Gå til hovedinnhold

Simone de Beauvoir: Klædt af til skindet

På den dagen Simone de Beauvoir ville ha fylt hundre år, trykte Klassekampen et bilde av ei naken de Beauvoir på framsida. Reaksjonane lot ikkje vente på seg. Feminstar rykka ut og kalte "bildestuntent" for pinlig. Eg kallar meg også feminist, men eg syntes at bildet var nydelig, kort sagt. Sjå bildet her: Information.

"Men kvinder gøres i patriarkatet til passive objekter og har derfor længere vej til at blive til eksistentialismens højt besungne frit vælgende subjekt. " (Information)

Mitt spørsmål er: skal pornoblader og manneblader ha monopol på naken kvinnekropp? Eller naken kropp i det heile tatt? Når skal vi/ folk/ ein del av venstresidas feminister få eit naturlig forhold til kropp? Kropp er trass alt det mest naturlige som finst. Eg blir til tider så dritlei av feminister som messer om at kvinnekroppen er eit objekt så snart det trykkes eit bilete av ein naken kvinnekropp, uansett setting.

Kven er det som gjer kroppen til eit objekt? Den som kaller den for eit, eller ein kvar som ser? Simone de Beauvoir sine tankar kretsa trass alt i stor grad rundt kroppen, kvinners kropp. Det er eit tilbakeslag for feminismen at enkelte feministar rykker ut og meiner at Klassekampen faktisk bør be om unnskyldning for å ha trykka dette bildet på framsida. Kva med å vere litt stolt over å ha ein kvinnekropp, og ikkje berre rase ved hjelp av billige argumenter som at bildebruken er simpel provokasjon, billig salgstriks og objektivisering. Biletet av Simone de Beauvoir er trass alt noko anna enn dei fordummande sexrelaterte bildene som vert trykt i manne- og pornoblader. Biletet er eit estetisk vakkert bilde av ein stor feministisk tenker. Det er ikkje billig objektivisering, men det er tydelig at Klassekampens leserkrets trenger å få eit sånt bilde trykt opp i trynet frå framsida. Det ser på enkelte av reaksjonane dessverre ut til at ein har ein lang vei å gå før ein kan vise bilder av naken kropp i seriøse medier. Naken kropp trenger verken vere porno eller manneblad, men kort sagt berre vakkert. Og naturlig. Eg håper vi kjem dit ein dag.

Dei som raser mot dette bildet, er med på å oppretthalde porno- og mannebladers monopol på naken kropp, og bidreg også til å gi desse publikasjonane monopol på kvinnekroppen. Det likar eg lite.

"Og her er det, at billedet af den nøgne Beauvoir så smukt taler på tværs af tiden. For denne spinkle talje, de velformede baller over de solide cellulitissmykkede lår, højt hævet på kokette tøfler, er jo netop ikke bare et objekt. Det taler alle vor tids mannequinmagre idealbilleder tvært imod, det taler om en krop som subjekt. Og det er måske noget helt andet end et objekt. Eller hvad var det nu, at mændene lærte, af alt det vi lærte, da vi havde tænkt os igennem Beauvoir og forbi hende og ind i en ny tid, hvor rollerne kunne redistribueres?

"Jeg vil også være et seksualobjekt."

Eller 'naughty boy' som Beauvoir sagde til fotografen, men uden at vende sig om."

Sitatet ovanfor er henta frå Information.

---på tampen---

Rags says:

Beauvor was a lady.. av og til var hun naken hun og..

det er ikke bare pornostjerner som er det... og dessuten er det et fint bilde

Anne says:

enig

Rags says:

bare blir så lei av folk som reagerer på absolutt ALT

Rags says:

neste gang trykker dere bilde av henne i full burka...
DA blir det nok bra da...


Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...