Når det er høst, trenger ein meir enn ellers godt lesestoff. Eventuelt kan ein sei at det finst fleire grunnar enn ellers til å sitte inne å lese seg gjennom dunger av bøker og magasiner og anna ein lenge har tenkt ein skulle lese, eventuelt nye funn ein berre må kaste seg over, samt ein del akk så uforutsigbar samtidslitteratur. Ein veit aldri kva ein får, men akkurat no veit eg kva eg får når eg opnar ei bok. Eg driver å leser meg gjennom John Steinbecks forfattarskap, og prøver å skjøne korleis det er mogeleg å vere så jævlig flink. Eg får lyst til å dra til Salinas og Salinasdalen, der størsteparten av handlinga i East of Eden foregår. Eg får i det heile tatt lyst til å reise til USA, men akkurat det er ikkje så uvanleg til å vere meg.
På nettet fant eg dette nye fotomagasinet "I heart magazine", som eg straks fann ut at eg måtte sjekke ut. Som sagt så gjort og det kom i posten. Her er bilder av gateliv, mennesker og situasjonar. Kort sagt like godt lesestoff som ei god bok. Eller sjåstoff som får deg til å tenke, eller til å sjå deg betre om når du går på gata. Der er så mange ting ein overser, og så mange detaljar ein kunne ha observert i byen. Eg går ofte i byen med kamera, men eg veit ikkje alltid om augene mine er slått på... Dette magasinet anbefales. Dei har grupper også på flicker og facebook.
Oslo er vakkert om høsten.



Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...