Gå til hovedinnhold

Glitterfitter - øyeblikksbilder frå unge kvinner i mi samtid

Eg har begynt å lese boka Glitterfitter. Til no har eg lese dei seks første, pluss forordet. Min konklusjon er dessverre nedslåande all den tid eg var begeistra for redaktøranes refleksjonar rundt boka i VG.

Eg får ikkje heilt tak på kva ein vil sei, men eg får tak på ei rekke assosiasjonsrekker som kan tolkast, og som fortel meg om kva som foregår inni hovudet på dei som skriv. Tekstane er spegl på kva unge kvinner i tjueåra tenker om det å vere kvinne, ergo gode tidsbilder, og kan slik sett ikkje avvisast - men ein har gjort seg sjølv ei bjørnetjeneste ved å la lange uredigerte uferdige tekstar kjede lesaren side opp og side ned.

Det er også vanskelig å forstå kva ein vil sei all den tid det heile er lite konkret, og meir framstår som tankerekker: masse ord og utmaling og utbrodering. Spesielt slår Julie Rylands tekst meg som i overkant lang med tanke på kva ho har å melde. Teksten har mange interessante refleksjonar, og eg syns på mange måter den var god, men skribenten har behov for å bruke langt fleire ord enn kva godt er.

Ikkje bra for ein journalist, og det slår meg stadig at det er litt rart at journalistar står bak dette prosjektet. Dei pleier da vere både presise og korte i sine formuleringar. Her har det gått litt av skaftet, eller ein har sett seg kanskje blinde på eige prosjekt, men dette funker ikkje heilt all den tid det verken blir god journalistikk eller god litteratur på denne måten (iallefall ikkje her).

Tekstane formelig roper etter redigering og kutt, kutt, kutt meg ned! Ei strammare form ville ha heva prosjektet, og gjort det heile meir lesverdig. No sit vi i stor grad med overdriven og masete ordbruk.


Motstandsudyktig av Benedicte Wessel-Holst er ein banal og sjølvsikker flinkistekst, kjapt formulert uten interessante refleksjoner men med påstander av denne typen, ukledelig befengt med påhengssetninger som "er for meg helt uforståelig", "ikke glem det" og "synes jeg er rart". Svake litterære grep.

"Å påstå at dette ikke representerer noe press (at vellykkede venninnegjenger skal bugne av barn), er for meg helt uforståelig."

"Man kan ta livet av folk med puter, ikke glem det."

"Å ikke innrømme at den (svangerskapspermisjon) kan framstå som en befrielse, synes jeg er rart".

Teksten er underlig banal og påståelig på svakt grunnlag, men dette er også ein måte å sjå verda på, og eg tar det til etterretning at nokon tenker slik. Det er greit å vite. Ein kan ikkje berre dyrke si eiga oppfatning av verda.


Hun gråter aldri. Bare i begravelser av Trine Sollie er bokas høgdepunkt så langt. Dei to sekstenåringanes syn på kva som er ei vellykka kvinne, er talande og interessant lesestoff som gir deg eit innblikk i deira virkelighet, uten meir om og men. Enkelt og greit.


Ting jeg virkelig burde prøve å gjennomføre av Silje Bekeng er rotete og ufokusert, tross søte historier frå barndommen og Bekengs gode språk. Det heile er uinteressant og det er litt uklart kva ho vil, men refleksjoner ser ut til å vere greia her så sånn sett treffer den vel sjanger.


Veslejente av Veslemøy Aga er ein typisk show dont't tell tekst med få men velvalgte og talande scener og ord. Denne er også ein høydare språkmessig, og litt sånn flash backs til alle do og don'ts når du sjekker menn, som vi kvinner lærer at vi skal bruke: ikkje ring, vent, bli sint osv. Morsomt. Sex og singlelivaktig, men kvifor ikkje.


Ta ansvar, si ifra og bråk litt mer! av Charlotte Myrbråten havarerer som oppgitt og uinteressant, og ein ser dei same korrekte ord og vendinger som har gjort feminister til eit vedheng som motvillig slepes bak tida i disse dager. Myrbråten peikar på trendy versus gammaldags feminisme, og uviljen mot å kalle seg feminist fordi ein då er redd for å bli sett på som prippen, humørløs og utrendy gammaldags. Dette trur eg er ei sanning med dei berømte modifikasjonane. Det er vel heller måten feminister sjølv framstiller seg sjølv på som fører til at mange tar avstand. Blant anna i debattform og i Myrbråtens eige utspel i Dagbladet der ho faktisk går så langt som å se at ein ikkje kan kjøpe seg truser på Victoria's Secret før kvinner har oppådd like mykje makt, innflytelse og trygghet som menn. Seriøst ass. Da blir det heile parodisk og flisespikkersk, og det kan vere at dette fyrer opp under fordommane mange har av feminister. La folk velge truser i fred. Gi oss noko å tenke på heller.


Feministene er de andre av Julie Ryland er interessant, men altfor lang og masete. Eg tok meg i å lure på kvifor Ryland, som er journalist, ikkje har kappa ned på denne superoverlange teksten, samt at ho ikkje tenker meir på at dette skal leses? Men ok, det er ikkje sikkert eg er i målgruppa for denne samlinga, sjølv om eg er på alder med desse skribentane. Men kven er då målgruppa?

Eg anser boka som ei mengde uredigerte assosiasjonsrekker og tenker at ein treng egentlig ikkje sette merkelappen feminisme på den heller. Ein kan kalle det for det den er. Assisasjoner rundt det å vere kvinne frå unge kvinner i tjueåra, feminisme eller ei. Tidsbilder inn i hodet til unge kvinner, kan vere ein annan tittel. Og slike tidsbilder skal ein ikkje avfeie, sjølv om dei kan virke både masete og historieløse som enkelte (merkelig nok) har påpeikt at dei er. Desse tekstane gjer på ingen måte krav på å vere historiefulle, heller personlige øyeblikksbilder. Ein får ta det som det er, men ei hardare redigering hadde absolutt gjort seg. Dessuten burde ein kanskje ikkje ha fokusert så masse på ti år etter Fittstim, all den tid dette virkelig er noko heilt anna, men enkelte markedsføringstriks må vel tas i bruk? Spørsmålet er om det var lurt. Uansett har det avfødt masse mediadekning, og debatt er aldri å forakte.

I mellomtida tenker eg at det er interessant å kikke inn i hodet til desse unge kvinnene gjennom Glitterfitter. Ein skal ikkje avfeie kvinner i si eiga samtid sjølv om dei ikkje har lese den feministiske kanon, og til tider formulerer seg vulgært, så eg velger å heie på Glitterfitte-damene og sei kjør på i spaltene, om enn under ei litt strengere form.

(Og alle må vere klar over at for ein feminist vil det sannsynligvis vere sjølvmord å sei at denne boka er god. Da blir du nok ganske kjapt stempla som både antiintellektuell og ein smule banal. Det seier littegranne om klima, men eg trur nok det er sant. Så forvent intet anna enn slakt, Glitterfitter.)

No skal eg vurdere å lese resten av boka.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys