Gå til hovedinnhold

Våg å delta i offentleg ordskifte

Spalte i siste utgave av bladet til Naturvitarane. Kan lastast ned her.

Eg er naturvitar, nærmare bestemt utdanna veterinær, og eg er journalist og skribent. Eg har i alle år vore ein einsam og svært sjeldsynt fugl. Det heile finst nesten ingen, om nokon, naturvitarar i pressa.

Å vere veterinær er i seg sjølv kuriøst. Å vere veterinær i pressa er uberkuriøst. Det er ingen som forstår kva i hulaste eg driv med som journalist. Folk er ofte så overraska at dei skiftar både farge og fasong konfrontert med dette overveldande fakta. Kva i alle dagar? Er du veterinær? Og neste spørsmål: Kvifor kastar du vekk den lange, fine utdanninga di på å jobbe i media?

Snork.

Oppfatninga er gammaldags. Den er eigentleg ganske latterleg. Kva med alle dei som har fem års studier i statsvitskap frå Blindern? Dei brukar då også ei lang, fin utdanning til å jobbe i pressa.

Det rekk å kaste eit skeivt augekast mot pressa for å bli klar over at langt fleire naturvitarar skulle ha funne vegen dit. Men det gjer dei altså ikkje. Det finst ingen tradisjon for dette, verken blant naturvitarane sjølv eller blant journalistane. Pressa skjønar ikkje at dei treng oss. Naturvitarar skjønar ikkje at dei kan bruke utdanninga si i pressa.

Og naturvitarar er altfor lite frampå i media. Altfor få er i posisjon i samfunnsdebatten. Veterinærar finst ikkje. Dei tel klør på kattar og klappar hunden sin heime på kjøkkenet. Men vi må vere der ute og påverke. Der er ei rekke tema, som landbruk, som er for viktige til at ein kan overlate det til lekmenn. Men medan samfunnsvitarar slenger seg på samfunnsdebatten, sit naturvitarane på labben. 

Vi lever i år 2010. Der finst store muligheter for den som greier tenke litt utanfor rammene. Kva skal ein som har fem og eit halvt års utdanning i medisin stå og kastrere kattar etter? Vi kan like godt operere ute i felten som journalistar, skribentar og forfattarar. Det er ingen tvil om at det offentlege rom skrik etter naturvitarar som tenker på anna enn sprøytespissar og labmikroskop. Eller skrik blir feil ord. Ingen savnar oss. Vi må sjølv vise at vi trengs.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...