Gå til hovedinnhold

Innlegg

Den livsfarlige legevakta prøver å drepe meg, igjen

Her om dagen blei eg ganske dårlig og drog avstad til legevakta. Av hensyn til lesarane av denne skjøre bloggen, skal eg ikkje legge ut om kva som var årsaka til at eg vart så innihælvete dårlig, men lat oss sei at eg åt noko eg ikkje tålte. Vi sjekka inn, meldte oss og forklarte problemet. Det gjekk ca fem timar og eg slapp ikkje inn. Til slutt drog eg heim igjen og eg har fortsatt blåmerker og vondt i låret etter å ha sove på benken på legevakta i fem timar. FEM TIMAR! Eg har opplevd dette før også. At ein må vente fire fem timar på legevakta, og til og med blir beden om å gå heim og kome att neste dag. Eksempelvis med fryktelig øreverk. Kva slags helsetilbud er det vi har her i Oslo? Rett og slett elendig. Vi kjenner vel alle ein eller anna som har dødd etter å ha blitt avvist på legevakta. Bør det ikkje ringe eit par bjeller for dei som liksom passar på helsa vår? Dersom eg no hadde strøke med mens eg sov på benken på legevakta, hadde det vore ganske absurd. Det gjorde eg heldigvis...

I am fiction

Skriveknep, setting, hendelse, eksposisjon. Kor lang eksposisjon kan ein ha i manus før lesaren dett av? Når må hendelse starte? Kva slags setting skal ein mekke? Skal ein legge seg på fiksjon på kanten til fantasy, eller tett tett opp mot virkeligheten? Skal ein vere generell, eller spesiell, gå frå det generelle til det spesielle, eller frå det spesielle til det generelle, eller vekselvirke, og kor lenge kan ein gjer det? Kor detaljert kan ein beskrive, og skal ein nytte adjektiv? Eventuelt adverb, og i kva mengde? Dramaturgi er ein krevande disiplin. Og mens eg tenkte, fann eg denne bloggen, glabladet.no , som er ein slags sjølvhjelpsblogg. Her kan du blant anna lære korleis du kan vere kul. Altså korleis du kan fikse ditt eget set up, intro til folk rundt deg og alt det der. Funny. Sjølvhjelpslitteratur er i vinden, og noko ein visst kan bli litt rik på, som The Secret. Kanskje finst der sjølvhjelpskurs i korleis skrive fiksjon? Ja, utvilsomt. Blant anna skriveboka til Merete Morke...

Den grønne revolusjonen førte høytytende husdyrraser til India. Det gikk ikke helt etter planen.

I ANDHRA PRADESH, INDIA: Anne Viken (tekst og foto) MEDAK DISTRICT: På en åpen gårdsplass i landsbyen Peddagotti Mukkala sitter en samling eldre kvinner. I sauehuset, bak eit gjerde av stokker og pinner, står ein flokk snauklipte sauer av rasen Deccani med hakkete ull og hårløse flekker. De ser skamklipte ut etter norske forhold, men her klippes det med jernsaks og all sammenligning med Norge bør en slutte med fortest mulig. Dette er India. En kan ikke komme med «vestlige metoder» og tro at det funker på Deccan-platået der tørke tar over etter regntid, og varm dag erstattes av kald natt. Likevel er det det som skjer, og det skjer i regi av India selv. Sauen spiser for mye Vi sitter på et møte i landsbyen Narsarpur, en times hasardiøs kjøring nord for Hyderabad og og drikker indisk te med geitemelk. En eldre gjeteren snakker høyt på det lokale språket Telegu og gestikulerer sterk misnøye. Han frykter de nye rasene. -- Red Nellore-sauer drikker dobbelt så mye som Deccani-saue...

Shocked into abstraction - virkelighetsflukt med gaffatape

Shocked into abstraction av Matias Faldbakken på Nasjonalmuseet. Eg såg utstillinga idag. Der var gaffatape på veggen, og ulike andre typar tape på veggen, og var ganske kult i grunn sjølv om eg tenker at det er ganske lett å tape litt gaffa på veggen og kalle det kunst. Frekt, rett og slett. Og heilt greit. Så eg tok med meg ein Faldbakken-plakat heim og hengte den opp, oppned, og der heng den godt. Deretter drog eg for å kjike på India Highway på Astrup Fearnley. Anbefales. Sterke bilder og mange figurar, blant anna ein oppned hest med firkanta hjørner som var malt rød. Det var også ein sterk videoinnstallasjon om vold mot kvinner i India, samt ein oppned by bygd av små metallboksar som skulle forestille slum. Sjå bildeserie her. Eg er ingen kunstkjennar, men å vandre rundt og kjike på kunst, former og uttrykk, i store, stille lokaler gir mange abstraksjonar og inntrykk. Det er litt som å vere på ferie frå verda utanfor. Det gir mange inntrykk og assosiasjonar som ein ikkje klarer ...

Eg gliser fra øre til øre heile helga lang

sol og kontrakt og kva meir kunne eg egentlig ha ønska meg i dette nu. Sove halve dagen, stå opp og ja, no er det like før eg skal sette meg ned å skrive fiksjon på fulltid. Ikkje denne helga, tenkte eg, denne helga skal eg sove lenge og drikke vin, dra på eit par fester og ellers slappe av etter ei av tidenes hardaste hardkjør av ein jobbmaraton her i mai. Men ingenting kjem av seg sjølv, og no er vi igang. Det er berre å glede seg. Der er ingen forskjell på homser og dyr, sa faren min og henta balltre. I flokk og følge traska de mot sætra. Det var bratt. Det var varmt. Det var siste søndag i juli.

Kva slags menneske er det som sparker ein hund til døde?

Eg lurer på kva slags menneske det er som presterer å sparke ihjel ein hund på tur i parken . Eg har sett mangt og mykje av stygg behandling av dyr i mitt liv, men dette er jo beint fram hjerterått. Kva i alle dager er det som får ein person til å sparke ihjel ein hund? Kva i alle dagar er det som får eit menneske i det heile tatt til å sparke til ein hund. Menneske har ein tendens til å behandle dyr stygt. Folk slår kyr fordi kyr ikkje går like fort som folk vil at kyr skal gå, folk sparker ihjel hunder i parken osv. Det sjokkerer meg gong på gong korleis folk som påberopar seg å ha peiling og lang tids erfaring med husdyr, nyttar vold for å få kontroll over dyret, få dyret til å adlyde eller beint fram fordi dei sjølv blir irriterte. Eit dyr har sitt fulle hyre med å forstå kva i alle dagar det er som er forventa av dei, og kva som skjer, om dei ikkje i tillegg skal bli offer for tilfeldige luner og folk som har sove for lite eller som må rekke ein kamp på tv. Ta eit eksempel. Ein he...

..og ut av puddersnøen stig det nye Norge

Datoen er 17. februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå dei hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Fagre lovnader om kva fjordfylket kan tilby oss, svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. «Framtidsfylket» har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entreprenørar i fråflyttingsfylket nummer ein på Vestlandet. Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet. I introduksjonen til «Hvordan lykkes med omdømmebygging i norske kommuner?» av Børre Berglund, som kan lastast ned frå departementet si heimeside, står det at omdømearbeid er eit identitetsprosjekt der kommunane må finne seg sjølv....