Gå til hovedinnhold

Innlegg

Hva er dette hva

«(...) Jeg har sittet i nesten ti kilometer bakpå et lasteplan fullt av lik. Jeg har sett altfor mange unge gutter dø i ørkenen, noen som om de bare hadde satt seg for å sove, andre etter flere dagers vanvidd. Jeg har sett tre gutter bli tatt på måfå og spist av løver. Jeg så dem bli løftet opp og båret vekk i munnen på dyrene og fortært i det høye gresset, og det nær nok til at jeg kunne høre de dumpe lydene når sener og muskler ryker og rives tvers av. (...)» Dette utdraget frå boka står på omslaget av «Hva er dette hva», samt i handlinga på side 17. Bokmelding hos ABC

Osabua i Eldalsosen, verdas beste burgerar og fruktdrinkar

I Eldalsosen ligg Osabua. Det er på Viksdalen, rett ved der ein startar oppkøyringa til Gaularfjellet. Her likar eg å stoppe og ete. Det er fantastisk burger og fantastiske fruktdrinkar som attpåtil er alkoholfrie;) Her kan ein også sitte ute og nyte sommarveret like ved elva Gaula. SOmmarens anbefaling frå meg

Du veit for lite om bjørn

Les om bjørneprosjektet. Klikk på Brunbjørn i Skandinavia i venstre marg og les. Her er det svært mykje interessant. Feks bjørnens diett: I løpet av eit år består dietten til bjørnen i Norge gjennomsnittleg av 6-17 prosent bær og 65-87 prosent klauvdyr, og da hovudsaklig sau. I Sverige et bjørnen gjennomsnittleg 44-46 prosent bær og 14-30 prosent elg. Ein bjørn i Norge drep i snitt 50 sau i året, og bjørnestammen i Skandinavia er verdas minst aggressive. Her kan mange som snakkar om bjørn og sau, skaffe seg sårt tiltrengt informasjon.

City upon a hill - amerikansk retorikk

Hillary Clintons artikkel " Security and Opportunity for the Twenty-first Century " i Foreign Affairs, leses her . Den er veldig grei lesning, og oppsummerer vel kort USAs unilaterale utanrikspolitiske kurs siste åra: "The tragedy of the last six years is that the Bush administration has squandered the respect, trust, and confidence of even our closest allies and friends." H. Clinton For å forstå Clintons retorikk, må ein kjenne til City upon a hill - tankegangen: As Ronald Reagan emphasized, America is a shining city upon a hill whose beacon light guides freedom-loving people everywhere." Sourcewatch. ".. a city on a hill" so brilliantly successful other nations would line up to mirror it. " http://www.beliefnet.com/ "I would argue with you that it is almost impossible for a political candidate to win major office in this country without making his or her `city on the hill' speech," said Charles Haynes, a First Amendment scholar at...

Nyhetsambisjonane i Firda

er ca lik null. Her har dei tidenes ulykke i Gulen med Vest Tank, og så siterer dei Bergens Tidende heller enn å grave fram sakene sjølv. Firda har monopol i Sogn og Fjordane, saman med NRK, og dei to utgjer tilsaman eit nullnivå når det kjem til gravande nyhetsjournalistikk. Det burde vere eit minimumskrav at avisa greier dekke dei virkelig store nyhetssakene innanfor fylket. Då eg jobba i klassekampen ifjor, tok eg ledelse på Vest Tank-saken framfor både Firda og BT. Og eg sat i Oslo på kontor. Det seier ein heil del. Kvar er ambisjonane blant fjordane? Er dei nøgde med å skrive litt om bjørnen? Bjørnestoffet er svært enkelt og svært tabloid. Det kjem av seg sjølv utan at journalisten treng gjere anna enn å løfte av røyret. Gravesakene skil klinten frå kveiten blant aviser og reportere. Laurdag stadfesta Statens Forureiningstilsyn (SFT) overfor Bergens Tidende at tankane på Vest Tank inneheldt dødeleg gift då dei eksploderte 24. mai i fjor. Det talar for seg.

Bjørn i nærleiken

Det er altså komen bjørn hit til fredelege bjørnefrie Gaular. Bjørnespor har dei funne, og no skal dei på jakt . Og så kjem debatten igjen til å gå mellom bjørnens forsvararar, som kan ca like masse om bjørn som eg kan om kinesisk grammatikk, dvs ingenting, og så kjem dei som har peiling på saken, dvs oftast dei som vil jakte bjørnen, til å måtte forsvare seg mot alle dei kunnskapslause dyrevernarane, og så har vi det gåande. Akk ja. Det er ei sann rovdyrsuppe.