Gå til hovedinnhold

Matbutikkar: betre bokformidlarar enn bokbutikkane

Eg tek ikkje sjansen på å utelatande overlate mi barnebok, Elise og dei døde hestane, til bokbutikkar. Bokbutikkane gjer ofte ein dårleg promoteringsjobb, og har eit stort fokus på bestselgarar. Difor har eg solgt boka til ei rekke matbutikkar.

Boka er sjølvsagt også i bokbutikkar, samt innkjøpt av bibliotekas innkjøpsordning. Dessutan av haugenbok.no utropt til årets beste hestebok.


Enkelte bokhandlarar, samt Haugenbok.no, har vore svært flinke til å vise fram Elise-boka med anbefalingar og kampanjer. Men ikkje alle lesarar går innom ein bokbutikk så ofte, og ikkje alle bokbutikkar er særleg gode på å selge bøker. Det er blant anna eit problem at bokbutikkar i bokmålsområder, som trass alt er mesteparten av Norge, ikkje promoterer nynorske barnebøker. Eg starta difor personleg innsalg til matbutikkar, og responsen var veldig positiv. Elise-boka har lenge vore å få kjøpt ved kassa på ei rekke Spar, Bunnpris-butikkar og Coop Xtra. Eg ønsker at folk skal vite om boka, og skal dei vite om den, må dei informerast. Folk flest trålar ikkje bokhandlarar dagleg. Matbutikkane er proffe salgskanalar, og tek dei inn eit produkt, vil dei få det solgt. Dessutan når dei ut til publikum.

Og har matbutikkane først kjøpt den inn, vil dei bli kvitt den også, så dei stiller den tydelig fram i butikken, ikkje bak ein haug andre bøker. Folk ser den, og da kjøper dei den også. Matbutikkar vil selge bøkene, og det vil eg også. 

 
Kvalitetslitteratur kan fint selgast side om side med kiosklitteratur, fårepølse og Tine melk. Det er lågterskel og svært synleg litteraturformidling. Ein av Spar-butikkane kjem aleine til å tippe FØRTI solgte bøker. Det er svært mykje for ein butikk. Og dei slår knock out på bokbutikkane i boksalg. Kvifor? Fordi dei stiller ut boka. Og denne boka er lettsolgt. Eg snakte med ein butikksjef som sa den rant ut av butikken i eit tempo han aldri har solgt bøker i før. At bokbutikkane ikkje klarer plukke opp bøker som sel, er meg ei gåte. Men vi treng dei snart ikkje lenger. På same måte som webomtaler av bøker tek over for bokanmeldarar, tek andre salgskanalar over for bokbutikkane. Eg anser ikkje dette som noko negativt. Kan ikkje bokhandlane gjere jobben sin, kan nokre andre og flinkare ta over. Bokhandlarane skal fremme litteratur, men denne jobben gjer matbutikkar og sosiale medier langt betre.


Alt handlar om å gjere boka synleg for publikum i alternative kanalar. Sosiale medier og matbutikkar har effektivt løfte denne barneboka ut av bokbutikkanes konservative hyller og ut til publikum. Å lene seg utelatande på tradisjonelle salgskanalar og best selgar-fokuserte bokhandlarar, er heilt klart ikkje eit alternativ om ein ønsker nå publikum.

Kvifor? Fordi kvart år kjem det ut rundt 1100 barnebøker på bokmål, og rundt 70 på nynorsk. Det er hard konkurranse. Då gjeld det å gjere boka si synleg. Mange forfattar gjer ingen jobb med dette. Dette er sjølvsagt opp til dei, og kvar og ein sitt valg, men enkelte meiner underleg nok det er ei synd å promotere eigne verk, og at kvalitet sel uansett, men dette er ein naiv påstand. Lesarar må vite om eit kvalitetsprodukt for å kjøpe det, og då må det promoterast. Eg har skrive ei bok, den er bra, og den vil eg selge til DEG. Sjølvsagt.

Så korleis nå gjennom?

Eg hadde og tenkt litt på korleis eg kunne nå gjennom mediemuren, ut til lesarane med ei barnebok. Skal nokon lese boka, må dei trass alt vite at den finst, og målet med å skrive ei bok, er sjølvsagt at den skal bli lesen. Barnebøker blir ofte oversett fullstendig av media. Eg var førebudd på å bli oversett.

Men som junkie på sosiale medier pusha eg boka ut på blogg, Twitter og Facebook utan å tenke meg særleg om, og to veker før boka var trykt, hadde vi fått dobbelside i Dagsavisen med fokus på heltar i barnebøker, dobbelside i Klassekampen med fokus på hestesjangeren, samt to saker på NRK. Takk til sosiale medier. Boka har, for ordens skuld, i ettertid fått ei rekke meldingar, samt fleire presseoppslag, men sosiale medier har vore grunnmuren i marknadsføringa. 


Elise i Klassekampen som hovedoppslag for haustens bøker.

Eg må sei meg ganske nøgd med både responsen frå lesarar og med gode salgstal, men bokbutikkane gir eg ikkje mange øre for. Dei burde lære seg litt marknadsføringstriks som gjer det mogeleg for dei å selge anna enn nokre få best selgarar. På dette feltet er dei ikkje så proffe. Kan ein salg, kan ein selge alt, også barnebøker av ein debutant.

Å skrive om salgsmetodane, er eit ledd i marknadsføringa av Elise og mysteriet med dei døde hestane, men det har du vel alt skjønt;) 

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys