Gå til hovedinnhold

Finland - Rovaniemi i Lappland

Jakta på russisk bissniss fortsetter. I Rovaniemi, julenisselandet. Eller, det vil sei finnane påstår nissen kjem herifrå. Eg skal ikkje nekte på det, eg ser bilder av den over alt, men eg rakk ikkje å dra og besøke han ved polarsirkelen som forøvrig passerte like utanfor byen. Eg hadde nemlig ein avtale med nokon andre som lagar store leiketøy som går raskt i snø.
Då eg kom til byen, tok eg meg ein tur på Rovaniemi Art Museum. Der hadde dei ei samling toalett. Vi er kva vi et, stod det på veggen, og visstnok i stadig større grad jo eldre vi blir.
Deretter, når kunst er kartlagt, er det på tide å kartlegge den fysiske byens omgivnader. Her er ein del vatn i Finland, og Rovaniemi er omgitt av store elver på dei fleste sider. Går du ca tre kilometer ut av byen, eg gjekk og gjekk medan alle andre sykla, finn du skogmuseet. Der traff eg ei dame som sydde vesker med bilete av elg på. Ho arbeider ved museet, men er naturvernar og fann sin eigen jobb ganske paradoksal. Her viser ho turistane Finlands lange skogindustrihistorie, medan ho eigentleg meiner skogen er dyras heim. På veskene sydde ho også samiske sjamansymboler, men aldri heile symbolet, for kven visste kva som kunne skje då?
I skogen måtte både hester og reinsdyr trekke, men reinsdyr trakk kun i nedoverbakke. I begynnelsen av skogshistoria fløtte finnene i finklede og med hatt, men etterkvart lærte dei seg å bruke praktiske klede.
Det er svært vakker natur i Lappland. Her skimtar ein Rovaniemi i horisonten.
Lappland har eit image av villmark, noko dei er ganske lei av, mange. Men på same tid marknadsfører ein fylket med, ja nettopp reinsdyr og villmark, så kva skal ein gjere for å endre imaget? Feks lage ein industri-DVD som ein viser fram. Det har også blitt gjort. Det ser nesten like vakker ut på film med heisekranser akompanjert av klassisk musikk, som det gjer med reinsdyr.
Eg vart lei av å gå, så eg leigde meg ein sykkel og sykla tur rundt byen. For det meste sykla eg opp og ned i skogen, og store deler av vegen midt i eit byggefelt, så eg er usikker på om dette er å anbefale. Uansett, om du bærer med deg sykkelen ned nokre skrentar, får du denne typen utsikt.
Her er sykkelen. Eg fekk til og med hjelm med. Og korg.
Ringer i vannet ... så vil nordområdene utvikle seg som ringer i vann, større og større økonomisk vekst?
Tja. Det kan sjå litt slik ut på snøskutersalget. Her er eg på skutertesting utanfor byen, på sand.
Martina, min faste matstasjon i Rovaniemi. Her kan ein gjere alt frå lese snøskuterbrosjyrer, til å drikke øl med finske bissnissfolks.
Skutermarkedet veks, ikkje berre i Europa.
Kvar ellers? No kan du lure.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...