Gå til hovedinnhold

Norge er ei bygd. Difor kjeftar folk på Ari Behn.

Kven er Norges største interne kjendis? Ari Behn. Og folk blir dritsure for alt fyren gjer og kaller han klovn i kommentarfelt. Folk raser mot Ari Behn no og Ari Behn da. Han ringer opp folk, han kler seg som dame, snakkar med sin døde bestefar.

Ærleg talt. Har ikkje folk andre ting å tenke på? Dei må da kjede seg fryktelig som bruker så masse tid på Ari Behn. Eventuelt er berre Ari Behn ekstremt interessant og folk ellers gudsjammerleg kjedelege. Ari Behn er i seg sjølv ekstremt provoserande fordi han bryter med alt Bygda forlanger av han: konformitet, normalitet, kompetansemangel og anonymitet. I følge Bygda skal du vere middelmådig og anonym. Men herregud så kjedelig. Det gidder vi da ikkje.

Norge er ei bygd. Ei bygd der alle som sjølv er feige, opptekne av å passe inn og ikkje vågar anna enn å sei det same som naboen, kavar seg voldsomt opp med ein gong nokon gjer noko litt anna, noko litt på sida. Og ein har verken humor eller toleranse. Ein har berre sin sure kjeft, sin eigen lite imponerande, kjedelege grå CV, stasjonsvogn og eit middelmådig hus. Ein kjem liksom aldri lenger enn til midten av normaliteten. Og der er det ikkje mykje merksemd å hente. Difor må ein raljere og rase mot alle som utmerkar seg.

Det er det lågaste av alle diskusjonsformer: å snakke om andre menneske. Det er uinteressant, men det er det folk flest snakkar om: naboen, folk som skriv i avisa, folk som er på tv, eksen sin.

Who cares?

Kor mange av oss får gitt ut ei bok, hatt eit tv-show eller snakka med sin døde bestefar? Knapt nokon, og dei som snakkar med sin døde bestefar held godt kjeft i frykt for naboen. Det krev litt mot å stå opp mot Bygda.

Å disse Ari Behn er ein antiintellektuell disiplin. Det motsette av tolerant og urban. Urbanitet i seg sjølv er eit vern mot antiintellektuelle krefter. Eg sit for augneblinken spikra fast her ute på Bygda i Sunnfjord. Det er kjedelig her, det er roleg og det er greit. Eg oppsøker det. Men møter ein folk rundt om hjørna så flår dei meg med spørsmål. Og ikkje spørsmål om interessante ting, debatter, bøker, samfunnsspørsmål. Nei dei vil vite ting om meg. Om boka mi. Korleis går det med boka di? Skulle ikkje den ha vore ferdig i januar? osv.. Dei gneg om kjedlege ting. Ingen orkar spørre kva boka handlar om, det er: skulle ikkje den vore ferdig for lenge sidan? Svaret er nei. Vi held tidsskjema. Shut the fuck up og skriv ei bok sjølv. Det er ikkje så vanskeleg. 3 av 1000 manus blir antatt per år på dette forlaget. Du greier vel det?

Her  om dagen sat eg på bussen til Bergen og vart forhørt om alt frå hesten min til foreldra mine. Ærleg talt. Har folk inga sjølvrespekt? Kven er det som sit og forhøyrer folk? Gud så kjedeleg. Kven er det som virkelig har detaljinteresse av naboen? Joda, dei har det fordi dei treng noko å prate om neste gong dei møter nokon folk dei kan snakke om andre folk med. Dei har verken andre ting å snakke om eller andre interesser. Det er folk som kort sagt ikkje gjer noko anna enn å preike om naboen, drikke pils og jobbe frå åtte til fire. Greit. Lat dei gjere det. Det raker ikkje meg, men så får dei da også tolerere at der finst folk som vil gjere andre ting med livet sitt. Som Ari Behn. Lat no fyren snakke med bestefaren sin om det er det han vil gjere. Eg har ingen problemer med det. Derimot har eg problemer med den ekstreme intoleransen som Bygda, Norge, utviser.

For kva i hulaste er problemet med Ari Behn i grunn?

Tåler folk han ikkje fordi han faktisk gjer det han gjer uten å vere så redd og feig og anonym og treig og tilmålt horribelt veltilpassa som dei fleste av oss? Kva i alle dagar er eigentleg poenget med å tilpasse seg Bygdas krav til kva du skal vere, meine og gjere?

Der finst ikkje eit poeng. Med mindre du ønsker å vere middelmådig og usynleg.

Men sånne folk er ikkje dei som skal definere oss. Ein må måle seg oppover, mot dei dyktige og dei synlege, ikkje mot dei som høfleg lever på A4s premisser.

Folk må ha mot nok til å akseptere typar alla Ari Behn. Å sei at Behn er teit, er kort sagt feigt.

Dei fleste av oss er gørr kjedelige A4-folk. Og desse traurige menneska sydar og kokar av misunnelse mot, angst for, det dei sjølv ikkje forstår eller hadde våga sjølv. Vankunne og kjedsomhet får folk til å jage Ari Behn.

Det er avslørande. Mitt tips er at folk muligens skal få litt meir ut av sitt eige liv heller enn å sitte og gneldre over folk som faktisk får litt show ut av si tid her på jorda. Gneldrekjerringane som sit og irriterar seg over folk som stikk hovudet fram, har aldri drive verda framover. Og glade er vi for det. Då hadde det verda vore eit sorgens kapittel.

Difor har eg meir sansen for Behn enn hans traurige kritikarar som i mangel av eigen kreativitet, må bruke Behn for å vise seg fram. Synd for dei. Ofte druknar det dei eigentleg ville sei i fokuset på dei sjølv (som har vore i kontakt med Ari Behn), og på Ari Behn.

Eg har lese alle Behns bøker, og dei er inspirerande på den måten at han faktisk tørr skrive litt annleis. For det er med forfattarar som med andre: ein skal passe seg litt. Det er skummelt å vere original. Du risikerer jo å bli slakta fordi også kritikarane forventar seg det vanlege.

Eg gir ut bok i 2012. Den kjem til å slå ned som ei bombe og Bygda vil aldri bli den same att. Fuck A4. Vi skal kjøre show.
.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...