Gå til hovedinnhold

Ein forfattars bekjenningar: den mykje lettare andreboka og skriveprosessen



Då eg var rundt ti år, bestemte eg meg for å bli forfattar. Min eigentlege plan var så å skrive poesi, så i 2010 gav eg ut boksingelen XXX, og brukte deretter mange sommartimar på ei svensk kyrkjetrapp der eg skreiv lange prosadikt om avstand som eg er sjeleglad aldri blei gitt ut. 



Eg begynte å skrive på mi første barnebok, eg trur det var i 2009 etter å ha lese ei bok der Pitbull-Terje barberte ein puddel. Det var mange år sidan eg sist las ei barnebok, sikkert nær tjue, og eg vart oppriktig fasciner. Det som fascinerte var den likefram fortellarmåten der mykje er sagt og endå meir usagt, så enkelt men så elegant, og korleis dette skapar eit stort rom for assosiasjonar, også for meg som vaksen. Dermed kan eg kanskje takke Pitbull-Terje for at eg i desse dagar slepp mi andre barnebok, Elise og mysteriet på hesteklinikken. Trur eg. 
Ideen til serien om Elise fekk eg fordi eg er utdanna dyrlege og ville lage ein spenningsserie frå dyrlegepraksis. Eg begynte umiddelbart å skrive ei rekke utkast, det eine verre enn det andre. Så skjønte eg at eg måtte lese masse barnebøker for å skrive barnebok, sette eg til å lese og vart stadig meir fascinert over kor mange gode barnebøker som finst. Bøker for vaksne stikk av med mesteparten av litterær fokus, men blant barnebøkene finst der store skattar. Det er ei gullgruve, om enn ikkje økonomisk.

Prosessen

All den tid eg tenkte seriøst på å bli forfattar, forhøyrde eg meg blant mine dåverande journalistkollegaer om gode barnebokredaktørar. Hausten 2010 sende ei Facebook-melding til den utkåra redaktøren, avtalte ein kaffi og ho likte ideen. Etter dette heldt eg fram med å levere utkast til Samlaget, nokre mindre håplause enn andre, men sleit med å bygge plott og finne ein raud tråd. Det første utkastet handla simpelten om ein flokk kyr som sprang ned ein bakke, samt ein hardt skada hest i ei grøft, og eg hadde brukt rikeleg med sider på skildringa. Eg skjønar den dag i dag ikkje at Elise og mysteriet med dei døde hestane i det heile kom til trykken, eg var trass alt innretta på å skrive beatpoesi, men Samlaget må ha sett eit eller anna brukbart inni tekstkaoset. Til slutt vart eg lut lei og la manuset vekk i eit halvt år. I januar 2012 tok eg opp tråden, og gav meg sjølv to veker. I to veker sat eg i ein sofa med beina på bordet og skreiv. Det var to helvetesveker og mitt nag mot denne boka kjem det nok til å ta nokre år å riste av seg. I periodar etter at boka var trykt måtte eg simpelten ha den utanfor synsvidde. Første gong eg såg den i trykt versjon i august 2012 følte eg ingenting. Tomt. Skulle det ikkje vere gøy å gi ut si første bok i harde permar? Men eg er ikkje unormal. Mange beskriv den same følelsen når dei oppnår det dei har streva etter. Er dette alt?

Ny strategi

Eg kikka på boka og tenkte at dette måtte eg tenke over. Kvifor skrive bøker når eg kan skrive debattartiklar? Av og til er ein så sta at det går over til tortur, men eg hadde lært ein ting: når du skal skrive ein roman med plott, må du ha ein strategi. Det hadde eg ikkje skikkeleg klart føre meg for bok ein. Historia kjem ikkje berre ramlande ned frå himmelen etterkvart som du skriv, slik ein finsk forfattar ein gong proklamerte frå scena på Litteratur på Blå. Kanskje gjorde det det for han, kven veit, og det gjer det for meg på korte storyer, men ikkje på eit heilt plott, tenkte eg. 

Då eg starta på bok to tok eg i bruk ein ny strategi. Eg skissa den opp, kapittel for kapittel med komplette karakteroversikter, kart over terrenget og konfliktlinjene mellom karakterane innteikna i sirkeldiagram. Eg plotta dei også i diagram i forhold til karakterane i forje bok, og sette alt inn i eit system. Så sette eg meg ned og skreiv. Boka vart antatt. Det føltes nesten litt for lett. Skulle det ikkje vere traumatisk å vere forfattar no lenger? Flott! Alle myter om den traumatiske andreboka var slått i bakken, iallfall i arbeidsprosessen.

Læringskurven

Bok to var min test på at eg hadde lært av bok ein. Det var den personlege parademarsjen for meg. No skulle eg vise meg sjølv. Bok ein var min skriveskule, bok to beviset for meg sjølv på at eg hadde lært mykje av prosessen med bok ein. Då bok to kom i posten var eg frå meg av begeistring. Tok den med meg på fjelltur, arrangerte fotosession for boka på toppen av eit fjell og hadde coveret som skjermbilete på telefonen. Elise og mysteriet på hesteklinikken er historia om den forferdeleg mykje enklare andreboka. Mindre smerte, større glede var altså logikken her. Det blir sagt at den er omvendt, men slik var det altså ikkje denne gongen.

Då eg sette meg ned med ideen til bok tre om Elise i mai hadde eg eit ark med pennenotatar som skisserte handlinga sånn omtrent med eit par skurkar, location og andre sentrale knaggar. Den detaljerte kapitteloversikta som fanst på teiknebrettet for bok to, finst ikkje for bok tre. Ei heller kartet. Handlinga har eg i hovudet. No har eg også lese meg opp på krimplott og forsøkt å knekke plotta ned i bitar. Å studere andre sine manus er veldig interessant.

Lesinga

Å lese masse er viktig for å skrive. Eg vel heilt andre bøker som inspirasjon for bok tre enn eg valgte for bok ein og to. For bok ein repeterte eg bøker med heftige natur- og dyreskildringar, blant anna Bakom synger skogene og Gösta Berlings saga. For bok to las eg dei svenske spenningsbøkene for ungdom, Sirkelen og Eld, samt sjølvsagt haugevis av andre bøker. No les eg med fokus på krim fordi det er skruing av plott eg er mest oppteken av. Eg prøver nye og betre fortellargrep, og ønsker å utvikle fortellarstemma som presenterer karakterane, plott og relasjonar mellom karakterane. Bøkene vert difor ulike ettersom eg som forfattar utviklar meg. Elise er brei, ikkje smal, og eg les alt frå Tomas Espedal til Sara Löwestam så lenge det er bøker som kan tilføre meg noko som forfattar og lesar. I Klassekampens bokmagasin hadde dei før ei spalte der dei spurde folk kva bøker dei skamma seg over å ikkje ha lese, men eg kjem ikkje på ei einaste ei. Eg les det eg liker.

Promotering og brandbygging

Når ein legg mykje arbeid i bøker, ønsker ein at folk skal lese, og skal folk lese mine bøker, må dei promoterast. Logikken er i grunn ganske enkel: skal folk lese ei bok, må dei kjenne til at den eksisterer, og ei bok kan presenterast frå mange vinklar. Nokre tenner på at Elise og mysteriet med dei døde hestane er inspirert av Bakom synger skogene, andre på at den handlar om hestar, andre igjen på at det er spenningsplott. Andre les den fordi det er eg som har skriv den. Og kvifor ikkje. Det er i grunn lite som kan forringe kvaliteten på ei trykt bok. Eg sel blant anna mine bøker via Spar-butikkar, sjølvsagt i tillegg til bokhandlar. Folk treng mat, og dei går på matbutikkar. Kva er då betre enn å ha bøkene linja opp i sjokkselgarar framfor kassa? Fotografi av Elise-bøker oppstilt saman med Conan, melk og ein blid butikksjef som sjølvsagt vert tagga, skapar dessutan klikk på Facebook. Klikk gir promo og promo gir lesarar.


Eg er oppteken av kva marknadsgrep som fungerer og interessert i å lage ein story rundt bøkene mine. Nokre ting fungerer ikkje. Då dropper ein dei for framtida. Andre ting fungerer godt. Det gjeld det same for marknadsføring som for skriving: ein må nytte fantasien og lære av sine feil. I juni spelte vi inn deler av Elise-bøkene som film med ekte dyrlegescener, kvite hestar og mørke kjellarar. Vi rigga til, lånte dyrlegekoffertar og fylte medisinflasker med raud saft og henta inn rollefigurar og hestar frå lokalmiljøet, og booka eit ekte kuslepp. Eg inviterte pressa til filmsettet så dei kunne lage reportasjar. Det er trass alt verdas einaste hestebokserie på nynorsk, og vi fekk ei rekke oppslag i både nasjonalt, blant anna på NRKs Norge i dag, halve helgabilaget til Nationen, dobbelside i Klassekampen, samt Vestlandsrevyen og fleire lokalaviser pluss nett. Det var over all forventning, og veldig gøy. Jo Nesbø – this is a challenge! Det er plass til fleire forfattarar sommarstid. Ein må jo berre prøve seg fram. Det verste som skjer erjo at ein lærer at eit grep ikkje fungerer. Då gjentek ein det berre ikkje.

Ein må spele på andre trådar når ein skal gjere boka si kjend, trur eg. Ikkje berre tradisjonelle kanalar. Iallfall så lenge ein ikkje er ein litterær superkjendis som mediene automatisk vil løfte fram. Eg er framleis i lærefasen og antek eg blir der nokre år. Det er å utvikle seg som forfattar som er ein stor del av motivasjonen for å skrive. Men læra om korleis ein når lesarane, er også ei læringskurve som er interessant å delta i. Å skrive ei bok og det å nå lesar heng saman, for meg. Ein skapar eit univers som ein ønsker at andre skal delta i, både i og rundt boka.

Elise og mysteriet på hesteklinikken, Samlaget (2013)
Elise og mystieriet med dei døde hestane, Samlaget (2012)
XXX, Flamme forlag (2010)  

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb