Gå til hovedinnhold

Innlegg

Tromsø dag 3 museum

På min første intervjufrie dag på tur nordover, drog eg avstad for å kjike på museum. Eg kjeik eg innom nordnorsk kunstmuseum. Der fann eg dette biletet ganske fasinerande. Det heiter Live Photo No.7, 2004 Sunday 17:45 2004 og er teke av Crispin Gurholt. Kanskje ikkje eit spesielt koselig motiv, men det minner meg om Diesel-reklamen frå nittitalet, altså klesmerket Diesel. Så steig eg innom Polarmuseet i Tromsø. Fasinerande norsk polarhistorie, livet ombord på skipa og eventyrlysta som dreiv Amundsen og Nansen. Så har vi Perspektivet Museum i Tromsø som viste sitater frå russiske sjømenn. Korleis ser dei på oss? Føler dei seg velkommen her? Og til sist Tromsø kunstforening , gallery of contemporary art. Samtidskunst er fasinerande. Ein av dei tinga eg gledar meg til med å kome tilbake til Oslo, er å gå på kunstopningar. Skjelett av metall, kanskje ikkje det mest inspirerande eg har sett i mitt liv, men det er jo lett å sjå kva det er. Dette første ser ut som ein maurslukar, det an...

Hurtigruta - verdas vakraste pensjonistreise - dag 1

Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord... Søndagen gjekk vi i land i Kirkens, eg for å snakke med lokale folk om ting og tang, og pensjonistane for å ta buss til Nordkapp. Honningsvåg var innhylla i tåke.. Les kommentar Verdas vakraste pensjonistreise. Att ligg Honningsvåg. Eg anar ein slags desperasjon. Er postkortsalg på kaia siste utveg for å overleve? Finst det ei framtid for slike små samfunn langs kysten? Eg lurer på om dei skal bli til kulisser over eit liv som var, kulisser av ein idyll gamle damer frå kontinentet ønskjer å oppleve akkomangert av dyr vin og drinkar på dekk.

Debatt om lokalmediene på P2

http://www.nrk.no/radio/ P2 tirsdag 29.juli kl 08.30 debatt mellom Firda-redaktør Jan Atle Stang og BTs debatttredaktør Hilde Sandvik. Her kjem det heilt klart fram at lokalmediene i fylket har eit problem.. jamfør Stangs svar på kritikken som går kun på "Firda er ikkje sånn", "kjenner meg ikkje att". Kvifor ikkje ta ein debatt og ikkje berre sitte å krampeaktig forsvare seg med påstander om at "Firda er bra nok"-type argument? Dette igjen dokumenterer mitt poeng: ingen debatt, kun bla bla, påstander og ord mot ord. Sogn og Fjordane treng kritisk presse og god debattkultur, ikkje ord mot ord og defansive sjølvforsvar. Offansive lokalmedier, ja takk!

Kos, kor og konfirmasjoner

Journalist Anne Viken har 23. juli en viktig kronikk i BT. Hun tar bladet fra munnen og kritiserer lokalmediene i Sogn og Fjordane for lavt ambisjonsnivå og dårlig journalistikk. Lokalavisene er stappfulle av saker om kos, kor og konfirmasjon. Dette redaksjonelle overfokuset på «trivelige» nyheter i lokalmediene, er skadelig fordi distriktene uteblir som samfunnsdebattant. (...) Pressestøtten Det er svært interessant å se hvordan redaktørene i Sogn Avis (Eli Grotle) og i Firda (Jan Atle Stang) reagerer på kritikken fra Viken. I BT beskylder Grotle Viken for å oppheve seg sjøl til allviter fordi hun våger å sparke mot lokalavisen si, mens Stang mener at Viken ikke vet nok om å jobbe i lokalavis. Ifølge Stang er det visst ikke nok ressurser i Firda til å lage god journalistikk. De to redaktørene bekrefter gjennom sine tilsvar mye av Vikens kritikk, og de viser liten forståelse for lokalpressens samfunnsrolle. Uttalelsene deres bidrar heller ikke til...

Dei sløve lokalmediene - originaltekst i Klassekampen 21.juli 2008

Eg køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og møter ein politikar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt kjekt for ho at ho kan drikke kaffien sin i urørt natur, og operere som ho vil langt unna medias kritiske søkjelys, men på den andre sida hadde det og vore behov for kritisk og avslørande journalistikk også her ute, meiner ho. – Kvar er journalistane, spør ho oppgitt? Men journalistane er her. 16. april stod saka «Syre på munn og hender» på trykk i Firda. Ei anonym mor fortel at sonen fekk batterisyre på hendene då han leika med ein bil kjøpt hos Biltema i Førde. Årsaka til at mora er anonym, er at kvinna sjølv er journalist i Firda. Er dette korrekt måte å bruke anonym kjelde på? 19. april står saka «Sterkt innsamlingspress» på trykk i Firda. Ei anonym kjelde som ikkje sjølv har ungar i Bygstad barnehage seier til avisa at foreldra i barnehagen blir utsett for eit stort press i samband med dugnadsarbeid. Ingen andre kjelder er brukt for...

Tromsø dag 2 medier

Eg liker ikkje anonyme leserbrev, men dei fungerer godt som vitsar. Klippa frå avisa Tromsø

Tromsø dag 2

I mandagens utgåve av fiskaren kan ein lese om vanskapt fisk, og spekulere i årsaka. Nordområdesatsinga har utgangspunkt i naturressursane i området, men ein kan lure på kva som kan bli konsekvensane for fiskeressursane. Seismikkskyting er for eksempel ikkje noko som går heilt stille for seg. .. så ein kan spekulere... Denne sinte dama traff eg langs vegen i Tromsø. Ho har hol inn i skallen der augene er, sånne stikkande djupe, trange, mørke auger... og like bortanfor traff eg ein isbjørn på bar. Den liker best Mack-øl, sa den. .. og eg ser her at Tromsøs varaordførar vel helst hadde sett at ho vart ordførar ved kommunevalget høsten 2007. Plakatane er rimelig standhaftige, det må eg sei, som har halde ut vind og ver i omtrent eit år. I dag har eg avdekka stadig nye perspektiver her i nord. Det er virkelig ei gullgruve av stoff eg vasser i, men eg kan ikkje drive å blåse sakene her i bloggen;)