Gå til hovedinnhold

Eg sit i ein fjøs og jobbar

kyr 3
Her eg bur, på Hjelmeland i Bygstad, har vi så dårleg internettilgang i huset at eg må sitte i fjøsen. I huset vårt tar det ca 15 minutter å laste opp nettsida fjordaglimt.no, om eg i det heile får den fram. Eg kan berre gi opp å laste ned sider som dagbladet.no, og eg kan ikkje sende store bilete. Så kva gjer ein, når ein som reporter er avhengig av tilgang til mail med mogelegheit for å sende store bildefiler: eg må sitte på internett i fjøsen. Her er det breiband. Det er litt ironisk, men Telenor vil kort sagt ikkje bygge linje til vårt hus. Linja er visstnok per idag for kort. VI skal visstnok få internett som duger i huset til sommaren, men det er mange timar i fjøsen til den tid. Kva er dette slags distriktspolitikk?? FOr kort linje?
Her sit eg:
kyr 2
Dette er mi utsikt:
kyr 1
Vil ein av våre statsrådar på tinget kome å byte kontor med meg? Her er kaldt, eg høyrer kyr raute og melketanken surre. Greit nok, eg har termos på kaffe og det er koselig med kyr som snuser på vindu, men eg hadde unektelig satt pris på å sitte ein litt anna stad. Det er ganske drøyt at ein må sitte i ein fjøs å jobbe når ein reiser heim til Vestlandet for å jobbe nokre månader. Vil du byte kontor med meg, Heidi Grande Røys?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn