at dei med sin umiddelbare aggresjon og nedslakting av innlegget hevar seg rett opp i bunadsligaen/eliteserien/
mafiaen.

Nok ein gong måtte eg le då eg las det håplause innlegget du nemnar over. Etter mi meining er det utruleg at nokon som kallar seg akademikar kan lire av seg slikt tull. Evne til å skilje person og sak er ikkjeksisterande.

Mykje av kritikken som er komen mot deg som person vitnar om at kritikarane har dårleg språkleg/litterær kunnskap, lite sjølvironi og navleskuande hovmod. Lite flatterande eigenskapar om du spør meg.

Eg tykkjer det er flott at du set lys på denne debatten. Ein debatt som eg veit er i ferd med å bli tatt på alvor i lokalsamfunna. Dei er nøydde til å gjere noko for å hindre utarming av busetnaden og tru det eller ei; Tyskarar og andre turistar vert sjeldan buande meir enn 14 dagar, til kjølebagen har blit fylt opp med fisk. Rask profitt kan ein på sett og vis seie. Men her lyt ein til med meir langsiktigige tankar og strategi.

For at vi unge med høg utdanning skal kunne flytte attende og gjere fjordfylket til ein likare plass å bu er ein nøydd til å leggje til rette for nyetableringar og spennande arbeisplassar for ambisiøse fagpersonar.

Dette er ikkje gjort utan eit fellesløft, og difor må bunadseliten, eller bunadsmafiaen som eg likar å kalle den. Ein aldeles fantastisk metafor tykkjer eg!

Stå på Anne, utan slike debattinlegg trur eg debatten størknar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...