Gå til hovedinnhold

The Tenderness of Wolves: god bok, god helg!

Dette er ei fabelaktig flott historie. Kjøpte den på flyplassen i London her forje veke, og den måtte berre lesast. Det gjekk ikkje anå legge den frå seg. Forrykande fin story. Om eg får oversette ei bok til norsk nokon gong, vil eg gjerne starte med denne. Fortellerstemma er genialt. Korthogd og direkte på ein original måte. Definitivt ein original roman om eit nybyggarsamfunn i Canada 1867.



Oppdatering: boka er oversett til norsk og heiter " I ulvenes skygge" på Bazar forlag. Dette er ein veldig misvisande tittel. Det er nettopp i skuggane av ulvane desse folka ikkje er. Det blir fastslått alt på side ein då hovedpersonen ser ein ulv og blir overraska over kor liten den er. I resten av boka forheld ein seg til ulvane som kreaturar som lever i skogen, men som ikkje skadar deg. Dei er der, saman med deg, og utgjer aldri ein trussel bortsett frå ein gong då ulvar tek ein sjuk hest frå to vekksprungne nybyggarar midtvinters. Ein lever ikkje i skuggen av ulvane, men i samspel med. Dette viser seg når ulvar treff hundar midtvinters. Kvar gong ulvane vert observert av hovedpersonen, viser dei seg frå ei anna, meir øm og snill side enn det ryktet deira fortel deg at dei er. Og det er difor den engelske tittelen er så treffande, og så mangetydig og spennande. Den fangar bokas innhald og stemning, og hovedpersonens tvetydigheit i relasjon til seg sjølv og villmarka. Den norske tittelen er lite dekkande, om ikkje direkte misvisande.


Bazar forlag omtaler også boka som "krim". Det er altfor snevert. Altfor store delar av boka kretsar om personlege baktepper, relasjonar og parallelle historier i historia til at dette kan omtalast som krim. Det er ein roman. Ikkje ein krimroman.

Eg forestiller meg at eg vil bli skrekkelig skuffa om eg les den norske omsettinga. Trur eg dropper det.




Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...