Gå til hovedinnhold

Eit hundeliv

Guds ord står over Mattilsynet. / Ein må stille strengare krav til hobbydyreeigarar.

Denne kommentaren stod på trykk lördag 16.juli 2011 som Signert-artikkel i Klassekampen. Link til artikkelen i PDF.

“Meldingene om kritikkverdige forhold for norske kyllinger er blitt så mange at Mattilsynet i år vil inspisere kvar fjerde slaktekyllingprodusent”. Dette skriv Aftenposten. Det er eit bra tiltak, men det er ikkje berre kylling- og pelsprodusentar som treng ein inspeksjon. Vi må utvide horisonten og inspisere dei delar av dyrehaldet som er omgitt av positiv storytelling, ikkje berre det vi frå för av veit er ille fatt. Det er på hög tid å stille strengare krav til dei som held hobbydyr.

Det er ein menneskerett å shoppe ein kanin på dyrebutikken, som ein så let sitte einsam i eit bur, lar ungane herje med, gir feil mat så den blir sjuk, för den til slutt stryk med. Utad er du ei god mor eller far, men det er ikkje heile sanninga. Du er også ein dyreplagar.
Å halde hest, hund og katt er i praksis noko alle som kan gjere. For det meste nöyer folk seg med småskala dyremishald som å la hunden stå i band heile året utanom jaktsesongen, la hesten gå med for lange höver, bli stokk halte og avmagra utan at eigaren i det heile tatt kan sjå det. Magesår er ikkje forbeholdt mennesker.

Litt mishald av dyr er noko vi kan tillate oss. Dette er det mange som nyttar seg av meir eller mindre utan å vite om det. Av kompetansemangel, av mangel på empati eller fordi dei meiner dyr utelatande eksisterer for vår glede. Anten som selskap eller som mat. Dyr er ein eigedom på linje med ein stol eller ein lampeskjerm. Det er ein religiös tankegang der ein set mennesket over naturen. Så religiöse er mange dyreeigarar at dei meiner det er galskap å påpeike dyreplageriet. Dei kan bli sinte, beint fram rasande. ”Det er då eit dyr? Og den hesten er ikkje halt.” Det er som å påpeike for ein kristen at gud ikkje finst. Du krenkar retten til fri religionsutöving, eller retten til å halde eige dyr slik ein sjölv har kome fram til at er det beste. Fordi dyret eksisterer for deg. Ein fråskriv seg rett og slett ansvaret, og påberopar seg retten til godhjarta kompetanselöyse.

Eg har ofte tenkt på dette bibelverset: «Vær fruktbare og bli mange, fyll jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og fuglene under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorden!»” (1.Mosebok, kapittel 1, vers 28).

Går ein tur i Oslo, treng ein ikkje gå langt för ein möter den förste halte hunden. Å väre halt er som kjent vondt. Men dyreeigar skjemst ikkje. Eventuelt bryr dei seg ikkje med hundens ve og vel så lenge hunden held dei med selskap i tjukt og tynt, eller fungerer som accessories i Sofienbergparken. Men du er ikkje mykje mann om du må halde ein bullterrier i strupeband.

Kvifor har dei dyr? Fordi dei kan. Ein skulle vurdert å innföre sertifikat for hald av husdyr, både hund og katt. Särleg hund, og iallefall hest. På same måte som ein stiller töffare krav til pelsnäringa, skulle ein stille töffare krav til dei som skaffar kjäledyr. Noko anna er i grunnen dobbeltmoral når vi veit kor ståa er.

Det skal ikkje vere greit å gå inn i ein butikk og handle seg ein pose fisk fordi det er fint med ein fisk til pynt. Det er lenge sidan forskninga dokumenterte at fiskar kan föle stress og smerte. Fiskebolle er like ille som oppdrettsanlegg, men ikkje like synleg fordi det er privat, småskala dyreplageri. Dessutan ödelegg det ikkje fjordbotn.

Det virkar som om det er eit kriterie for å påpeike mishald av dyr, at ein skal tjene pengar på dyra. Dette er ei myte.
Vaksne kjöper hest til barna. Hestar dei verken kan stelle eller handtere. Dette kallast for ”gode foreldre” og barn med sunne fritidsaktivitetar. Men der finst gode grunnar til at mange av dei flinke hesteeigarane vel å avlive hesten framfor å selge til ein ukunnig fjortis.

Ein skal ikkje skjere alle hobbydyreeigarar over ein kam, ei heller alle som kjöper hest, men der er mange svarte får. Dei dekker seg godt. Blant anna klagar dei på at veterinärane er for dyre. Dei vil hesten sin så vel, men det er så dyrt, så dyrt å betale for at nokon reparerer det dei ofte sjölv har ödelagt. Men har ein ikkje råd til å betale for helsehjelp til hesten, skal ein ikkje ha ein hest. Det same gjeld ei rekke smådyrseigarar.

Dyremishald i hobbydyrehaldet er oftast tildekt under historia om sunne dyreeigarar som ivaretek eiga helse, barn og kulturlandskap.

Ein bör vurdere å innföre krav om sertifikat og eller personleg kunnskapstest för hald av dyr blir tillate. Lobbyen mot dette forslaget vil vere massiv. Essensen i 1. Mosebok, kapittel 1, vers 28 er framleis mektigare enn Mattilsynet.
 

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...