Gå til hovedinnhold

Kven skriv du mot, Andresen?

I lesarbrevet “Vi trenger deg ikke som bonde!” skriv Nils August Andresen, Minervas redaktör, at nordmenn ikkje har så lyst på norskprodusert mat som “det Viken postulerer”. Alt her snublar han. For kvar finn Andresen at eg postulerer dette? Ingen stad. Det er ikkje mitt poeng at all mat på död og liv skal vere norsk. Mitt poeng er at maten skal vere forsvarleg i den forstand at det skal vere levelege vilkår for folk og dyr, blant anna med skikkelige inntekter.

Les min kronikk "Difor blir eg ikkje bonde" som Andresen svarar på.

Andresen skriv at kortreist ikkje alltid er mest klimavennleg. Det har han heilt rett i, men Andresen trur tydelegvis at eg meiner det motsette. Kvar tar han det frå? Eg meiner da ikkje at kortreist alltid er best.

Til slutt tek Andresen före seg subsidiene. Han vil ikkje betale meir i skatt for at eg skal produsere meir kjedeleg norsk mat. Men når sa eg noko om at eg ville ha meir i subsidier? Aldri. Andresen fyrer laus med argument som tydeleg er mynta på andre enn underteikna. Mitt poeng er at dagens system fungerer ikkje. Vi må flytte meir av bondens inntekter over på produktpris, ikkje i så stor grad basere seg på subsidier.

Kven er det eigentleg Andresen skriv mot? Det var iallefall ikkje min kronikk han svarte på. Andresen må sette seg betre inn i mellomposisjonane i landbruksdebatten, ikkje svare med fordommar og argument som openbart er mynta på andre enn underteikna.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...