Gå til hovedinnhold

Innlegg

Bjørn i nærleiken

Det er altså komen bjørn hit til fredelege bjørnefrie Gaular. Bjørnespor har dei funne, og no skal dei på jakt . Og så kjem debatten igjen til å gå mellom bjørnens forsvararar, som kan ca like masse om bjørn som eg kan om kinesisk grammatikk, dvs ingenting, og så kjem dei som har peiling på saken, dvs oftast dei som vil jakte bjørnen, til å måtte forsvare seg mot alle dei kunnskapslause dyrevernarane, og så har vi det gåande. Akk ja. Det er ei sann rovdyrsuppe.

Gøy på landet

Går det an å gjere andre ting på bygda enn å drikke seg dritings, køyre bil på livsfarlige smale veier og melke kyr? Eg begynner faktisk litt å tvile. Greit nok, ein kan jage litt bjørn og nyte frisk luft og fin natur, men eg syns det er sabla drøyt at eg feks ikkje har internettilgang. Eg tenkte faktisk seriøst at det hadde vore kult å flytte tilbake til Bygstad, men det har eg vel seriøst begynt å tvile på. Det er kort sagt ikkje tilrettelagt for folk i Sunnfjord med dei krøkkete veiene og det elendige internettet, men det må erfarast det også.

Galskap

Melding hos ABC av Kjegler av Kurt Sweeney. Eg synest dette var ei vanskelig bok å melde. På den eine sida skriv han svært godt, på den andre sida skjønar eg ikkje kvifor eg skal lese boka.. Men kvifor les ein uansett bøker?

Den tørre kontorjournalistikken

Gapet mellom media og folk er stort. Eg trur ein stor del av årsaka er at journalistar flest ser ut til å like seg best på kontor. (Lørdagskommentar i Firda 31.mai 2008 i spalten Arena). I store delar av Oslo-pressa vert ein ganske raskt spikra fast i kontorpulten under strenge budsjettstyringar som hindrar reiser hit og dit. Ein kan ta seg ein runde til Stortinget, eller vase omkring i departementa til auget blir stort og vått, eller springe ut til ein avtale, men stort lenger kjem ein seg ikkje, bortsett ved enkelte høve då du vert send avstad til andre delar av landet eller verda med beskjed om å skunde deg heim igjen med mest mulig stoff. Etter å ha arbeidd under fast arbeidsgivar i Akersgata og anna Oslo-presse, bestemte eg meg for å bli frilans. Eg likar meg best ute blant folk. Det er der ein finn dei gode sakene. Ifjor haust var eg også på reportasjetur, blant anna til Kirkenes. Frå kontoret i Oslo kunne eg finne ut mangt, men det var blant folk i Sør-Varanger eg følte pulsen ...

Makteslaus anonym debatt

Eg lurer på kven dei anonyme, som skriver anonymt på nettet, er. Lite gjennomtenkte argumentasjonsrekker som kven som helst kan spa opp med armen i fatle og bind for augene. Er det dei dummaste av dei dumme som skriv anonymt, eller dei feigaste av dei feige? Eller kven er dei anonyme skribentane? Eg veit at mange anonymt driv å meiner ting om ting som eg har skrive, men eg anar ikkje kva dei meiner kort sagt fordi ein gidd ikkje lese anonymt preik. Ein gong posta eg ein kommentar på ei NRK-sak om nynorsksaken til meg og Jung Tjønn, der det var ca 30 kommentarar frå før, dei fleste anonyme, men eg las ingen av kommentarane. Eg berre la inn ein link der til denne bloggen, så kan dei anonyme kranglefantane krangle vidare med seg sjølv. Tipper mange av dei sit og tenker ting som "Hehe, der fekk eg no sagt ho eit sanningas ord", men sanninga er at eg les ikkje ein pøkk av det anonyme fjaset. Vil ein opp og fram i verda, må ein velge kven ein vil lytte til, og eg lyttar ikkje til r...

Idyll

Når eg sit å skriv, sit påfuglen og ser på, som her. Påfuglidyll med andre ord. Og eg kan skrive kva som helst, påfuglen gir rett og slett katten.