Gå til hovedinnhold

Det er litt av nokre produkt vi forbrukarar etterspør, om vi skal tru Brekk: slaskekylling og sjuk kalkun. Skulle nesten tru vi ikkje hadde noko valg.


Bøndene må levere det forbrukarane vil ha, sa Lars Peder Brekk (Sp) på landsmøtet i Småbrukarlaget. Les saka her.

Forbrukarane vil altså ha billeg kylling og sjuke kalkunar med leddproblem, kyllingar som blir kvalt i lastebilane medan dei venter på å bli slakta fordi bilane manglar gode lufteanlegg, eller som frys ihjel under transport om vinterene fordi ein skal spare pengar og dermed droppar oppvarming i bilane.

Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerken, sa Brekk.

Nå, kjære Brekk. Vi har ikkje så stort valg enn å innfinne oss. Kva vi skal ha på tallerken, kan vi knapt nok velge sjølv. For kvar er det mogeleg å få tak i kylling og kalkun som ikkje er produsert under forholda beskrivne? Kvar får ein tak i kvitt kjøt produsert under etisk akseptable forhold? Knapt nokon stad. Ein må produsere det sjølv. 

Og kven si skuld er det? Er det forbrukarane som bestemmer produksjonsforholda? Nei. Og er det forbrukarane som bestemmer at etisk skal vere dyrt og uetisk billeg? Nei. Er det nokon som legg til rette for produksjonen kan få ein høgare standard? Nei. Og kven får skulda? Forbrukarane. Det er for lettvint. Kvifor går ikkje Brekk inn og finansierer etisk produksjon av kvitt kjøt? Fordi han meiner dagens kyllingproduksjon er god, norsk standard.

Å behalde eit norsk markedsmonopol på kylling og kalkun, noko som fører til at forbrukarane stort sett berre får tak i søppel, er ikkje noko forbrukarane bør finne seg i. Men har vi noko valg?

I tillegg spelar Brekk på forbrukaranes kunnskapsløyse: «- Eg meiner det er openbart betre at produksjonen skjer innanfor trygge og gode rammer med norske krav til dyrevelferd, noko som også fører til innanlandsk sysselsetjing og arbeidsplassar, enn at produksjonen skjer i utlandet, sa Brekk.»

Norsk produksjon av kylling og kalkun har ikkje betre rammer for dyrevelferd enn den ein finn utanfor grensene. Det er same shit, different wrapping. Men det er lett for Brekk å lyge. Debatten er i stor grad mytebasert, ikkje faktabasert. Det er eit faresignal. 

Internasjonal kontekstkunnskap er mangelvare. Produsentane av norsk kvitt kjøt kappast om å påberope seg den beste etikken. Det er gjørmebryting på botnnivå. Dødeligheten stig, kvaliteten synk. Produsentane ropar hurra.

Som Brekk sjølv seier: forbrukarane vil ikkje akseptere at politikarar skal bestemme kva vi skal ha på tallerkenen. Godt poeng: Om Norge ikkje sjølv greier produsere etisk akseptabel mat, må vi opne grensene og importere den frå nokon som maktar. Eventuelt må ein auke produksjonen av kvalitet på heimebane.
«Landbruksministeren sa at vridinga i kjøttforbruket er ein konsekvens av endra matvaner, og at det er betre at den kraftfôrkrevjande kjøttproduksjonen skjer i Norge enn i utlandet.»

Dette er usanning. Vridninga skuldast i stor grad ei politisk styrt dreining i norsk kjøtproduksjon.

For per idag er det litt av nokre produkt vi forbrukarar etterspør, gitt. Slaskekylling og sjuk kalkun. Skulle nesten tru vi ikkje hadde noko valg. Lurer på kva det neste blir.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...