Gå til hovedinnhold

Smått ikkje godt


Kvalitet blir ikkje avgjort av «skala».

Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 27.november 2010
I Norge snakkar vi mykje om kvalitetane ved småskala produksjon. Vi blir fortalt at småskala landbruk er bra. Dette er langt frå den praktiske sanninga.
«Vi blir fortalt at smått er godt», skreiv eg på bloggen min for ei veke sidan. Det gjekk ikkje mange minutta før det tikka inn ei melding frå ein veterinærkollega i felten. Hans meining var klar:
«Det må sies at det er INGEN sammenheng mellom små bruk og god dyrevelferd. Mitt inntrykk er at det nesten kan være motsatt.» Ein annan kollega supplerte: «Det er dei store bøndene som oftast har den beste kvaliteten og den beste dyrevelferden».

Dei har sjølvsagt rett, men det dei seier strir mot dei norske mytene. Det er på høg tid å slå ihjel litt myter rundt norsk landbruk. Eg tenkte begynne med «småskala» og «tid per dyr».

Deltid er ein trussel mot produksjonskvaliteten.
Småskala bønder er ofte deltidsbønder. Dei brukar halve dagen på arbeid ein annan stad. Dette går utover produksjonen, utover dyra og utover bonden sjølv. Dette er ein klar bakdel med småskala landbruk: ein stor del av det er deltidsdrive.

Bondens kompetanse er avgjerande.
Eit anna viktig poeng er bondens dyktigheit. Det hjelper lite om ein fulltids småskala bonde med ti kyr har ein time per dyr per dag om han ikkje maktar behandle dyra skikkeleg, ropar til og stressar dyra, har ein skitten fjøs eller er dårleg til å følge med på enkeltdyrs helsetilstand.

Kyr som er utsett for mindre stress, vil melke meir, ha mindre jurbetennelse og bli sjeldnare sjuke uavhengig av «skala» eller «tid per dyr». Den enkelte bondens kompetanse og evne til å bevege seg roleg blant dyra er langt viktigare. Tid per dyr er eit «menneskeskapt behov», og eit begrep brukt i retorisk forsvar for småskala produksjon. Det er ikkje eit begrep av betydning for dyra. For dyret er det viktig at bonden er handterar dei roleg samt at dyret ikkje blir plaga av andre dyr. Dyr liker rolege mennesker som ikkje skremmer og stressar dei.

Ein stor bonde kan vere kompetansemessig overlegen ein småskala bonde både i stell, handtering og i å følge med på dyras helse, sjølv om den storskala tilsynelatande har langt mindre tid per dyr. Ein ting er at ein storbonde ofte har meir erfaring. Erfaring er eit undervurdert parameter. Kompetanse er noko heilt anna enn skala.
Eit praktisk eksempel: eg blir oppringt av ein bonde med to hundre kyr. Han har ei ku som har klumpar i melka på høgre bakspene. Han har stålkontroll på kvar einaste spene i besetningen og vil at eg skal kome og sjå på denne eine spenen sjølv om kua ellers er heilt frisk. Du ser ikkje på kua at noko er gale. Ingen feber, ingenting. Bonden må altså ha undersøkt melka i alle spenane på alle kyrne i heile besetningen for å finne denne eine med feil på. Då eg kom og såg på kua, såg eg knapt at det var noko gale med melka. Så små var forandringane. Dette kalles dyktigheit hos bonden. Det kan ikkje overvurderast. Dyktigheit og produksjonskvalitet heng ikkje saman med verken småskala eller tid per dyr.

Fakta: Kvalitetsskilnadane i det norske landbruket finn ein ikkje mellom små og storskala bønder, men mellom enkeltbønder. «Skala» og «tid per dyr» er to begrep så og sei utan innhald og betydning for produksjonskvaliteten.

Ein pratar også om småskala når det kjem til produksjon av kvitt kjøt og egg: kalkun, kylling og verpehøns. Men desse tre landbruksdisiplinane er industriproduksjon uavhengig av skala. Du kan ha tre tusen griser, eller tre hundre. Bygningane vil vere like, krava til kor stor plass purkene skal ha vil vere dei same, og grisene vil bli sende til slakt ved same slaktevekt.
Det er ingen automatikk i at dyrevelferden er betre om du har ti tusen istadenfor ti millionar kyllingar.
Maksgrensa for kor mange dyr du kan ha per areal er den same. Flokkstørrelsen også lik.

Når mesteparten av Norges befolkning no verkar gå rundt og tru at småskala er best, og at «tid per dyr» er viktig, er det resultatet av vellukka merkevarebygging. Det hindrar ein kompetansebasert debatt om landbrukets utvikling, og dette er antagelegvis også meininga. Kva ville forbrukarane sei om smått ikkje er godt, og at tid per dyr er ein vits?
Vi er det landet i verda som brukar mest statlege midlar på landbruket. Dette må ein retorisk forsvare. Når då fakta ikkje passar til bodskapen, må ein ty til myter. «Småskala» og «tid per dyr» er to eksempel på slike.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...