Gå til hovedinnhold

Forby pels og gjer det no! Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar

Les min kronikk i dagens Aftenposten Ikkje "berre eit dyr"


Dette er ikkje dyrevernsekstremisme, men fagleg tung argumentsjon som snart må bli hørt.


Om følelsar hos dyr: (for dei som vil benekte at dyr har slike).

Det finst mange vitenskaplege def på eksempelvis angst hos dyr. Sjekk feks ut Ian JH Duncan ved Univ of Guelph i Canada. Å ville flykte frå fienden, er eit eksempel på angst. Eit dyr som ikkje føler angst, ville bli verande og dermed bli spist. Sånn er ein definisjon, eksempelvis. Eit eksempel på pelsdyr med angst, er eit dyr som hoppar rundt i buret. Det prøver å flykte, men kjem seg ikkje lenger enn til burveggen. Altså ser ein at fluktinstinktet er svært sterkt. Ein prøver sjølv om det er ikkje er realiserbart.

I hard science kallar ein dette for "primære behov" (feks er det å ville flykte frå ein fiende eit primært behov). Den sekundær følelsen (også omtalt som toutchy-feely av dei som syns det er tullete å sei at dyr har følelsar), kalles for angst. Eit anna eksempel er dette: primært behov: ha behov for mat, sekundær følelse: føle svolt.



Mi kilde på dette er Ian JH Duncan, Univ og Guelph, Canada. Han heldt eit foredrag i høst ved Norges Veterinærhøgskule i anledning Forskningsdagane. 


Vidare snakkka Duncan om at forskarane slit med å definere dyrevelferd. Det er vanskelig å definere. Problemet er blant anna at følelsar er subjektive, og at ein ikkje har direkte vitenskapleg tilgang til desse. Mange meiner også det er føleri å snakke om sekundære følelsar hos dyr.


Vi lever i år 2010, men vi er altså ikkje kome lengre, og folk er ikkje meir oppdatert, enn at dei lurer på om dyr har følelsar. ..


.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys