Gå til hovedinnhold

Innlegg

Om å teste romanutdrag i sosiale medier

Tja, kvifor ikkje, tenkte eg og posta utdrag frå manus på Origo.no sitt forum "Oppgaven". Linken vart spreidd via Twitter, Facebook og Fjordaglimt. Link også her. Det er viktig med innspel på eit manus. Litt risikabelt sjølvsagt, men i sosiale medier når ein ut til testlesarar ein aldri hadde tatt tak i ellers, eg nyttar iallefall ikkje totalt ukjente mennesker som testlesarar på manusutdrag til vanlig. Og testutdraget/ innlegget er no lese av straks 1000. Ikkje så verst. Det er fire-fem gonger meir enn antal bøker ein gjennomsnittleg debutant i Norge sel. Sosiale medier er slettes ikkje så dumt, er det vel? Ingen manus blir til i vakuum. Iallefall ikkje mitt. Dette skal ikkje bli nok eit " kikke ut vindu og hente inspirasjon frå nærmaste betongvegg "-manus. Dette er real shit. Klipp frå Twitter: Oppgaven Forfatter poster uredigert kapittel i #Oppgaven på @ Origo_no . Les @ anneviken s voldelige bonde-beat-saga. http://bit.ly/6OZDoy

Oslo er ganske fint i grunn

Fleire bilder kan du sjå her. Alle foto: A.Viken

Naturvitarar, Vassnes og media

Media lir av omfattande mangel på kunnskapar i naturvitskap. Bjørn Vassnes gjer ikkje saka betre. Vassnes er vitenskapsskribent, men når Vassnes tek på seg å vere våpendragar for dei stakkars naturvitarar, begynner det å skurre. Desto meir skurrar det når Vassnes går i krigen tungt væpna med såre tær i tillegg til ei rekke rekke ubekrefta hypoteser. «Naturvitenskapen utdefineres av kultureliten», hevdar han i Klassekampen 18.november. Han meiner at naturvitenskapen blir utdefinert av kultureliten, kven det enn måtte vere. Eg, som naturvitar, har mange gonger lurt på kven Vassnes snakkar på vegne av. Dreg han i kampen på vegne av meg mot den Vassnes-definerte kultureliten? Ein får følelsen av at han mest av alt snakkar på vegne av seg sjølv: om korleis han føler seg utanfor og korleis han ikkje får den statusen han gjerne vil ha. Årsakene kan blant anna vere at han ofte frontar ei høgst personlig oppfatning, men som vitenskapsjournalist bør Vassnes vite at ein ikkje kan konkludere frå ...

Vi er en Bunadsstat, vi med!

"Hva var poenget med å opprette Bunadsstaten? Det ble gjort av frykt, ble det ikke? Av frykt for å miste kontrollen, eller i frykt for å møte meg, Virkeligheten, men jeg er her og jeg har ikke tenkt å forlate dere." Forsamlingen ble stille. Ikke siden i prebygdsk tid hadde en lignende stillhet senket seg over en forsamling vest for Sogn. Ordføreren forsøkte seg igjen: «Det høres ut som om Bygda må vurdere sin eksistens!» sa han omsider.

Ebba Haslund, Herbjørg Wassmo og Vigdis Hjorth: sterkt om kvinner, skjebnen og livet

I mangel av sverd heiter den tredje Ebba Haslund -boka i Haslund-Gigant frå Aschehoug . Den hadde ein treig start med ein traust gammal gubbe med solstikk som låg å ulte i søvne ved ein bassengkant før han fekk fire veker fri frå jobben og plasserte seg sjølv i tre vekers frivillig eksil på hytta slik menn som er lei av kjerringa og ser tilbake på den egentlige store kjærligheten ein gong for lenge sidan, ofte gjer. For det er mange som blir snytt for den store kjærligheten i Haslunds bøker. Som Anniken i " I mangel av sverd" , kanskje også som hovedpersonen Espen Hoelfeldt. Og det er livet og døden, og alle slags skjebnar som blir innfiltra i kvarandre i Haslund sine bøker, igjen og igjen. Det minnar om Vigdis Hjorth . (Les mitt Fett -portrett med Hjorth her ). Men medan eg vil påstå Hjorths bøker, som i Hjulskift , Om bare og Tredjeperson entall , mest av alt handlar om enkeltkvinner med alle karakterar (familie, venner) svevande rundt desse kvinnene, handlar Haslunds bøk...