Gå til hovedinnhold

Feminister som vedheng

Hvem skaper vår tids bilde av kjønn? Iallfall ikke feministene.

Feminister som vedheng, leserbrev i dagens Aftenposten.

Det er sjølvsagt mange som er uenige med meg, men det er også svært mange enige, og det interessante er at dei enige befinn seg politisk til venstre. Dette er ikkje uventa all den tid synspunkta eg her hevdar ikkje er noko eg fann på i farten, men meiningar som i sterk grad er tilstades i gitte miljøer.

@knutolavåmås svært mykje positiv respons på dagens innlegg. frå venstresida. ikkje overraskande.mange meiner at her trengs en real makeover http://twitter.com/anneviken

Enkelte etterlyser fleire eksempel, men påstandane mine i leserbrevet står for seg sjølv for den som har fulgt litt med på feministers retorikk siste åra. Sjølvsagt kunne ein vist til fleire eksempel.

Det som hadde vore interessant var om ein makta ta opp tråden. Innlegget mitt er ikkje tatt ut av lufta. Det er eit resultat av oppfatninger over tid, samt samtaler med mangt og mange, pluss avisinnlegg etc. Det er på tide å kikke seg sjølv i speilet, i fullprofil. Dette trur eg få feminister gjer, og difor finst der god grunn for eit slikt innlegg.

RIP skyggeredd feminisme, samt ja til ein konstruktiv debatt.

Dagens beste spørsmål: Hvorfor så redde og snevre, feminister? http://twitter.com/#replies

Fakta om dette innlegget:
Mine referanser for synspunkter: eit breidt spekter av folk frå hovedsaklig venstresida: journalister, feminister, politisk, media. Dette er godt underbygd av mange, mange kilder, og til sammen utgjer dette eit bakteppe som glatt forsvarer eit slikt innlegg. Min empiri er journalistisk, og den held godt vatn. Kildene er gode.

Meg: som ein som kom heilt utanfrå det feministiske miljøet og til Oslo, har det frå starten vore ganske tydelig at ein ikkje liker, eller ønsker eit outsiderblikk, men helst sitt eige. Dette er ikkje i lengda noko å flyte på. Men mange som har vore i miljøet lenge, mangler perspektiv. Dette er svært tydelig, og lite fruktbart.

Om ein ikkje vil ta innover seg andre fakta enn dei ein sjølv liker eller sjølv meiner er korrekte, begår ein seg sjølv ei bjørnetjeneste. Dette er i lengda ein suicidal taktikk.

Til slutt vil eg sei at eg syns det er veldig gøy å sjå at fleire folk har posta innlegget på twitter og facebook, samt uttrykt enighet. Engasjerande tema med andre ord. Gøy.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb