Gå til hovedinnhold

Kvifor skal vi ha norsk landbruk når det er i ferd med å fjerne seg frå både natur og småskala drift?

Eg stiller eit par enkle spørsmål. Per idag bruker vi veldig mykje statlege midlar på å finansiere eit norsk landbruk. På same tid som vi snakkar om at smått er godt, og at norsk mat er naturnært produsert. Dersom desse to påstandane er usanne, kvifor skal vi då ha norsk landbruk?

Presisering: smått er ikkje alltid godt. Det ser ut til at dyrevelferden er lågare i småskala besetningar, gjerne fordi bonden jobbar deltid. Det er altså ei myte.


Vi må også skille mellom produksjon av kvitt og rødt kjøtt, samt melk. Kvitt kjøtt er industriproduksjon. Rødt kjøtt og melk er i Norge fortsatt småskala.

Norsk landbruk utviklar seg i same retning som landbruket ellers i Europa. Større einingar, meir industri. VVi satsar stort på produksjon av kvitt kjøt frå kalkun og kylling, samt egg frå høner i bur. Alt dette er dyr som lever heile sitt liv innendørs i STORSKALA oppdrett langt frå naturen, og som aler opp dyr som har sterkt redusert dyrevelferd, stikk i strdi med norske målsetningar om å vere verdsmeistrar i landbruk og dyrehald. Desse dyra et kraftfor som vi har importert frå andre land, og som det krever enorme landbruksareal og framstille med påfølgande utslepp frå produksjon, bruk av kunstgjødsel og så transport til Norge.

I regjeringsplattformen Soria Moria er det målsetning om større bruk av beiteressursar. Men vi veit at ein treng ikkje sleppe ut kyr som lever i lausdriftsfjøs. Melk er stadig større grad produsert på kraftfor, ikkje på gras og beiteressurssar.

Om norsk landbruk, som vi no ser, skal bli som landbruket i andre land. Vi satser på kylling, kalkun og egg. Kvifor skal vi då oppretthalde det? Berre fordi vi skal forsyne eige marked? OM det no skal få utvikle seg i ein retning som verken er småskala eller naturnært, dei to eigenskapane som vi framhevar som vår eigenart og som kvifor vi treng det norske landbruket. Kvifor satser vi ikkje på produksjon av melk og kjøtt og sau som jo ER norsk småskala og reint? Heller enn på industrigreinene av landbruket?

 Kun eit argument står då att: sjølvforsyning. I ei global verd med stor grad av interaksjon over grenser, er det heile relevante spørsmålet ein bør stille seg: Er det då verdt å bruke så mykje statlege midlar på finansiering av næringa når den ikjke ivaretek dei verdiane den påstår å ivareta? småskala og naturvennleg? Er det kun av distriktspolitiske hensyn ein tek vare på landbruket i Norge idag? Neppe. Næringa er for lita til å vere viktig nok der også.

Og kvifor, i grunn, ha det aller mest småskala landbruket når det er her dyrevelferden vert dårlegast ivaretatt?

Eg kjem tilbake med vidare fakta, tal og meir info om dette tema i løpet av få dagar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...