Gå til hovedinnhold

Å forstå seg på periferien

Eg prøver å forstå meg på periferien, atter ein gong. Og dermed gjer eg eit forsøk på å lese ein rapport frå NIBR. Den slår fast at ingen flyttar til arbeidsledighet. Godt poeng. Selvfølgeligheter må også skrivast ned i heavy rapporter.

Kvifor nevner eg det her? Fordi eg er motstander av slike krisetiltak for Sogn og Fjordane som har blitt lansert, med nedbetaling av studielånet til dei tilflyttande høgt utdanna stakkarane som har opphalde seg i sentrale strøk og no tenker seg ut i periferien med studielån og utdanning i bagasjen.

Her begynner ein i feil ende. Kort sagt fordi ein kan ikkje tilby nedbetaling av studielån FØR ein tilbyr folk jobb. Det finst for lite jobbar for høgt utdanna masterstudentar i Sogn og Fjordane.

I nok ein rapport kan vi lese:
"De tradisjonelle storbynæringene er sterkt underrepresentert i fylket. For eksempel har ulike forretningsmessige tjenester bare halvparten så høy andelen av de sysselsatt som landsgjennomsnittet."

Konklusjon: skap arbeidsplasser og la oss betale låna våre sjølv.

Vidare les eg:"Det kan umiddelbart se ut som om næringslivet ”moderniseres”, men samtidig skal en advare mot å etterstrebe en næringsstruktur lik alle andres. Ulike former for konkurransefortrinn er ofte tuftet på næringsmiljøer som er spesialiserte, benytter lokale ressurser og står fram som unike i sammenligning med andre. Det er også ”storbynæringer”, det vil si tjenestesektoren, som merker konjunktursvingninger sterkest, så disse er det ikke noe poeng å trakte etter i økonomiske nedgangstider."

Ok, forskarar. Det er vel å bra med lokalt tilpassa næringar, men vi må også tenke litt på kva folk vil jobbe med, vel å merke om vi vil ha folk ut av byen. Om lokalt tilpassa, betyr uinteressant, kva gjer ein då? Kikk på dette:

"Fylket har høy ungdomsutflytting, spesielt av personer med høy utdanning. Dette henger også sammen med at fylket ikke har noen middels stor by. Det er kun Førde som har positiv innflytting av unge i 20-årene."

Lokalt tilpassa er tydeligvis ikkje det unge folk vil ha. Og eg liker ikkje slik moralisering frå forskarhald: BEHALD DET UNIKE!! jaaada, men kva om det ikkje funker: "Av de som tar høyeste utdanning, flytter i det lange løp 85-90 prosent bort fra oppvekstkommunene sine. Av disse er det kun 12 prosent som når de er 40 år bor i en annen kommune i fylket."

Føkk det unike.

Dei gamle derimot, ser ut til å leve evig i Sogn og Fjordane: "Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har høyest innslag av eldre. Det er kun fire kommuner som i 2008 ikke hadde overrepresentasjon av personer over 85 år, sammenlignet med innslaget i landsbefolkningen. Grunnen til Sogn og Fjordane inntar denne posisjonen er en kombinasjon av langvarig lav dødelighet og høy nettoutflytting av unge voksne. De eldre generasjonene blir da hele tiden relativt sett større enn de yngre."

Leve oldingar!

Eg har inga løysing på problemet, men eg gjer mystiske funn og synest distriktsforskarar kan vere ehh litt vage og ja, tidvis ligg selvfølgelighetene lag på lag. Eg les meg gjennom laga.

Kjem du?

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...