Gå til hovedinnhold

Les VG idag: min kronikk: Turisme har blitt så viktig i Sogn og Fjordane at dei ikkje lenger bryr seg om at folk skal bu her.

Les min kronikk i VG idag. Kronikken ligg http://vgdebatt.vgb.no/2011/02/12/drukna-i-turisme/

Sogn og Fjordane har gløymt at det skal bu folk i fylket. Dei satsar kun på turisme. Vi som faktisk bur her får ikkje ein gong internett. Det driter dei nemlig i. Her skal vi tilpasse oss til National Geographics forestillingar om rein natur. Då er internett sikkert i vegen. Her får du ein liten blogg-utdjupning av problemet dårlig internett på bygda!

Advarsel: vågar du flytte til Gaular kommune? Kommunen som ikkje har internett? Og der ordførar Jenny Følling går ut i avisa Firda og påstår at ho ikkje kjenner til problema med nettet sjølv om ho har blitt varsla fleire gonger per år? Er det forsvarleg å ha ein slik ordførar som preikar usanning i avisa? Eventuelt som hugsar såpass dårlig? Skal ikkje kommunen jobbe for innbyggarane, ikkje mot? Skal vi sitte på gjerdet og vere nøgd med dårlig nett for å hindre at merkevara Sogn og Fjordane slår store sprekker? Framtidsfylket er ein bløff. Breibandsfylket er også ein bløff. Og når ein bløffar, vil ein bli avslørt. Merkevarer skal vere sanne, osv.

Samt mange andre spørsmål...



 I Bygstad i Gaular kommune i Sogn og Fjordane har vi så dårlig internett i huset, at vi periodevis må sitte i fjøsen! På biletet over ser du fjøsen. Den er ganske stor med plass til mange kyr og ei datamaskin. Puh! Ellers hadde ein ikkje fått jobba mykje her i Bygstad. Då måtte ein ha spikka ut vikingskip kanskje, iallefall ikkje jobba med noko som gir behov for nettilgang. Så i denne fjøsen sat eg og jobba våren 2008.

Les bloggposten frå den gongen her.


Dette er kontoret. Ganske fint i grunn. Merk deg utsikta:

 

 No er hine hårde dagar med internett i fjøsen forbi. No er det nett i huset, men det er ikkje særleg raskt. På ein god dag, idag, får eg posta denne bloggposten utan trøbbel. Men på mange dårlige dagar, får eg ikkje ein gong lese epost. Kva hjelper det meg med bra nett fredag dersom nettet ikkje virkar mandag, tirsdag og torsdag? Lite. Då må eg dra til Førde og sette meg på folkebiblioteket. Eg må låne bil og køyre 17 km kvar veg. Greit nok. Ikkje så langt, men kvifor kan ein ikkje heller skaffe meg nett til mitt heimekontor??
 


Ordføraren i Gaular veit råd. Dei har visst kontor i diverse næringshagar som eg kan leige. Dette fekk eg epost om frå vår Senterparti-ordførar Jenny Følling som visstnok er ute etter å hanke inn ektra cash til kommunens næringshagar ved å tilby for dårlig nett der folk bur. Men skal eg måtte bruke mange tusen spenn på å leige meg eit kontor, samt låne eller kjøpe meg ein bil for å kome til og frå dette kontoret kvar dag fordi min kommune ikkje kan fikse nett til meg i huset der eg har mitt heimekontor? Nettet er her, vi må betale full pris hos Telenor. Men sjå på biletet over her. Farta er 48Mb/sek. Definisjonen på breiband i Norge er 0,7 Mb/sek. Eg tilhøyrer altså dei 1 prosenta som ikkje har breiband. Dette meiner min kommune at eg får tåle. 


Og det er ikkje slik at heile kommunen er utan nett. Det er kun vårt hus! Linja er for dårleg! Då vi for eit par år sidan spurte Telenor om å få linje og nett, sa dei det var umulig. Det viste seg seinare at linja var der men Telenor var ikkje klar over det. Dei hadde så jævlig med rot i systemet. No tilbyr dei ikkje service, og når ein ringer inn, orker dei ikkje hjelpe deg. Ringer ein i helga, kan dei ikkje svare på spørsmål. Og her sit eg med internett som ikkje virkar og har ein stor deadline. Det går faktisk i praksis ikkje an å jobbe her!!!


 Vil ein jobbe, må ein dra til Oslo eller Bergen. Er det virkelig sånn det skal vere? At ein ikkje skal kunne sitte her i Bygstad og arbeide i eit par skarve månader ? Er det så dårlege  tilbud som dette Gaular kommune ønsker å profilere seg med? For dette er inga god profilering. Spørsmålet eg stiller deg er: orker du bur her? Med så elendig internettilgang og ein kommune som i samarbeid med Telenor ikkje ser behovet for å skaffe innbyggarane skikkelig internett? Telenor har med sitt slurv og dårlege service ein stor del av ansvaret.


 Her i Bygstad ser ein helst at folk driv med dinosaurspikking i tre. Kanskje litt snømåking eller graving i jorda. Du skal iallefall ikkje ha ambisjonar om å få gjort noko som har med nett å gjere! Nei, fy! Snobb!


 Så eg prøver å halde ut. Spekulerer i kva slags folk som orker å bu på ein slik bakstreversk stad som dette over tid. Det er mange, eg veit det. Men dei har kanskje betre internettilgang enn meg? Eg veit at ei rekke frilansarar i kommunen slit med nettilgangen, men kommunen gir ein god dag. Kvar gong eg har sagt frå til ordførar Jenny Følling personleg, verkar det som om det er første gongen ho får beskjed. Dama hugsar anten dårleg, ellers vil ho rett og slett ikkje vite av problemet. Eg veit ikkje. Fornektelse er også ein strategi.



Så kanskje eg må bli bonde? Men ærleg talt. Gidde bu på ein slik stad som dette som ikkje greier tilrettelegge. Eg vil no advare folk. Tenk dykk om. Får de tilbod om jobb i Gaular kommune, vurder å bu i Førde. Gaular sitt slagord er "Baklengs inn i framtida med viktingskip, utan internett". Kult ka? 


Les min kronikk i VG idag. Sogn og Fjordane har gløymt at det skal bu folk i fylket. Dei satsar kun på turisme. Vi som faktisk bur her får ikkje ein gong internett. Det driter dei nemlig i.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb