Gå til hovedinnhold

Førbannade jævla fittefeminist eller dame som står opp for seg sjølv??

Er eg ein feministisk vrøvlar fordi eg setter grenser som eg krever at blir respektert? Nei. Det er det verste vrøvlet eg har hørt på lenge, og kven er det som i 2007 kan hevde at eg er ein feminstisk vrøvlar, og kvifor? Det må vere ein mann som verken forstår kva feminisme går ut på, eller korleis han skal behandle damene.

Damer krever respekt. Respekt for våre grenser, respekt for våre haldninger, mulighet til å agere i det offentlige rom utan å få mannssjåvenistiske menn etter oss. Dei treng ikkje sende drapstruslar for å gå over streken. Det held å sende uønska merksemd og kreve at vi skal svare. Og når vi så svarar, etter eks antall mail, at dette er uønska merksemd, så blir denne mannen forbanna. Og kvifor blir han det? Fordi han forventar vel at vi skal ta det som eit kompliment. Eit kompliment at ein desperat mann er etter oss? Det er faktisk ikkje eit kompliment. Det er meir, jaja, stakkars fyr, tenker eg. Er han ikkje gift?


For meg blir denne mannen ein stakkar. Ein stakkar som ikkje har forstått at damer er likestilt som menn, at damer kan vere like beintøffe som ein mann, at eg er ei ganske tøff dame som du ikkje kødder med og som heller ikkje går av veien for å feie menn i grøfta på min vei, som krever respekt av menn og kvinner, og som også blir respektert av menn og kvinner. Eg er nemlig ikkje van med menn som ikkje forstår at dei må forhalde seg til kvinner på ein real måte. Eg er ikkje van med mannssjåvinisme og eg har ikkje tenkt å venne meg til det.


Men det er dessverre mange kvinner som venner seg til det og som ikkje tørr bryte ut dersom dei havnar i forhold med menn som ikkje forstår kvar grensene går, som ikkje taklar verda rundt seg. som kjeftar og bråker, som slår og til slutt dreper. No forventar eg ikkje å bli drept av denne mail-mannen, men eg set likevel foten ned og eg skriver om det her i bloggen min fordi eg meiner det er ei sak. Det er ei sak når menn ikkje respekterer kvinners grenser og blir rykande forbanna når kvinner gir beskjed om at hey, her går grensa. Du har å respektere.


Vi skal ikkje måtte godta at menn blir rykande forbanna når vi krever respekt for våre grenser. Vi skal ikkje måtte forhalde oss til den slags. Eg har rapportert inn alla mail eg har motteke. Kvifor? Fordi eg har nulltoleranse for slik framferd. Fordi eg ved min nulltoleranse signaliserer at slik adferd finn vi oss ikkje i.


Heldigvis er langt frå alle menn slik. Eg er ingen mannehatar, tvert imot. Dei fleste menn er flotte personar. Eg kjenner mange.


Men altså. kvifor er det feministisk vrøvl når eg seier at eg vil ikkje ha noko av at plagsome politikere sender meg mail på privaten og blant anna seier dei har falle for meg og så ber meg ryke til helvete når eg seier at desse maila vil eg ikkje ha?


Fordi denne mannen stangar hovudet i taket? Han kan ikkje herse med meg. Eg har mediemakt og makt til å føkke opp det meste om han går for langt. Det veit han godt.


Er eg ein vrøvlar fordi eg ikkje gidder sitte og godta, og heller ikkje meiner eg skal godta, og fordi eg skriver at eg meiner slikt er uakseptabelt her på bloggen? Det blir for meg litt absurd. Dersom fyren er van med å få herje på som han vil med damene, er det på tide han får seg ein vekker. Gjerne ved å bli hersa litt med her på min blogg. Han er trass alt ikkje namngitt, iallefall ikkje enno.


Er eg vrøvlar fordi eg ikkje vil ha oppmerksomhet frå kven som helst?Fordi eg truar med å rapportere om upassande mail til min private mailboks, og fordi denne karen då vart livredd for å bli meld til politiet men likevel fortsatte å sende mail om at eg måtte dra til helvete fordi eg ikkje ville ha private mail fra han av denne typen?


Fordi eg ikkje vil ha kontakt med menn som ikkje klarer å omgås damer på ein ålreit måte?


Dersom dette er begrunnelsane, er det eit faresignal om at dette er ein mann som ikkje er i stand til å omgås kvinner. Ein mann som vi bør halde oss unna, dessverre. Det er synd at det finnast slike menn, men å fornekte det ville vere fatalt. Ein må ta fatt i problemet, og håpe på at denne typen haldningar forsvinn. Det vil nok ta tid, og mange menn kjempar nok ein desperat kamp om makt og oppmerksomhet mot kvinner som er langt flinkare og langt tøffare enn dei sjølv. For vi er mange, og vi er ofte ganske så tøffe. Ikkje alle menn tåler å få på pukkelen. Denne mannen her trudde eksempelvis at han kunne ha ein fin tone med meg etter at eg har bede han kutte ut. Kor naiv går det an å bli? Trur han at eg er så desperat etter merksemd? Der tek han drabelig feil. Heldigvis.


Ingen mann kan kreve noko som helst av meg mot min vilje.
Ikkje ein gong ein epost.

(innlegget har henta ein del inspirasjon frå ein kommentar til eit blogginnlegg to innlegg lenger nede i bloggen her)

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...