Gå til hovedinnhold

Fylkesordførarkandidatar med svak debattstil. Har dei vore for lenge utan skikkelig konkurranse på argumentasjonsfronten?



I Firda 5.mai har Åge Starheim eit utspel om programfesting av politisk handlekraft. Eg har eit par bemerkningar til reaksjonane frå dei to fylkesordførarkandidatane.

"Frp krititiserer i røynda innbygggarane i fylket. Det er faktisk innbyggarane som gjennom valget avgjer samansetjinga av fylkestinget, og politikarane der representerer innbyggarane i Sogn og Fjordane", var Jenny Følling (Sp) sin reaksjon.
Følling vrenger seg unna kritikken mot Sp og veltar den over på å gjelde heile Sogn og Fjordane: ho antyder at Starheim meinar at folk flest ikkje veit sitt eige beste. Minuspoeng for dårleg politisk finte og for å rulle skulda over på folk flest for at Følling ikkje greier svare på kritikken mot Sps politikk med anna enn avsporing og spinn. (Spinn er journalistspråk for politikar som ikkje greier å levere ei analyse, og difor kjem med enkle påstandar).

Åshild Kjelsnes (Ap) klinkar i andre undersak til: "Skal vi i dette fylket vere stakkarsleggjorde, vi som ligg i landstoppen når det gjeld produksjon og eksport?" Responsen til Kjelsnes er anspora av at Starheim peika på at det går hakket betre i Møre og Romsdal og Hordaland enn i Sogn og Fjordane. Dette er då ingenting å la seg provosere over, men Kjelsnes er i valgkamp og går rett på defansiven. 

Heller enn å levere oss noko vi kan tenke på, leverer ho spinn og snakkar om «stakkarsleggjering». For å unngå kritkkken mot Ap, veltar ho ein merkelapp over på folk i Sogn og Fjordane: stakkarar. Ved å ta i bruk ordet «stakkarar» i eit forsøk på å vri seg unna kritikken, stakkarsleggjer Kjelsnes heile Sogn og Fjordane. Det held ikkje retorisk.
Det er ganske interessant å merke seg korleis dei to kandidatane rullar av kritikken mot eige parti til å gjelde alle i fylket.
Total vurdering: Dette var dårlege debattskills. Om det ikkje betrar seg, får Frp ein altfor lett match i valgkampen. Det kan vi ikkje ha noko av. MEN det mest bekymringsverdige er ikkje Frp. Det er faktisk at dei to ikkje kan svare betre for seg. Har dei vore for lenge i posisjon til å kunne snakke for seg? Ikkje bra:

Sitat: «Å ikkje lytte til kritikk, er eit typisk trekk ved miljø som framelskar ein ideologi eller stolpetru på heilt andre ting enn kompetanse. Når kompetanse ikkje lenger er eit kriterie, flyt ein på anerkjennelse frå sine nærmaste. Ein treng ikkje lenger prestere og nivået blir deretter: ein forblir ved sin lest.»

Sitatet er glitrande og bør tolkast, på alle vis.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...