Gå til hovedinnhold

Innlegg

Hva er dannelse?

Igår slapp eg ikkje inn då Inga Bolstad snakka om dannelse på Litteraturhuset, det var kort sagt smekk fullt der, men eg les heller portrettintervju med professor Bernt Hagtvet i Apollon. Under overskrifta "Aldri hvile", svarar Hagtvet dette på spørsmålet om "Hva er dannelse?" - Med dannelse mener jeg evnen til å kunne fremstille et argument, skrive godt og klart, vite hva du sier og hvilke tradisjoner du knytter deg til, ha bred kunnskap om blant annet etiske, estetiske, samfunnsvitenskaplige, naturvitenskaplige og historiske emner. Og ikke minst kritisk sans, vite om svakhetene i egne resonnementer og ha evne til å sette deg inn i hva din motstander står for. Dette er mine dannelseselementer, sier Hagtvet til journalisten. - Dette er høye idealer, sier journalisten. - Er det noen vits i å leve hvis du ikke har høye idealer? svarer Hagtvet. Videre sier han: - Universitetet bør utfordre studentene på flest mulig menneskelige områder. De er ikke her bare for å lær...

Eventyr om menn frå fjordfylket

Det var ein sein kveld i oktober at Arve Helle, Georg Arnestad, Jan Atle Stang og Nils R Sandal drog på elefantjakt på Kviteneset i Bygstad. Helle hadde vore på Blåfjellet og var i storslag. Stangen hadde med fiskestang og det som verre var, Arnestad hadde med seg ein årgang Sogn Avis innbunde med skinn, og Sandal bar på ein stor pappkasse med countryplater frå femtitalet. - Side fire, år 1978, avsnitt fem. Overskrift: "Hest løpsk i rundkøyring, mann sprungen ned, kvinne sparka bak". Første sitat var frå fylkesordførar Nils R. Sandal som på den tida var 28 år. Han sa: "Vi må bevilge meir pengar til å sette opp sikre hestegjerder i Sogndalsdalen". Kven kom med andre sitat? spurde Arnestad, men ingen kom på det i farta. - Det var Arnestad, sa Arnestad. - Og kva sa så denne Arnestad, spurde Arnestad. - Han sa sikkert at det var for få kvinnfolk i det offentlege rom. Difor passa det godt med ei merr i rundkøyringa, sa Stangen. - Stang ut, det var pina deg feil. Arnestad...

Damer i Sogn og Fjordane

Eg fann på Sognebloggen denne artige kommentaren om damer i Sogn og Fjordane, skriven av Georg Arnestad. Eg gleder meg nesten til eg blir seksti år, like gamal som Arnestad, og har eit større overblikk. Av og til, når du er under tretti - kanskje det kjem seg når ein blir over tretti - føles det som om ein såvidt når opp over bordkanten kva oversikt over verden/ maten på bordet, angår. Eg føler av og til utstrekt frustrasjon over at eg ikkje forstår meir enn eg forstår, men eg gjer da mitt beste for å skjønne mest mulig. Og eg føler at det kjem seg, men på same tid. Eg har så mange ting eg vil ha sagt, men som eg ikkje klarer å sei fordi eg ikkje kan nok eller ikkje har nok tid til å sette meg inn i det godt nok, eller fordi eit eller anna. Men det kjem seg. I mellomtida får ein satse på å bli klokare, dag for dag. Eg gjer mitt beste, eller kanskje ikkje alltid, men det kjem seg uansett. Og så synest eg det er bra at Georg Arnestad kaller meg talentfull, men han rangerer iallefall to ...

Ut av Blindern-bobla, om rektorvalget ved UiO

Skal Universitetet i Oslo bli ein viktig samfunnsinstitusjon, må rektor heve stemma. ( Denne kommentaren står på trykk i Dag og Tid denne veka). Rektorvalkampen skadar Universitetet i Oslo (UiO) sitt omdøme, skreiv studentavisa Universitas sist veke. Dette viser ei undersøking som kosta 450 000 kroner og var utført av verdas største kommunikasjonsbyrå, Burston-Marstellers, på oppdrag frå universitetet sjølv. Burston-Marstellers hjelper oppdragsgivarar å få gjennomslag, står det på nettsida deira, gode råd har lov å vere dyre, og når den svertande rektorvalgkampen i disse tider atter ein gong skal rulle over Blindern, er det viktig å vakte sine steg. * Midten av denne kommentaren er klipt bort og ligg ikkje her på bloggen. Dette er kun ein reklamesnutt. Heile kommentaren kan lesast i avisa. * Hev stemma Runde ord og vendingar er fint å høyre på, men er ikkje godt materiale for konstruktiv debatt og gjenreising av UiO som ein viktig samfunnsinstitusjon. UiO har rundt 30 000 studentar ...

Trikken - eg elskar deg

Eg elskar å reise med trikk, men trikken elskar ikkje alltid meg. Av og til er trikken veldig sein, og eg rekk ikkje t-banen, og av og til er det straumbrot og snø, og eg ryk uklar med trikken kavande i snø og mørke på veg i ein eller anna retning der trikken ikkje har samarbeidstilbod for øyeblikket. Men idag venta trikken på meg. Den køyrde litt framover frå stoppet på Birkelunden, så stansa den og opna døra så eg kunne gå på. Takk, gentleman, sa eg til trikkeføraren. Dette var sjelden vare frå ein trikk. Vanlegvis køyrer dei berre avstad. Når du sit på t-banen eller trikken, er du under huda på Oslo. Det er då du virkelig i byen, i blodet, føler deg urban. Eg er ein svoren trikk og t-baneelskar, og hadde det ikkje vore for at ein av og til har litt dårleg tid, kunne dei gjerne vore forsinka heile tida for min del. Eg hatar stress og mas. Vår tid er smekk full av begge deler, og av og til vurderer eg å ta ei tidsmaskin. Då tek eg gjerne trikken. Trikken er full av folk og lukter og l...

Det står ein varulv uti gangen, mor lille hau hau!

I say: ja I say: ein varulv I say: utanfor døra I say: !!! I say: han kjem for å slipe tennene sine på trusene mine! I say: ka skal ein gjere! arve says: gud hjelpe...... I say: er han ein truseslipande truseslusar eller ein truseetande trusesnusar I say: spør du, spør eg! I say: spør vi alle ihop I say: nei ditta gårkje lenger I say: I say: cut the crap I say: HERRE! ver meg nådig. her i trusesliperhimmelen I say: øks. neeeei ikkje øksa I say: haha I say: ØØØØKS I say: hohoho!!!