Gå til hovedinnhold

Eg er upersonlig og overfladisk på blogg og facebook

Generasjon Facebook heiter ei bok som kom ut no nett.

Klipp frå saka:

–Hva er det som kjennetegner Facebook-generasjonen?

–At de er hele tiden. Alle vil bli kjendiser. Mange finnes ikke opptatt av hva de blir kjent for, bare de blir kjent. Det gjør at folk blir veldig selvopptatt og veldig overfladisk. Man har 1200 venner på Facebook, men ingen å drikke kaffe med, liksom, sier Rønning smilende og bestiller en øl på sitt nye stamsted. (...)

Min kommentar til dette er: på facebook, og her på bloggen, er eg ultraupersonlig, og sjølvsagt ergo også overflatisk. Det handlar om sak, ikkje om meg som person. Du vil aldri finne mine utredninger om mitt kjærlighetsliv eller indre tankar om følelsar og andre private greier verken på min facebook-profil eller på denne bloggen. På facebook er eg fasade. Sjølvsagt er eg det. Å utlevere seg sjølv i eit sosialt medie er uinteressant. Der finst nok av dei som gjer det på ulike nivå, som taggar dei mest hinsides meldinger på kvarandres vegger og klisterer ut bilder av seg sjølv i alle slags posisjonar over alt. Facebook-venner som oppdaterer jevnlig om nyinnreda leilighet og gardiner og middagsmeny: beklager, men de er nok skjult for lenge sidan.

Å tru at ein kjenner meg, utfrå å følge min blogg, som eg har opplevd at enkelte gjer, blir ganske feil. Men min blogg er saker. Den er ikkje mitt privatliv og meg personlig. Min blogg er ikkje lik meg in person.

(...) "Jeg kjenner mange som bare «våknet opp en dag og visste at de måtte bli popstjerner», men de bruker svært liten tid på å lære seg håndverket, og desto mer på å bygge image. På denne måten ender vi opp med folk som har store musikkambisjoner, men veldig lite å synge om, sier Rønning." (...)

Akkurat dette sitatet kan eg kjenne meg igjen i. Har gått nokre månader på forfatterskole, og var det noko ein fekk lese der, så var det slike hule tekstar: vilje til å skrive, men lite å melde. Masse pjatt og fasade, men svært uinteressant.

Eg vart litt irritert her om dagen. Ein journalist i BT skreiv på twitter at det var ikkje så rart eit eller anna at eg ikkje var invitert til eit slikt medieseminar, sidan eg heldt så låg profil. Så tenkte eg, utfrå det, ein del hårsåre ting. Må ein skrive i avisa heile tida, som ein anna sucker for oppmerksomhet? Kjem ikkje til å skje. Årsak: eg gidder ikkje. Der er nok uinteressante narsisister i media om ikkje eg skal bli ein slik sjølv. Eg skriver når eg har noko å melde. Der finst andre morsomme ting å drive med enn å kline trynet sitt utover avisa.

Ålreit, skal ein vere narsisist? Vere i media kvar dag for ein kvar pris med kva som helst slags sak, slik at ein blir kjendis i ein fei? Er det eit poeng å vere kjendis i seg sjølv? Er det ikkje for lett å sei at alle vil bli kjendiser? Jo, det er for lett. Særdeles mange i media, driver med greier som du må vere i media for å drive med.

Mange reknar det som ei selvfølge at om du skriv, så vil du bli kjent. Jamfør ein kommentar på fylkesmannens blogg der debatten gjekk om kvinner i media: Nokre journalistar vil profilere saken. Nokre vil profilere seg sjølv.

Den siste antar eg var til meg. Ålreit. Og her er det viktig å halde tunga beint i munnen: ein må bruke seg sjølv for å fremme si sak. Ein må signere sine artiklar, ein må stå for det ein skriver. Det er naturlig nok eg som er avsendar på mine debattinnlegg og kommentarar. Eg liker ofte like godt å skrive meining enn reportasje. Det betaler seg økonomisk også. Men dei fleste journalistar skriv ikkje meining, dei skriv artiklar. Dei tørr ikkje meine, eller har ingenting å melde, eller slepp ikkje til osv. Der er mange årsaker.

Det er ergo også naturlig at enkelte lesarar då vel å fokusere på meg heller enn saka, sidan det er eg som uttaler meg i ein meiningsberande artikkel versus at det er andre som uttaler seg i ein nyhetsartikkel. Det er dermed ofte eg, og ikkje saka, som kjem i fokus. Eventuelt begge deler. Det ser då ut til, for dei som ikkje forstår at eg er opptatt av saka, at eg vil vere i fokus heller enn at eg bruker meg sjølv for å skrive om saka. Eg er ein fysisk eksisterande kreatur med ti fingrar som kan skrive på eit tastatur, og med eit hovud på toppen som tenker ut saker som eg deretter sender med epost til ei avis.

Eg har tenkt å fortsette og framstå som særdeles lite personlig og med få egenskaper bortsett frå evne til å skrive meininger på blogger og aviser. Men det er interessant å møte mennesker har satt likhetstegn mellom penn og personlighet. Som ein fyr sa: det er av til og utrulig at det er du som skriver dine artiklar.

Dei kjem til å fortsette med å bli overraska. Eg kjem til å fortsette med å vere upersonlig. Vel å merke offentlig.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...