Gå til hovedinnhold

Eventyr eller bissniss? Nortura og Norad drog til Uganda for å starte kjøteksport til Europa. Eg drog etter. Les reportasjen i Nationen 30.april


Ein møter enorme utfordringar i Afrika. For det meste knytt til kvaliteteskrava Europa stiller til kjøt. Barrierane er store. Her: transport. Kyr på veg til slaktehuset i Kampala frå den lokale marknaden.



 Telefonfarmer: bissniss i Kampala, bonde i helga. 


Slaktebil på veg til Kampala. Fullasta av folk og kyr. Korrupsjon er vanleg. Munn og klauvsjuke endemisk. Veterinærane som snakkar om dyrevelferd vert jaga og politimelde. Er dette eit land som kan produsere mat for Europa i løpet av få år?

Top Cuts slakteri i Kampala får hjelp i form av opplæring frå Nortura. Dei slaktar halal utan bedøving med manchete. Er dette mulig å endre? Det må endrast om kjøtet skal til Europa. Europa har verdas tøffaste krav til importert kjøt både når det kjem til slakterihygiene, helse i populasjonen og slaktemetode. Det er ein grunn til at MUL-land ikkje greier levere kvotene sine: dei kjem ikkje forbi kvalitetskrava. 


Klauver er ei delikatesse. Kvar og ein eigar av ku følger dyret gjennom slakteriet fram til ferdig partert.



På taket ventar gribbane ved City Abattoir, eit slakteri i Kampala.

Les Nationen lørdag 30.april. Omfattande featurereportasje frå Uganda,
finansiert av Norads journaliststipend 2010.

Takk til UMPCU for hjelp i Uganda. 

Ta kontakt med meg om du ønsker meir informasjon eller ein reportasje, artikkel frå Uganda. 
Her er mykje stoff å ta av.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...