Gå til hovedinnhold

Innlegg

Gamle sauerasar er like mykje opera og merkevarebygging som ull og kjøt.

Trendbøndene Anne Viken (tekst og foto) (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid). Samstundes som sauetalet i Noreg rasar nedover i lite berekraftig tempo, aukar antalet sauer av gamle norske sauerasar. Kjøt frå gamle norske rasar produsert på lokale ressursar blir til nisjeprodukt for kresne kokkar og den kresne gane, og hamnar på tallerkenen ved trendy kulturscener. Vi ser ein ny type bønder som satsar på sau og er meir opptekne av merkevarebygging enn av silofor. Eg likar å kalle dei trendbønder. Eventuelt er det marknaden i ferd med å dele seg i to retningar: Ein som går mot større bruk med meir intensiv drift, og ein som går mot lokal mat og småskala landbruk med tungt fokus på merkevarebygging. Per 1.januar 2008 var det 1 025 144 sauer i Noreg. På topp tronar Rogaland med 204 862. På andre og tredjeplass ligg Oppland og Hordaland med rett over 100 000 kvar. Sauehald nyttar Noregs store utmarksressursar og held landskapet ope, men slit samstundes med store problem i m...

Skal gris som ligg på betong framstillast som utegåande og glad?

Tirsdag 21.april kl 17 og utover er det duka for folkemøte med mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk på Verftet i Bergen under overskrifta "Har norsk matproduksjon noko å tilby?" Fram mot dette møtet kjem eg til å publisere ein artikkelserie som før har vore publisert i avisa Dag og Tid om norsk matproduksjon, her på bloggen, samt skrive litt om kva eg tenker, røffe tanker, om matproduksjon. Eg er utdanna i veterinærmedisin og det er fagkunnskap og praktisk erfaring, ikkje tilfeldig synsing, eg bygger min argumentasjon på. Merkevarebløff? Først kan eg starte med å spørre: er det sant når ein framstiller norsk landbruk som idyll: utegåande griser som veltar seg i søla, høner på tunet? Er dette ønsketenkning eller forbrukarbedrag? Sjå på denne barneboka "Barnas husdyrbok" som eg kom over igår. Den er eit glimrande eksempel på eit av paradoksa i norsk matproduksjon: bileta viser gris som bader i gjørme medan sanninga om norsk gris er betonggolv, bogsår og industri...

Har norsk matproduksjon livets rett?

Tirsdag 21.april i Bergen, kl 18: folkemøte på Verftet i Bergen med professor Viktor Normann, blogger og journalist Anne Viken, Simen Staalnacke fra Moods of Norway, Bjarte Finne, kokk, og Sjur Holsen, journalist Har norsk matproduksjon livets rett? Møt opp.

Hest for gud eller ryttar

Eit glansbilete må også kunne ta store steg, halde god fart og kunne vinne eit NM. Det skapar utfordringar. Anne Viken, tekst og foto (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid ). Sist på 1800-talet vart uttrykket «hovud som ein brisling, hals som eit rokkehjul, kropp som ei nepe og føter som stålfjører» brukt som eit bilete av ein typisk fjordhest. Sitat avlsplanen for fjordhest. Det smell i boksdører. Vi er på Hingsten Perakrossen (4) slår i veggen, skrapar og går med full kraft ut gjennom boksdøra, og eg må ærleg innrømme at eg verken ser rokkar eller neper. Eg ser ein blakk muskelbunt utan stålfjører som smell med frambeina og vifter med utstyret. I boksen ved sida av slår Merinas Emil (3) minst like hardt i veggen. From Dag og Tid reportasjebilder -- Den stod spiss i vår, og ei av årsakene til at Noreg ligg i tet i fjordhestavlen, er at vi har tradisjon for å bruke treårshingstar. Det gir kortare generasjonsintervall, og raskare avlsframgang, seier ...

Påskekrim: den gale legen

Utdrag av "påskekrim" som kjem post påske ein gong: Det var sånn jeg ble kjent med han. Han skulle sy en finger. Jeg hadde krasjet på sykkel og landet på en skarp stein, og det var ikke til å ta feil av. Det var et stort kutt på flere centimeter, men han så det ikke. Ser du det ikke, spurte jeg. Ser hva, sa han. Kuttet, sa jeg. Det er her, sa jeg og trykket fingeren nærmere ansiktet hans, men han så det ikke og han så ingen grunn til å sy i en finger som var hel. Han sa til og med at jeg kunne sy det selv, jeg som så det, og jeg måtte dra hjem med uforettet sak. Etter dette begynte jeg å skjønne at noe var galt, men jeg var ikke sikker på hva. No One's Gona Love You -- nydelig låt, og med denne avrundes årets påskeferie.

The devil does not wear Prada

På flyplassen i Hyderabad kjøpte eg ein dunge superbillige DVD-ar, blant anna Sex and the City - the Movie. Og den har eg sett i kveld. Eg får berre lyst til å springe ut i byen og shoppe vilt og ukontroller, kaste alle kleda mine og springe avstad på eit treningssenter jo før jo heller for å ta av ti kilo, eller femten. Litt usikker på om det ville blitt pent?? Men det må nok til! Men istaden sit ein på kafe på asfaltløkka og drikke kaffe og stapper i seg is i den steikande sola til ein blir svidd og rød, trekker rundt på tunge sekkar og må drive å slite og jobbe og skrive. Kvar er fashion week? Kvar er fashion weeeeeek, og no snakkar eg ikkje om fashion week i Oslo, Oslo er ein liten søledam, eg snakker fashion week i New York. No må det bli slutt på å kjøpe den aller aller største isen som går an å få tak i, som er typisk meg, eller drikke så mange kopper kaffe som ein overhodet kan klare å få ned, som også er typisk meg, gjerne med sukkerbiter i, eller feste natta lang til neste d...

Bøffel i Secunderabad

Ein indisk melkeprodusent har i snitt to kyr eller bøfflar. Desse bøfflane beiter i ein park i Secunderabad, Andhra Pradesh. India er verdas største melkeprodusent.